Forskergrupper
- Porous Media Group
- Center for Modeling of Coupled Subsurface Dynamics
- CENTRE FOR SUSTAINABLE SUBSURFACE RESOURCES
Kort info
Forskning
Eg har forska på matematisk og numerisk modellering av strøymingsprosessar i porøse medium. Ei hovudinteresse har vore å forstå korleis vi kan skalere opp slike prosessar frå pore-skala (mikrometer) til kontinuums-skala (centimeter) og vidare til feltskala (kilometer). Spesielt har eg vore oppteken av prosessar på pore-skala som kan gi opphav til ikkje-likevekt effektar i lukkings-relasjonar («constitutive relationships») i kontinuums-skala modellar. Eg har også arbeidd med å forstå og utvikle Lagranske numeriske metodar for ikkje-lineære adveksjons dominerte transport prosessar.
Behovet for å utvikle praktiske løysingar som kan bidra til å utslepp av klima-gassar har dreia forskinga mi mot geologisk lagring av CO2-gass (som i CCS= Carbon Capture and Storage). Eg har leia og delteke i fleire større prosjekt som har studert modellering og simulering av lagring av CO2-gass i undersjøiske akviferar. Spesielt har vi sett på korleis vi kan modellere oppførselen til enorme mengder superkritisk CO2-gass som blir pumpa inn i slike undersjøiske reservoar fylt med saltvatn. Eit hovudmål har vore å utvikle effektive simuleringsmetodar som kan nyttast i risiko-vurdering av CO2-lagring. Dei siste åra har eg arbeidd med simuleringsteknologi som kan nyttast til å modellere effekten av CO2-lagring på regional skala som kan involvere mange injeksjons-lisensar.
I perioden 2005 til 2010 var eg nestleiar og fungerande instituttleiar ved Matematisk institutt. Frå 2010 til 2013 var eg visedekan for utdanning ved Det Matematisk-Naturvitskapelege Fakultet (no Fakultet for Naturvitskap og Teknologi), og frå 2013 til 2021 var eg dekan ved same fakultet. Etter å ha hatt tunge administrative verv har eg dei siste åra forsøkt å rehabilitere meg som utdannar og forskar.
Undervisning
Eg har lang erfaring som underviser og vegleiar ved Matematisk Institutt. Eg har undervist kurs på alle nivå ved instituttet og har hatt stort ansvar for innføringskursa i matematikk. Etter perioden som dekan har eg undervist Differensiallikningar (Mat 131) og Funksjonar av fleire variable (Mat 212).
Stort fråfall er eit problem i høgare utdanning. Det er mange grunnar til dette, men læringsforsking og erfaring frå sentre for framifrå utdanning (SFU) viser at vi har ei solid verktøykasse for å redusere fråfallet dersom vi er villige til å bruke den. Eit viktig mål er så klart å fjerne unødvendig fråfall, samstundes som studentane lærer meir.
Dei siste åra har eg henta idear frå "Team Based Learning" i undervisninga mi i matematikk for å betre gjennomføringa i desse kursa. Dette er gjennomført i samarbeid med SERC-senteret (Stem Education Resarch Centre) ved fakultet. Eg har også eksperimentert med vurderingsformer i undervisninga. Eg er overtydd om at korleis vi vurderer studentane er essensielt for læring.
Publikasjoner
Vitenskapelig Kapittel/Artikkel/Konferanseartikkel
Vitenskapelig foredrag
- Gasda, Sarah Eileen; Dahle, Helge K.; Nordbotten, Jan Martin et al. (2013). Quantifying storage capacity using upscaled models for CO2 storage. (ekstern lenke)
- Gasda, Sarah Eileen; Dahle, Helge K.; Nilsen, Halvor Møll (2012). Upscaled models for CO2 migration. (ekstern lenke)
- Eikemo, Birgitte; Berre, Inga; Dahle, Helge Ketil et al. (2006). A Discontinuous Galerkin Method for Computing Time-of-Flight in Discrete-Fracture Models. (ekstern lenke)
- Nordbotten, Jan Martin; Celia, Michael A.; Dahle, Helge Ketil et al. (2006). On the definition of macro-scale pressure for multi-phase flow in porous media. (ekstern lenke)
- Hægland, Håkon; Dahle, Helge Ketil; Aavatsmark, Ivar et al. (2006). Adaptive streamline tracing for streamline simulation on irregular grids. (ekstern lenke)
- Dahle, Helge Ketil (2002). Time-of-flight+transport collapse: An alternative to streamlines for two-phase porous media flow with capillary forces. (ekstern lenke)
- Berre, Inga; Dahle, Helge Ketil; Karlsen, Kenneth Hvistendahl et al. (2002). A streamline front-tracking method for two- and three-phase flow including capillary forces. (ekstern lenke)
- Nordhaug, Hans Fredrik; Ask, Ann K.; Dahle, Helge Ketil et al. (2000). A Sketch: Solving a Multidimensional Three Phase Flow Problem. (ekstern lenke)
Vitenskapelig artikkel
- Gray, William G.; Herrera, Paulo; Gasda, Sarah Eileen et al. (2012). Derivation of vertical equilibrium models for CO2 migration from pore scale equations. (ekstern lenke)
- Eikemo, Birgitte; Lie, Knut-Andreas; Eigestad, Geir Terje et al. (2009). Discontinuous Galerkin methods for advective transport in single-continuum models of fractured media. (ekstern lenke)
- Eigestad, Geir Terje; Dahle, Helge Ketil; Hellevang, Bjarte et al. (2009). Geological modeling and simulation of CO2 injection in the Johansen formation. (ekstern lenke)
- Nordbotten, Jan Martin; Celia, Michael A.; Dahle, Helge Ketil et al. (2007). Interpretation of macroscale variables in Darcy's law. (ekstern lenke)
- Dahle, Helge Ketil; Celia, Michael A.; Hassanizadeh, S. Majid (2005). Bundle-of-tubes model for calculating dynamic effects in the capillary-pressure-saturation relationship. (ekstern lenke)
- Berre, Inga; Dahle, Helge Ketil; Karlsen, Kenneth H. et al. (2002). Time-of-flight + fast Marching + transport collapse: an alternative to streamlines for tow-phase porous media flow with capillary forces?. (ekstern lenke)
- Dahle, Helge Ketil; Celia, Michael A. (1999). A dynamic network model for two-phase immiscible flow. (ekstern lenke)
- Kvam, Gunnar; Dahle, Helge Ketil; Nordrehaug, J.E. et al. (1997). The shortening fraction of myocardial fibers and its layered distribution, as derived from cine-MR imaged left ventriculograms - An approach for evaluating globar left ventricular function. (ekstern lenke)
Poster
Prosjekter
Project management 2005-
- Project leader (together with Bjørn Kvamme) Safe long terms storage of CO2 in aquifers (Financed by The Research Council of Norway, Statoil and Norsk Hydro, ca. 13 MNoK, 2003-2006)
- Project leader for the project Geological storage of CO2: Mathmatical Modelling and Risk Assessment (MatMoRA) (KMB-project Financed by The Research Council of Norway, Statoil, Norske Shell, and Norsk Hydro, ca. 20 MNoK, 2007-2011)
- Project leader Development and analysis of Vertically Averaged Models in Porous Media (VAMP) (Financed by The Research Council of Norway, ca. 4 MNoK, 2010-13)
- Project leader for the project Geological storage of CO2: Mathmatical Modelling and Risk Assessment (MatMoRA-II) (Partners: UiB, Uni Research, SINTEF IKT, NGI) KPN-project Financed by The Research Council of Norway and Statoil, ca. 21 MNoK, 2012-2015)
- Project leader for the project International Research Training group NUPUS Non-linearities and Upscaling in Porous Media Flow This is the Norwegian part of an international research school with main partners at University of Stuttgart and University of Utrecht (Researcher project financed by CLIMIT, ca. 1.2 MNoK).
Project member 2005-
- Direct Reservoir Simulation on Geocellular Models (Geoscale, 2004-2007),
- Centre for Integrated petroleum Research (Cipr, 2002-2012),
- SUbsurface CO2 storage - Critical Elements and Superior Strategy (Success, 2010-2018),
- Non-linearities and upscaling in porous media (Nupus, 2011-2015)
- Expansion of Resources for CO2 Storage on the Horda Platform (ExpReCCS) (2022-2026)
- Multiscale Pressure-Stress Impacts on fault integrity for multi-site regional CO2 storage hubs (MuPSI) (2024-2027)