Annika Svendal Os
Stilling
Stipendiat, Antikkens verknadshistorie
Tilhørighet
Forskergrupper
Forskning
Eg forskar på korleis antikkens historie har vorte undervist i Noreg dei siste 200 åra, ut frå eit resepsjonsteoretisk rammeverk. Kvifor skal vi, så langt i nord, lære om antikken? Kva funksjon fyller det? I det siste har dette teke form av ei undersøking av korleis antikken er presentert i Anton Ræder si lærebok i verdshistorie, som vart utgjeven mellom 1894-1969, og korleis perioden var nytta til å drive dydsundervisning i skulen, gjennom å syne elevane kva som var "god" og "dårleg" oppførsel.
Tidlegare har eg arbeidd med antikk turisme, dens form, trendar og deltakarar, særleg i form av den romerske turistverksemda på den greske halvøya Peloponnes.