Amy van den Hooven
Stilling
Stipendiat, Designer og forsker
Tilhørighet
Forskning
Amy er ein tverrfagleg designar. Ho freistar å ta i bruk ei samarbeidsorientert designtilnærming i møte med samansette problemstillingar tilknytt helse og velvære. Amy har bakgrunn frå miljødesign ved University of British Columbia i Vancouver, Canada. Etter dette fullførte ho ein mastergrad i design ved Fakultet for kunst, musikk og design ved UiB.
I 2020 starta ho Open Pain Lab, som har som føremål å designe metodar og objekt som kan bidra til å opne for dialog om smerte. Om Amy samarbeider for å designe noko abstrakt, som eit tilbod eller eit system, eller noko handfast som eit rom eller eit objekt, så er hennar hovudmål som designar å skape ein diskurs som kan lede til positiv endring.
For tida jobbar Amy på det tverrfaglege innovasjonsprosjektet Communicating Cognitive Decline: Language Games and Tactile Objects (CCD), finansiert av UiB idé. Ho er også med i forskargruppa til prosjektet Neuro-SysMed: Philosophy of Neurodegeneration.