Kjersti Daae
Stilling
Førsteamanuensis, i fysisk oseanografi og utdanningsleder ved GFI
Tilhørighet
Forskergrupper
Kort info
Forskning
Kjersti Daae forsker på polare prosessar og har brei erfaring med både observasjonsbaserte data og numeriske modellar. Dei siste åra har ho hovudsakleg fokusert på regionale numeriske modellar med idealiserte pådrag og/eller idealisert topografi. Desse modellane er viktige verktøy som, saman med observasjonsdata, kan nyttast til å forstå ulike polare prosessar, som til dømes frontdynamikk langs kontinentalskråningar. Den antarktiske skråningsfronten kontrollerer vassutvekslinga mellom kontinentalsokkelen og djuphavet. I Vest-Antarktis (Bellingshausen- og Amundsenhavet), der det ikkje er ein sterk skråningsfront, strøymer varmt vatn inn under isbremmane og bidreg til høge smelterater. Dette fører til akselerert transport av is frå land til hav, og dermed havnivåstiging. I Weddellhavet er skråningsfronten sterkare og hindrar innstrøyming av varmt vatn mesteparten av året. Innstrøyming av varmt vatn er difor sesongstyrt og når ikke nødvendigvis like langt sør kvart år. Kjersti Daae nyttar idealiserte modellar for å forstå korleis ulike prosessar, som til dømes storskala vindmønster, påverkar skråningsfronten og varm innstrøyming, og korleis desse prosessane kan endre seg i framtida.
Undervisning
Kjersti Daae er utdanningsleier ved Geofysisk Institutt, og koordinerer instituttet sin aktivitet i iEarth senter for fremragende utdanning (SFU). Ho leiar òg prosjektet CoCreatingGFI (finansiert av HK-dir) som handlar om å gi studentane betre høve til å påverke sin studentkvardag og inkludera meir aktiv læring og samskaping (co-creation) i klasseromma.
Kjersti vart promotert til Framragande undervisar (Excellent Teaching Practitioner) i 2023 for innsatsen sin i undervisingsutvikling, og publisering av undervisningsbaserte artikler.
Kjersti underviser GEOF211- Numerisk modellering. Dette er eit emne for både BSc og MSc-studentar der me leiker oss med numeriske løysingsmetodar for klassiske geofysiske likningar som adveksjon, diffusjon, treghetssvingingar, og bølger.
Publikasjoner
Vitenskapelig artikkel
- Dundas, Vår Iren Hjorth; Daae, Kjersti Birkeland; Chiche, Elin Maria Kristina Darelius et al. (2025). The effect of storms on the Antarctic Slope Current and the warm inflow onto the southeastern Weddell Sea continental shelf. (ekstern lenke)
- Kordts, Robert; Daae, Kjersti; Vareilles, Mahaut de et al. (2025). Student views on active learning in the Geoscience curriculum. (ekstern lenke)
- Darelius, Elin Maria K.; Fer, Ilker; Janout, Markus A. et al. (2024). Observations of the Antarctic Slope Current in the Southeastern Weddell Sea: A Bottom-Enhanced Current and Its Seasonal Variability. (ekstern lenke)
- Dundas, Vår Iren Hjorth; Darelius, Elin Maria K.; Daae, Kjersti et al. (2022). Hydrography, circulation, and response to atmospheric forcing in the vicinity of the central Getz Ice Shelf, Amundsen Sea, Antarctica. (ekstern lenke)
- Daae, Kjersti; Hattermann, Tore; Darelius, Elin Maria K. et al. (2020). Necessary Conditions for Warm Inflow Toward the Filchner Ice Shelf, Weddell Sea. (ekstern lenke)
- Daae, Kjersti; Darelius, Elin Maria K.; Fer, Ilker et al. (2018). Wind stress mediated variability of the Filchner Trough overflow, Weddell Sea. (ekstern lenke)
- Fer, Ilker; Darelius, Elin Maria K.; Daae, Kjersti Birkeland (2016). Observations of energetic turbulence on the Weddell Sea continental slope. (ekstern lenke)
- Darelius, Elin Maria K.; Makinson, Keith; Daae, Kjersti Birkeland et al. (2014). Hydrography and circulation in the Filchner Depression, Weddell Sea, Antarctica. (ekstern lenke)
Prosjekter
Active projects:
CoCreatingGFI: Co-creation to promote active learning and communities of practice (funded by HKdir), led by K. Daae (read more here, or visit the project website)
iEarth Center for Excellent Education
Former projects:
TOBACO: Topographic Barriers Controlling Warm Water Inflow and Antarctic Ice Shelf Melting (NFR), led by E. Darelius
WARM: Inflow of Warm Deep Water onto the Antarctic Continental Shelves (NFR), led by E. Darelius