Study in Norway in English
Have you considered studying in Norway but you’re afraid that Norwegians don’t understand English? Two international students tell you why you don't have to worry.
Sosialantropologi er studiet om sosialt og kulturelt mangfald i verda. Du lærer om korleis vi kan forstå politikk, religion, makt, økonomi, slektskap, identitet, konflikt, kommunikasjon og våre fysiske omgjevnadar, og om samanhengen mellom desse i eit heilskapleg perspektiv.
Ein student med årsstudiet i sosialantropologi
Sosialantropologi ved UiB passar for deg som er engasjert, open og samfunnsinteressert, som ynskjer å utforske verda og er nysgjerrig på menneske. Det er eit føremon om du likar å reflektere over problemstillingar der du ikkje kan sette to strekar under svaret.
Årsstudiet i sosialantropologi er eit studium på fulltid. Du vil ha forelesingar, arbeidsgrupper og oppgåveskriving. Du vil óg få god tid til sjølvstudium, som lesing og kollokviegrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk.
Sosialantropologi er kjent for å ha eit inkluderande og engasjert studentmiljø, med aktive studentorganisasjonar som Fagutvalet Etnografen, tidsskriftet Kula Kula og Antrohalvtimen. Du kan vere med i antropologisk podkast, arrangere debattar og andre faglege og sosiale treff.
Instituttet held til i SV-bygget Lauritz Meltzers hus på Nygårdshøyden i Bergen sentrum.
Arbeidslivet set høge krav til fleksibilitet, sjølvstendig tenking og evne til å sjå andre sine perspektiv. Antropologistudiet gjev deg denne kompetansen.
Nokon får jobb på grunnlag av den generelle samfunnsvitskaplege kompetansen, inkludert kvalitativ metode, ein får gjennom studiet. Andre får jobb på grunnlag av spesialiserte region- eller temakunnskapar.
Antropologar jobbar med alt frå
You need to document Norwegian Higher Education Entrance Qualification. This is a requirement for all studies, other requirements are additional.
Teaching language: Norwegian
Årsstudiet i sosialantropologi går over to semester og startar i august.
Du vel årsstudium med innføringsemne eller spesialiseringsemne ut i frå kva bakgrunn du har.
Årsstudium med innføringsemne
Passer for deg som ikkje har studert før, svarer til det første året i bachelorstudiet i sosialantropologi.
På årsstudiet kan du studere eit fagfelt i eitt år (60 studiepoeng). Det passer for deg som vil bygge på tidlegare utdanning, eller om du vil studere i berre eitt år. Årsstudiet med spesialiseringsemne i sosialantropologi gjev undervisningskompetanse i ungdomskulen og vidaregåande skule i samfunnsfaga.
1. semester
SANT100 – Invitasjon til sosialantropologi (10 studiepoeng)
SANT150 – Akademisk skriving, teori og metode: antropologiske tilnærmingar (10 studiepoeng)
Examen philosophicum - seminarmodell eller skuleeksamen (10 studiepoeng)
2. semester
SANT102 – Sosialt liv i globalt perspektiv (15 studiepoeng)
SANT103 – Materialitet: miljø, stad og økonomi (15 studiepoeng)
Årsstudium med spesialiseringsemne
Passer for deg som har studert før, og vil komplettere tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse.
1. semester
SANT104 – Kultur, meining og kommunikasjon (15 studiepoeng)
SANT105 – Politikk, makt og motstand (15 studiepoeng)
2. semester
SANT102 – Sosialt liv i globalt perspektiv (15 studiepoeng)
SANT103 – Materialitet: miljø, stad og økonomi (15 studiepoeng)
Det er ikkje moglegheit til utveksling på årsstudium.
Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men det kan inngå som del av ein bachelor i sosialantropologi. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir. Etter at du har fullført bachelorgraden, kan du bygge på med ein master i sosialantropologi.
A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.