Sosiologi (årsstudium)

I sosiologistudiet lærer du å analysere korleis menneske blir forma av samfunnet dei lever i, og korleis menneska skaper samfunnet gjennom daglege praksisar og handlingar.

What will you learn?

På sosiologistudiet lærer du å sjå samfunnsforholda frå forskjellige synsvinklar og å drøfte ulike perspektiv. Ein slik kompetanse er viktig i mange bedrifter på ei rekke samfunnsområde.  

Vi drøftar spørsmål som:

  • Korleis kan vi analysere korleis samfunnsforholda har blitt til og korleis dei blir endra?
  • Korleis kan samfunnsforholda skape sjansar og sette grenser for einskilde menneske enkeltmenneske og gruppene dei høyrer til?  
  • Kolonisering og imperialisme
  • Klasseprosessar og endringar i kvinnene si stilling i samfunnet  
  • Historiske former for industrialisering og kapitalisme  

Studiet passar for deg som er interessert i korleis samfunnet er organisert og endrar seg. Som sosiologistudent vil du få innsikt i levemåtane og levekåra til ulike samfunnsgrupper, og i ulike måtar å løyse samfunnsproblem på.

Student life

Studiet passar godt for deg som liker å arbeide sjølvstendig og legge opp studieveka på eiga hand. Undervisning og litteratur vil vere på norsk og engelsk, og du vil ha om lag 8-10 undervisningstimar i veka.  

Som student ved SV-fakultetet kan du lese på biblioteket eller bruke lesesalane på Ulrike Pihls hus.  Sosiologisk institutt og Fagutvalet legg godt til rette for at studentane skal føle seg inkludert i studiekvardagen. Fagutvalet arrangerer fleire sosiale aktivitetar som quizkveld, eksamensfrukost på instituttet og eksamensfestar.

Career

Teori og metodar du lærer gjennom studiet kan du bruke i mange forskjellige jobbar i arbeidslivet, for eksempel innanfor administrativt arbeid, politikk, ideelle organisasjonar eller kommunikasjon.

Årsstudiet med spesialiseringsemne i sosiologi gir deg kompetanse til å undervise i ungdomskolen og vidaregåande skole i samfunnsfaga.

Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgjevande studium, men du kan bruke det som del av bachelorgraden i sosiologi. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir. Etter du har fullført bachelorgraden, kan du bygge på med ein mastergrad i sosiologi.

Admission requirements and how to apply
Previous quota limits:
Ordinary quota: 50.0
Primary quota: 45.0

Documentation and language proficiency requirements for admission may vary, and information given in this page is not comprehensive. Please see Samordna opptak for information on which requirements applies to your academic background.

Admission requirement: GENS

Submission deadline: 15. April
Teaching language

Teaching language: Norwegian

Study structure

Årsstudium i sosiologi går over to semester og startar i august. Årsstudiet lar deg studere eit fagfelt i eitt år (60 studiepoeng). Det passar som eit tillegg til tidlegare utdanning, eller om du vil studere i berre eitt år.   

Du vel årsstudium med innføringsemne eller spesialiseringsemne ut frå kva for bakgrunn du har.  

Årsstudium med innføringsemne

Passar for deg som ikkje har studert før.   

1. semester

EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum – seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum – skuleeksamen (10 studiepoeng)

SOS100A Invitasjon til sosiologi med fordjupingstema (20 studiepoeng)

2. semester

MET103 Kvalitative samfunnsvitenskaplege metoder (10 studiepoeng) 

MET104 kvantitativ samfunnsvitenskaplege metoder (10 studiepoeng)

Valemne i sosiologi (10 studiepoeng)   

Årsstudium med spesialiseringsemne

Passer for deg som har studert før og vil komplettere tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse.

1. semester

SOS103 Samfunnsstrukturer i endring (15 studiepoeng)

SOS113 Velferd og ulikhet (15 studiepoeng)

2. semester

SOS121 Klassiske sosiologiske teoriar (10 studiepoeng)

MET103 Kvalitative metoder (10 studiepoeng) 

MET104 kvantitativ metoder (10 studiepoeng)

Du finn detaljert timeplan og litteraturliste på emnesidene.

Sjå oversikt over alle emne

Study abroad

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.

See recommended exchange agreements

Further studies

Etter årsstudiet kan du ta bachelorgraden i sosiologi, slik at du kan fortsette studiane og søke på masterprogrammet i sosiologi. Da kan du rette masteroppgåva inn mot det yrkesområdet du vil jobbe med. 

Questions about the study?

Phone number: +47 55 58 98 50
E-mail: studieveileder@sos.uib.no
Study plan

A study plan is a formal document between you as a student and the University of Bergen. The study plan must provide a clear framework for the study, describe the learning goals you will achieve and how the study is structured.

Study plan for One-year Programme in Sociology