Jorun Larsen
Stilling
Stipendiat
Tilhørighet
Forskergrupper
Kort info
Forskning
Stipendiat i kunsthistorie (2022-2026), med særskilt interesse i fotografi, film og visuell kultur i moderne tid. I doktorgradsprosjektet mitt jobbar eg med alt frå historiske fotografi og anna arkivmateriale, medisinske utstillingar, dokumentar- og kunstfotografi, samt populærkulturens visuelle representasjonar av psykiatri og galskap.
Tidlegare har eg undersøkt fotoarkivet etter Valen sjukehus i Kvinnherad, samt gjort ein museologisk analyse av samlinga ved Valen sjukehusmuseum. Den lokale og regionale psykiatrihistoria, med fokus på pasientfotografiet, vart aktualisert i den forskingsbaserte fotoutstillinga «Et noget stereotypt uttrykk» (2024), Halsnøy kloster.
I tillegg har eg arbeidd med maktperspektivet i familiefotografiet og -albumet. Eg jobbar framleis med ulike typar kvardagsfotografi og maktperspektiv i doktorgradsprosjektet.
Medlem av forskargruppene: Forskergruppen Visuell Kultur, Forskergruppen Samtidsestetikk og Film, Fjernsyn og Visuell kultur.
Påkopla forskarnettverka Nordic Network for Narratives in Medicine og The Ethics of Medical Photography Network.
Formidling
Digital utstilling, Marcus: Etisk problematiske fotografi: Helse - Del av Billedsamlingens prosjekt Kritisk katalogisering, 2025
Spesialglimt: Gerry: Boksen med "ca 2500 lysbider"
"Et noget stereotypt uttrykk", forskingsbasert fotoutstilling, Halsnøy kloster, 2024
"Mental spagat: ein samtale om kunst, etikk og psykiatri, med Hanne Bramness og Jorun Larsen", samtale, Halsnøy kloster, 2024
Bedringens Veg, 2024 (film). Lydsett med Knut Vaage-stykket "Rabalder", framført av Einar Røttingen. (Vist under fotoutstillinga ved Halsnøy Kloster, 2024)
Presentasjon under Museologifestivalen 2022, under programposten Å vise eller ikke vise - formidling av vanskelige historier: «Psykiatri på museum – Valen sjukehusmuseum.» Presentasjonar og paneldiskusjon ved Hanne Steien (utstillingsansvarleg), Mona Abdel-Fadil (seniorforskar) begge ved Holocaustsenteret og Jorun Larsen (PhD stipendiat ved UiB). Diskusjonsleiar: postdoktor Tonje Haugland Sørensen (UiB). Stad: Litteraturhuset, Bergen.
Undervisning
- KUN323, vår 2025. MA-emne, forskingsfordjuping i kunsthistorie, med tematikk: Praksis eller feltarbeid i kunsthistoriske, fotografiske eller museale arkiv. Emneansvarleg med ansvar for å lage opplegg (praksis-samarbeid med KODE, Bymuseet i Bergen og Spesialsamlingene UB), for å gjennomføre undervisning og for rettleiing av mappeoppgåver.
- KUN312, haust 2024. Seminarundervisning om fotografiets historie og historisitet.
- KUN260, vår 2024. BA-emne i kunsthistorie med tematikk; Fotografi, helse, liv og død. Emneansvarleg, med ansvar for å lage opplegg, gjennomføre undervisning og rettleiing av bacheloroppgåver.
Publikasjoner
Vitenskapelig foredrag
Se en full oversikt over publikasjoner i Cristin
Larsen, Jorun. "Fotoalbumet - ei forteljing om makt, struktur og det demokratiske kjøleskapet", i Kunst og Kultur, vol 104, nr. 1 (mars, 2021)
Larsen, Jorun. "Psykiatriens bilete i det digitale rom: Ei kritisk undersøking av digitalisering av historiske pasientfotografi, med utgangspunkt i arkivet etter Valen sjukehus, frå perioden 1910-1955", https://hdl.handle.net/11250/2760973
Larsen, Jorun. "Anja Hysvær Langgåt & Ida Tolgensbakk (Red.)." Heimen 61, no. 1 (2024): 67-71. https://doi.org/10.18261/heimen.61.1.8. https://doi.org/10.18261/heimen.61.1.8.
Prosjekter
- Meltzer prosjektstipend 2024: Utstilt psykiatri
- Meltzer prosjektstipend 2023: Psykiatriens visuelle historie
- Kulturrådet, Masterstipend, Digital kultur, estetiske praksiser, 2019-2021.
- Fritt Ord, Masterstipend: Psykiatriens bilete i det digitale rom (2019-2021)
- Meltzer prosjektstipend 2021: Psykiatriens bilete i det digitale rom (2019-2021)