Bruna De Marchi

Stilling

Gjesteforsker

Tilhørighet

Forskning

Bruna De Marchi er gjesteforskar ved SVT, UiB. Ho er også tilknytt Egesta Lab, Faculty of Science ved UBC i Vancouver, Canada, og det ideelle konsulentselskapet Società per l’Epidemiologia e la Prevenzione “Giulio A. Maccacaro” i Milano, Italia.

På slutten av 60-talet og starten av 70-talet studerte De Marchi statsvitskap og sosiologi i Italia og USA. Hennar tidlege forskingsarbeid var innanfor sosiolingvistikk og interetniske relasjonar på grensa mellom Italia, Austerrike og Jugoslavia; lenge før oppløysinga av den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia. Etter eit katastrofearta jordskjelv traff regionen hennar i 1976 blei ho interessert i katastrofesosiologi, og ho var med på å opprette programmet for store naudsituasjonar på instituttet for internasjonal sosiologi i Gorizia, Italia. Ho leia dette programmet i rundt 15 år.

De Marchi har vore engasjert eit utal aktivitetar innanfor forsking, opplæring, konsultasjon og planlegging, og utvida gradvis si interesse for farer og risiko med opphav i naturen til å inkludere dei som har menneskeleg opphav, og spesielt samspelet mellom desse to. Hennar ekspertise i planlegging og forhindring av katastrofer, samt respons til desse og oppattretting etterpå, ligg hovudsakeleg innanfor det organisatoriske, sosiale og kulturelle, inkludert risikooppfatning, kommunikasjon og forvalting. Frå 1990 til 1994 blei ho henta inn som nasjonal ekspert i European Commission Joint Research Centre i Ispra, Italia. Ei av hennar oppgåver der var å utvikle strategiar og retningslinjer for store ulykker for å oppfylle informasjonskrava i det såkalla "Seveso-direktivet"

De Marchi er vand med å arbeide i internasjonale og tverrfaglege samanhengar, med kolleger frå fleire fagfelt og bakgrunnar; også ikkje-akademiske ekspertar. Hennar mest nylege forskingsprosjekt er innanfor helse- og miljøspørsmål i område utsett for ureining frå industri.

Formidling

Blogginnlegg for ESRC STEPS Centre (Social, Technological and Environmental Pathways to Sustainability),  25.03.2020: Post-normal pandemics: Why COVID-19 requires a new approach to science (med David Waltner-Toews, Annibale Biggeri, Silvio Funtowicz, Mario Giampietro, Martin O’Connor, Jerome R. Ravetz), Andrea Saltelli og Jeroen P. van der Sluijs.)

Undervisning

Bruna har lang erfaring innanfor undervisning, inkludert universitetsfag og opplæringsskurs, dedikerte modular, webinar og liknande. Sidan 2013 har ho også halde eit nettbasert kurs i media og risikokommunikasjon i ein mastergrad i vitskapleg journalistikk og vitskapskommunikasjon ved Universitetet i Ferrara, Italia.

Publikasjoner
2024
2023
2022
2021
2020
2019
2018
2017
2016
2015
2014
2013
2012

Se en full oversikt over publikasjoner i Cristin

Additional publications:

De Marchi, Bruna; Biggeri, Annibale; Cervino, Marco; Mangia, Cristina; Malavasi, Giulia; Gianicolo, Emilio; Vigotti, Mariangela. 2017. “A participatory project in environmental epidemiology: Lessons from the Manfredonia case study" (Italy 2015-2016). WHO Europe Public Health Panorama 3, 2: 321-327. (Published also in Russian Пример из практики, 3, 2: 328-335)

De Marchi, Bruna. 2018c. “Comments on the Dialogues”.  Pp.146-159 in Guimarães Pereira, Ângela; L’Astorina, Alba; Ghezzi, Alessia; Tomasoni, Irene (Eds) Dialogues on Food - Dialoghi sul cibo. Food Futuring Tours #expo2015. EUR 28213. Luxembourg: European Commission. doi:10.2788/254857 and doi: 10.27.88/684250.

Prosjekter

I eit EU-finansiert prosjekt, CitieS-Health, er lokale innbyggarar involverte som folkeforskarar, noko som inneber at deira kunnskap, livserfaring, behov og krav blir teke inn i vurderinga i alle faser av forskingsarbeidet; frå korleis ein stiller forskingsspørsmåla til val av metodar, analyse av data og dei påfølgande innspela til lovgivingsprosessen.