Irene Baug

Stilling

Forsker, arkeologi

Tilhørighet

Forskergrupper

Forskning

Eg har forska på landskap og ressursutnytting i rurale områder i yngre jernalder og mellomalder, men med kopling til handel og bysamfunn. Hovudfokuset har vore på storskala vareproduksjon retta mot fjernhandel og forskjellige transaksjonsformer, der ulike typar steinbrot og steinprodukt har fungert som proxy for ressursutnytting og handel. Maritime nettverk blir undersøkt, og det arkeologiske materialet blir studert i relasjon til sosiale, økonomiske og maktpolitiske forhold i eit langtidsperspektiv. Arbeidet mitt er i stor grad basert metodeutvikling og omfattande tverrfagleg samarbeid med ulike geologiske miljø. 

Eit anna tema eg forskar på er overgangen mellom hedendom og kristendom. Tverrfaglege GIS-baserte landskapsstudiar og eit breitt kjeldemateriale blir nytta for å undersøke korleis mekanismen mellom sentralområder i vikingtid, utviklinga av kongemakt og dei tidlege kyrkjene i mellomalderen har fungert. 

Undervisning

Eg har undervist på ulike trinn innan bachelor- og mastergrad, PhD-kurs, og innafor eit breitt emnefelt i perioden jernalder-mellomalder i Norden og Nord-Europa. Eg har også god og interessant erfaring i tverrfagleg undervisning, og eg har vore involvert i etter- og vidareutdanning for museumstilsette.

 

Publikasjoner
Populærvitenskapelig kapittel/artikkel
Vitenskapelig foredrag
Populærvitenskapelig foredrag
Faglig foredrag
Intervju
Vitenskapelig artikkel
Mastergradsoppgave
Vitenskapelig Kapittel/Artikkel/Konferanseartikkel
Programdeltagelse
Poster
Annen presentasjon
Dokumentar
Populærvitenskapelig artikkel
Faglig kapittel
Vitenskapelig antologi/Konferanseserie
Anmeldelse
Vitenskapelig monografi
Annet
Rapport
Museumsutstilling
Doktorgradsavhandling

Se en full oversikt over publikasjoner i Cristin

Prosjekter

WHEPP the Whetstone Provenancing Project. Målet er å studere handelsruter og nettverk som involverer den skandinaviske halvøy i eldre og yngre jernalder, frå år 0 til 800. Det empiriske grunnlaget er proveniensbestemming av bryner frå godt daterte arkeologiske kontekstar i Skandinavia, Baltikum og langs det sørlege Nordsjø-området og den Engelske kanal. Dette er eit tverrfagleg og tverrinstitusjonelt samarbeid mellom UiB, UiO og NGU - samt enkelte utanlandske forskarar som er knytt til delar av prosjektet. Prosjektet er finansiert gjennom Kongsgårdsprosjektet Avaldsnes, Universitetet i Oslo.

The Borgund Kaupang Project. Life and death of a small town in the periphery of Europe. Mitt bidrag i dette prosjektet er Borgunds rolle i nasjonale distribusjonsnettverk knytt til handel og bruk av bryner. Var Borgund eit senter i eit handelsnettverk for brynesteinar? Kva type bryner er representert på Borgund - og er det mogleg å sjå endringar over tid? Dette kan gi utfyllande informasjon om handelsruter og nettverk og endringar og stabilitet i dette i eit langtidsperspektiv. Brynesteinsmaterialet frå Borgund vil bli studert ved bruk av arkeologiske klassifiseringsmetodar og ulike geologiske analyser, som tynnslip og geokjemi. Dette er eit samarbeidsprosjekt med geolog Øystein J. Jansen ved Universitetsmuseet og NGU i Trondheim. https://app.cristin.no/projects/show.jsf?id=647273.

Eg deltek i prosjektet Eidsborg rock som omhandlar brynesteinsproduksjonen i Eidsborg, med fokus på regional produksjon og innanlandshandel i yngre jernalder. Prosjektet ligg under Kulturhistorisk Museum ved Universitetet i Oslo, og er finansiert av Norges forskningsråd, prosjektnr. 341213.