Kva gjer du i studia?
Målingar, modellar og dataanalyse
I studia ved Geofysisk institutt arbeider du med vêr-, hav-, klima- og energirelaterte problemstillingar gjennom ein kombinasjon av feltmålingar, datainnsamling og numerisk modellering. Du lærer å bruke programmering, matematikk og fysikk for å analysere store datamengder og forstå samanhengar i natur- og energisystem, til dømes innan atmosfære, hav og energiproduksjon.
Ein studiekvardag med variert arbeidsform
Studiekvardagen vekslar mellom førelesingar, øvingar, prosjektarbeid og sjølvstendig analyse. Nokre dagar er du ute og samlar inn data, andre jobbar du med modellar og simuleringar av vêr, klima eller energisystem. Du møter både studentar som likar feltarbeid, og studentar som trivst best med kode, teori og analyse.
Praksis og feltarbeid
Frå naturen til energibruk
Feltarbeid er ein viktig del av utdanninga, særleg innan meteorologi, oseanografi og klima, men også relevant for energi. Studentane deltek i feltaktivitetar der dei samlar inn data frå atmosfære og hav, som igjen kan brukast til å forstå til dømes vind, bølgjer og straumar av betydning for energiproduksjon. I enkelte studieprogram inngår også praksis hos eksterne verksemder innan energi, miljø eller forvalting.
Fagmiljøet du blir ein del av
Forsking på vêr, hav, klima og energi
Ved Geofysisk institutt møter du eit samla fagmiljø som arbeider med vêr, hav, klima og energi i samanheng. Forskinga spenner frå grunnleggjande forståing av naturprosessar til modellering og analyse med relevans for energisystem og samfunnsplanlegging. For deg som student betyr dette undervisning som er tett kopla til aktiv forsking og aktuelle problemstillingar.
Kva kan du jobbe med?
Ei utdanning frå Geofysisk institutt gir kompetanse som er etterspurd i mange delar av arbeidsmarknaden. Mange jobbar med vêrvarsling, klima- og miljøanalyse, energiplanlegging, konsulentverksemd eller forsking. Felles for desse jobbane er bruk av data, modellar og naturvitskaplege metodar for å ta kunnskapsbaserte avgjerder om vêr, klima og energi.