Lars Nyre
Stilling
Professor, design, innovasjon og teknologi
Tilhørighet
Forskergrupper
- Forskningsgruppe for fremvoksende medier
- Gruppe for journalistikkforskning
- Research Group for Emerging Media
- Journalism studies
Kort info
Forskning
Innleiing
I det norske systemet har ein professor fire oppgåver: forsking, formidling, undervisning og innovasjon.
I denne seksjonen introduserer eg meg sjølv og presenterer mi grunnhaldning til akademisk verksemd. Du kan også sjå ei liste over alle tilsetjingsforholda eg har hatt sidan eg fekk min fyrste jobb i 1987, alle doktorgradskandidatane eg har vore rettleiar for og alle doktorgradskomitéane eg har vore medlem i.
Biografi
Lars Nyre (født 14. januar 1969) kjem frå garden Nyre på Voss. Eg bur på Minde i Bergen med sambuaren min, og me har tre vaksne born.
Eg har studert og/eller arbeidd ved Infomedia-instituttet sidan 1990. Eg blei tilsett som førsteamanuensis i 2008 og fekk opprykk til professor i 2012. Frå 2019 til 2024 var eg professor II ved Institutt for medie- og samfunnsfag ved Universitetet i Stavanger. Frå 2008 til 2010 var eg professor II ved Høgskulen i Volda, og hadde også doktorgradsstipend i Volda frå 1997 til 2003.
Eg høyrer god musikk på Spotify under pseudonymet DJ Syrenyre. Les gjerne det uhøgtidlege oppslaget om DJ Syrenyre i Khrono med tittelen "Spelelystene".
Oppslag som formidlar mi tilnærming
- Innlegg i Khrono ved Lars Nyre (2025) Hjelp! Korleis kan vi bli innovative?
- Innlegg i Khrono ved Lars Nyre (2022) Universiteta kjem ingen veg med å gjera narr av innovasjon.
- Portrett i Forskerforum ved Bår Stenvik (2022) Konstruktiv pessimist.
- Portrett i Khrono ved Tor Arne Fanghol (2021) «Har skitna til fingrane mine med innovasjon».
- Intervju i UiB Aktuelt ved Ida Bergstrøm (2019) Ei oppdagingsreise i usikkerheit.
- Intervju i Journalisten ved Otto von Münchow (2018): Når roboter overtar journalistikken.
Akademisk autonomi
Jobben min tillèt meg å sjå bort frå kortsiktige forventningar om nytteverdi og profitt. Ein professor ved Universitetet i Bergen i den demokratiske staten Noreg kan bestemma innhaldet i forskinga, formidlinga, undervisninga og innovasjonen i samsvar med sine eigne verdiar, og også å utforska og formulera desse verdiane over lang tid med metodar og teoriar ein sjølv synest passar.
Dette er eit stort privilegium! Eg bruker dette privilegiet til å utforska potensialet i nye medieteknologiar. Forskinga mi vert styrt av dei behova eg oppfattar at eit sunt demokrati har, og det dreier seg særleg om å designa gode tekniske løysingar for kommunikasjonen mellom borgarane, og sørga for at det norske lokalsamfunnet er sjølvberga med teknisk flinke arbeidstakarar, teknologiar som passar for våre forhold og ein kulturell identitet prega av norsk språk. Målet mitt som professor i medievitskap er å bidra langsiktig til ei best mogeleg utvikling av lokale og regionale medieforhold i Noreg. Den mest verdifulle ressursen eg har til rådvelde for å nå dette målet er samarbeidet med akademikarar, studentar og bransjefolk.
Klikk gjerne på fanene for formidling, undervisning, publikasjonar og innovasjon for å sjå meir detaljert korleis eg gjer dette.
Sysselsetting
Dette er ei omvendt kronologisk liste over karrieren min, og den inkluderer lønna stillingar, høgare utdanning og viktige verv.
- 2012 – : Professor i medievitskap ved Institutt for informasjons- og medievitenskap (Infomedia), Universitetet i Bergen (UiB).
- 2014 – : Leiar for TekLab og redaktør for nettstaden teklab.uib.no.
- 2023 – 2025: Leiar av programrådet for medie- og interaksjonsdesign (MIX) og human-computer interaction (MIX/HCI), Infomedia, UiB.
- 2019 – 2024: Professor II ved Institutt for medie- og samfunnsfag ved Universitetet i Stavanger.
- 2022 - 2024: Leiar av det pedagogiske prosjektet "TekLab Bedrift" som fekk fem millionar kroner frå HK-Dir-tiltaket «Økt arbeidslivsrelevans i høyere utdanning».
- 2021 - 2023: Leiar av det pedagogiske prosjektet "TekLab: Innovasjonspedagogikk i medieutdanninger" som fekk fem millionar kroner frå HK-Dir-tiltaket «Program for studentaktiv læring».
- 2021 – 2023: Fast skribent i Dag og Tid saman med professor Bjørnar Tessem. Me skreiv spalta "Teknologi" annakvar veke.
- 2021 – 2023: Medlem av programrådet for medie- og interaksjonsdesign og human-computer interaction (MIX/HCI), Infomedia, UiB.
- 2020 - 2022: Deltakar i NORDFORSK-nettverket "Augmented Journalism".
- 2018 – 2019. Forskar (10 %) i NFR-prosjektet NewsAngler.
- 2018: Konstituert leiar av Medie- og interaksjonsdesign (MIX) frå oktober til desember 2018.
- 2016 – 2020. Forskar (20 %) i NFR-prosjektet Vismedia.
- 2016 – 2018: Forskar (10 %) i EU-prosjektet INJECT.
- 2015 - 2016: Jurymedlem I Fritt Ords ungdomspris for Ytringsfridom.
- 2013: Seks månaders opphold i London som «visiting fellow» ved School of Informatics, City University og Department of Media and Communications ved London School of Economics. Professor Neil Maiden og professor Sonia Livingstone var mine mentorar.
- 2012 - present: Director of the academic network variously called tvertek, J-lab and TekLab.
- 2010 to 2014: Member of the Management Committee for Norway of COST Action “Transforming Audiences, Transforming Society”.
- 2010 to 2013: External censor for Institutt for medier og kommunikasjon, UiO.
- 2010 to 2011: Medlem av “Ressursgruppe for medier” I Bergen Næringsråd.
- 2009 to 2011: Member of the NORDFORSK research network "The Culture of Ubiquitous Information".
- 2010 to 2018: Member of the research group Digital Radio Cultures in Europe.
- 2010 – 2016: Leiar av Gruppe for IKT og medier i UH-nett Vest.
- 2009 – 2015: Leiar av forskingsgruppa TVERTEK ved Institutt for informasjons- og medievitskap.
- 2009 – 2013: Redaktør i Norsk medietidsskrift.
- 2010 – 2016: Leiar av programrådet for BA Nye medier og medlem i eit felles programråd for instituttets tre praktiske bachelorprogram.
- 2009 – 2010: Medlem av programrådet for BA Journalistikk.
- 2008 – 2012: Førsteamanuensis i medievitskap ved Infomedia.
- 2008 – 2010: Professor II ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda, i samarbeid med NFR-prosjektet Journalistikk i endring (JOSAM).
- 2008 – 2009: Medlem av programrådet for BA Film og fjernsyn.
- 2008 to present: Member of the international board of the Journal of Radio and Audio Media.
- 2008 – 2010: Member of the program committee for the conference Nordic Media Festival, which attracts over a thousand journalists and TV-producers to Bergen in May every year.
- 2007 – 2014: Bokmeldar for Forskerforum.
- 2007 – 2008: Vitskapleg assistent og faglærar ved Infomedia.
- 2006: PhD course. Nyre was responsible for the international doctoral course “Technology and the Public Sphere” 14-17 November 2006. Twenty doctoral students from across Europe and keynote speakers Andrew Feenberg, Brian Winston and Peter Dahlgren attended. Funded by the University of Bergen and the Norwegian Council of Research and organized as part of the European Communication Research and Education Association (ECREA).
- member representing Norway from 2004-2006.
- 2004: Seks månaders opphald i London som «visiting fellow» ved Royal Holloway University of London som del av post-doc-stipendet. Professor John Ellis var min mentor.
- 2004: Member of the organization committee for the conference ECA Istanbul Conference 2004, in Istanbul, Turkey, April 2004.
- 2004 – 2010: Chair of the research group Digital Radio Cultures in Europe, originally established as part of the EU-funded COST A20 network “The Impact of the Internet on the mass media in Europe”.
- 2003 - 2008: Executive board member of ECREA. From 2003-2005 I was board member of European Communication Association (ECA) which merged with the European Consortium of Communication Research (ECCR) to form ECREA in 2005.
- 2003-2005: Chair of the “Radio and Sound Media Group” in the Nordic Media Researcher Association.
- 2003 – 2006: Postdoktor i medievitenskap ved Infomedia i NFR-prosjektet Kulturteknikker leia av professor Barbara Gentikow.
- 2001-2006: Norwegian delegate for radio and music to the EU-funded network COST A20, called “The Impact of the Internet on the mass media in Europe”. Management committee
- 2000: Seks månaders opphald som «visiting PhD» ved Stony Brook University, New York, USA. Professor Don Ihde var min mentor.
- 1998 – 2003: Doktorgradsstipendiat ved Avdeling for mediefag, Høgskulen i Voldaskolen i Volda og Universitetet i Bergen.
- 1997 – 2001: Fast skribent i Klassekampen.
- 1995 – 1996: Kulturredaktør i Studvest, Bergen.
- 1993 – 1997: Hovudfag i medievitskap ved Universitetet i Bergen.
- 1993: Mellomfag i medievitskap ved Universitetet i Bergen.
- 1991 – 1992: Mellomfag i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.
- 1990 – 1991: Grunnfag i medievitskap ved Universitetet i Bergen.
- 1989 – 1990: Journalist i Vaksdal Posten, Vaksdal.
- 1988 – 1989: Grunnfag i engelsk ved Universitetet i Bergen.
- 1987 – 1988: Tilkallingsvikar i Horda Tidend, Voss.
PhD-rettleiar
Rebecca Nedregotten Strand (2025) Frå kvelv til Dovrefjell. Med NRKs radioarkiv mot ei løysingsorientert retning i medieforskinga. PhD-prosjekt ved Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen. Rettleiar saman med Kjetil Vaage Øie, HVO. Planlagt fullført i juni 2025.
Fredrik Håland Jensen (2025) Post-normal education for interaction design. Teaching students innovation competence to succeed in a continuously technologically disrupted society. PhD-prosjekt ved Universitetet i Bergen. Rettleiar saman med Tien Nguyen, UiB. Planlagt fullført i juni 2025.
Junai Mtchedlidze (2025) Crisis and Employee-driven digital news innovation: Practices, processes, and resources. PhD-prosjekt ved Høyskolen Kristiania og Universitetet i Bergen. Rettleiar saman med Jens Barland, Kristiania. Planlagt fullført i april 2025.
Lasha Kavtaradze (2025) How Truth is Made. The co-construction and contestation of the epistemic authority in automated fact-checking. PhD-prosjekt ved Høyskolen Kristiania og Universitetet i Bergen. Rettleiar saman med Bente Kalsnes, Kristiania.
Kjetil Vaage Øie (2019) Nyheter, til deg, der du er: Design av lokativ journalistikk for mobile enheter. PhD-prosjekt ved NTNU/Høgskulen i Volda 2009 - 2019. Rettleiar saman med professor Bjørn Sørenssen, NTNU.
Pål Aam (2013) Fjernsynsforskaren – frå kritikar til innovatør. Som døme: mediedesign av interaktiv journalistikk med levande bilde. PhD-prosjekt ved NTNU/Høgskulen i Volda 2009 - 2013. Rettleiar saman med professor Bjørn Sørenssen, NTNU.
Medlem i doktorgradskomitear
Francesca Morini (2024) Design + Data journalism: shifting epistemology, ideals, and practices. PhD ved Södertörns Högskola. Eg var opponent i ein komité som også består av professor Henrik Örnebring, professor og førsteamanuensis Jonas Andersson.
Matilda Tudor (2018) Desire Lines: Towards a Queer Digital Media Phenomenology, PhD ved Södertörns Högskola. Eg var "betygskomitéledamot" saman med Mark Graham og Anne Kaun. Södertörns Högskola. Sharif Mowlabocus, University of Sussex, var opponent.
Joakim Karlsen (2018) Reinventing Journalism: Supporting processes of invention and change in media worlds, PhD ved Universitetet i Oslo. Eg var andreopponent, mens professor Jonas Löwgren, Linköping University, Sverige var førsteopponent. Intern medlem var professor Tone Bratteteig, Universitetet i Oslo.
Kjartan Rekdal Müller (2017) Ting, steder, mennesker og historier: Digitale utforskninger av sjanger og teknologi, PhD ved Universitetet i Oslo. Eg var andreopponent, mens Maria Engberg, Malmö högskola var førsteopponent. Intern medlem var førsteamanuensis Anders Fagerjord, Universitetet i Oslo.
Kate Kartveit (2016) Multimedia journalism and narrative flow. Eg var ekstern komitémedlem saman med professor Ida Willig, Roskile Universitet, medan Anders Bonde, Aalborg Universitet var intern medlem.
Helle Sjøvaag (2011) Journalistic Ideology. Professional Strategy, Institutional Authority and Boundary Maintenance in the Digital News Market, PhD ved Universitetet i Bergen. Eg var intern medlem, medan dei eksterne medlemmene var Professor Jackie Harrison and Associate Professor David Ryfe.
Hallvard Moe (2009) Public Broadcasters, the Internet, and Democracy. Comparing Policy and Exploring Public Service Media Online. PhD ved Universitetet i Bergen. Eg var intern medlem, medan dei eksterne medlemmene var Professor Caroline Pauwels and Professor Graham Murdock.
Formidling
Innleiing
Arbeidet eg gjer med formidling tek utgangspunkt dei tre andre oppgåvene ein professor har, nemleg forsking, undervisning og innovasjon. Det dreier seg om å formidla planar og hypotesar, resultat og innsikter frå alt dette arbeidet.
Nedanfor presenterer eg først min formidlingsstrategi, og oppsummerer dei viktigaste formidlingsprosjekta eg har vore med på dei siste åra. Deretter listar eg opp populærvitskaplege tekstar, bidrag til podkastar, og populærvitskaplege foredrag.
Formidlingsprisar
Eg har fått to prisar for innsatsen med formidling, og dei er eg stolt over.
- 2023: Formidlingsprisen ved SV-fakultetet, UiB saman med professor Bjørnar Tessem. Les grunngjevinga for prisen.
- 2021: Årets Klyngefarer i medieklynga Media City Bergen.
Formidlingsstrategi
Som professor ved Universitetet i Bergen skal eg formidla forskingsresultat og akademiske innsikter til ålmenta. Dette er ein sentral del av jobben, men det er vanskeleg å balansera den med akademisk autonomi.
Det er viktig å ikkje bli ein synsar eller ein «såkalt ekspert» på alt og ingenting. Det er viktig å ikkje bli ein slags ringevakt for journalistar, men disiplinera seg til å formidla innsikter basert på det ein faktisk gjer innan forsking, undervisning og innovasjon.
Eg formidlar no hovudsakleg mine innsikter på uavhengige medieplattformar utanfor dei vanlege kanalane til pressa. Eg tek aldri i mot honorar for foredrag. Mi formidling dreier seg om det arbeidet eg allereie får lønn for å gjera som professor, og då er det urimeleg å få honorar i tillegg. Eg har ingen interesse av å halda foredrag om spesialbestilte tema til pengesterke aktørar.
Denne autonome tilnærminga formulerte eg i eit essay i 2012. Eg hadde vorte stadig meir frustrert over den rolla forskarar får som intervjuobjekt i nasjonal og regional presse. Eg skreiv eit kritisk essay der eg forklarte problemet og kunngjorde at eg ikkje lenger ville stilla opp som intervjuobjekt og bruka tida mi på andre kommunikasjonsformer. Du kan lesa essayet her:
- Nyre, Lars (2012) Journalistikken koloniserer universitetet. Nytt Norsk Tidsskrift 29(3) side 329–336.
Ambivalens overfor kunstig intelligens (2024)
Eg var ansvarleg for eit stort formidlingstiltak på Universitetsmuseet ved UiB frå juni til desember 2024. Prosjektet TekLab, som eg er leiar for, organiserte eit samarbeid mellom studentar i Media City Bergen og kuratorane ved Universitetsmuseet. Studentane laga ei utstilling om «ambivalens overfor kunstig intellingens» som sto framme eit halvt år og fekk over 40.000 gjester.
Framtidsfest (2023)
Eg var ansvarleg for eit stort formidlingstiltak i Media City Bergen den 17. august 2023. Prosjektet TekLab, som eg er leiar for, inviterte dei 450 deltakarane på Nordmedia-konferansen til det me kalla Future Fest. Her presenterte me til saman 13 prototypar på nye mediedesign som har til mål å motverka det framtidssjokket norsk akademia ser ut til å lida av. Det gjeld å ikkje mista handlekrafta, men tvert imot ta kraftfulle grep! Framtidsfesten blei arrangert av TekLab i samarbeid med Media Futures og Media City Bergen.
Lærebok om teknologi (2024)
Eg har alltid vore opptatt av kva rolle ny teknologi speler i samfunnet, og har lest og formidla teoriar om medieteknologi gjennom heile karrieren min. I 2024 gav eg ut ei stort anlagt lærebok om dette temaet på Universitetsforlaget.
- Nyre, Lars (2024) Teknologi. En teoretisk innføring. Oslo: Universitetsforlaget.
Ny teknologi er for viktig til å bli overlaten til spesialistar. Tekniske nyvinningar har så stor påverknad på samfunnsutviklinga at alle bør kunna analysera dei uavhengig av fagleg bakgrunn. Viss du set deg inn i teoriar om korleis teknologi oppstår vil du sjå tydelegare kor langt det moderne samfunnet har gått i retning av spesialiserte ferdigheiter og avansert teknologi. Du skaffar deg intellektuelle verktøy som hjelper deg å forstå kvifor det har vorte slik, og korleis denne spesialiseringa påverkar både kvardagen og yrkeslivet ditt. Dette er viktige innsikter både for studentar og den allmenne offentlegheita, og difor har eg skrive ei bok om temaet.
Meldingar av boka:
- Ida Jahr (2024) En grundig gjennomgang av tenkningen om teknologi. Melding i Forskerforum 18. juni 2024.
- Marius Rohde Johannessen (2025) Solid om hvordan vi kan tenke om teknologi. Melding i Norsk medietidsskrift, januar 2025.
Populærvitskaplege tekstar om teknologi:
- Lars Nyre og Albertine Aaberge (2025) Hvordan bidra til teknologiutviklingen? Verktøykassa - for elever. NDLA.
- Lars Nyre (2023) Kan vi styre teknologien? Essay i Klassekampen 22. august 2023.
- Lars Nyre (2022) Humanistens arroganse i møte med ny teknologi. Debattinnlegg i Khrono.
- Lars Nyre (2022) Humanistens arroganse i møte med ny teknologi. Debattinnlegg i Khrono.
- Lars Nyre (2022) Noreg må satsa maksimalt på kunstig intelligens. Me har ikkje noko anna val. Debattinnlegg i Khrono.
- Lars Nyre (2020) Hans Jonas og problemet med moderne teknologi. Essayføljetong i ni deler i Vox Publica.
- Lars Nyre (2020) Teknologi tek over. Kronikk i Bergens Tidende.
- Lars Nyre (2016) Kampen mot den andre på Facebook. Debattinnlegg i Bergens Tidende.
- Lars Nyre (2012) Teknologiar er moralske aktørar. Kronikk i Bergens Tidende.
- Lars Nyre (2003) Medieavhengig i Amerika. Essay i Klassekampen.
Podkasting
Eg ytrar meg mest i skriftleg form, for då har eg størst kontroll over kva som kjem ut i offentlegheita. Men eg har bidratt til nokre podkastar og videoar, og dei kan du høyra her:
- 2022: Lars Nyre på FSU COMMversation: Innovasjonspedagogikk m/Andy Opel. FSU COMMversation er en podkast ved vår samarbeidspartner School of Communication, Florida State University.
- 2022: Lars Nyre på NOKUT-podden: Den om innovasjonspedagogikk, m/Rebecca Nedregotten Strand.
- 2021: Lars Nyre på Akademisk lunch: Teknologien tek over. Akademisk lunch er en foredragsserie og podkast ved Bergen offentlige bibiliotek i samarbeid med UiB.
- DIKU (2021) Lars Nyre - Seks råd for ein god DIKU-søknad på YouTube (7:20).
- Norgesuniversitetet (2017) Lars Nyre om innovasjonspedagogikk (1:51) på Vimeo.
- Søk og Skriv (2014) "Lars Nyre - Kva er forskjellen på ei god og ei dårleg oppgåve?" (3:01) på YouTube.
Populærvitskaplege foredrag
Eg har halde mange foredrag for organisasjonar og fagmiljø i universitetssektoren, og dei seinare åra også mange senioruniversitet. Her er ei liste over foredraga.
- 27.04.25: «Kunstig intelligens – venn eller fiende?». Populærvitenskapelig foredrag i Universitetsaulaen, Bergen, søndag 27. april 2025 i forbindelse med 200-årsjubiléet for Universitetsmuséet.
- 28.03.25: Kan vi kontrollere kunstig intelligens?, Norsk Lokalradioforbunds landskonferanse, Bergen, fredag 28. mars 2025.
- 6.3.25: "Mediet er bodskapen. Historia om digitale medier slik Marshall McLuhan ville fortalt den". Mediehistorisk forenings seminar Tapt idyll? 30 år med nettaviser i Norge, torsdag 6. mars 2025.
- 13.02.25: "Singulariteten: Hva skjer når KI overgår menneskelig intelligens?", KI- og mediedagen 2025, Pressens hus, Oslo 13. februar 2025.
- 11.02.25: «Kan me kontrollera kunstig intelligens? Eit foredrag om dei kreftene som styrer utviklinga av kunstig intelligens-teknologi» for Sotra og Øygarden Seniorunivetsitet, Sartor senter 11. februar 2025.
- 04.03.25: Innledningsforedrag under fagdag om "Muligheter og utfordringer med kunstig intelligens i forskning og undervisning" ved Høgskolen på Vestlandet, Bergen 4. mars 2025.
- 11.12.24: «Kan me kontrollera kunstig intelligens? Eit foredrag om dei kreftene som styrer utviklinga av kunstig intelligens-teknologi» for Senioruniversitetet på Voss, Voss 11. desember 2024.
- 28.11.24: «Kan me kontrollera kunstig intelligens? Eit foredrag om dei kreftene som styrer utviklinga av kunstig intelligens-teknologi» ved Senioruniversitetet på Osterøy, Lonevåg 28. november 2024.
- 18.11.24: Deltaking i panelet "Åpen utdanning - hvordan kan vi jobbe helt konkret?" på UHR-konferansen, Oslo 18. november 2024.
- 07.11.24: "Teknologi tar over". Innlegg til "Samfunnet som digital prøvekanin" en panelsamtale ved TIK Senter for teknologi, innovasjon og kultur, Oslo 7. november 2024.
- 06.11.24: «Innovasjonspedagogikk: Studentaktiv utforsking av ny teknologi» for Holbergprisen i skolens lærerseminar, Bergen 6. november 2024.
- 01.11.24: «Innovasjonskompetanse. Studentaktiv utforsking av KI og andre framveksande teknologiar» Foredrag på fagdag i Kompetansenettverket for Medier og Kommunikasjon for VGS i Vestland, Teams, 1. november 2024.
- 10.10.24: «Innovasjonskompetanse. Studentaktiv utforsking av framveksande teknologiar» for det regjeringsoppnevnte Kompetansebehovsutvalget, Oslo, 10. oktober 2024.
- 30.09.24: «Kunstig intelligens, design og innovasjon». Foredrag på fellessamling ved Kommunikasjonsavdelingen, Universitetet i Bergen, Bergen 30. september 2024.
- 12.09.24: "Hva er TekLab?" Foredrag for Validé, teknologioverføringssselskapet ved Universitetet i Stavanger, under besøk i Media City Bergen, Bergen 12. september 2024.
- 27.08.24: «Kan me kontrollera kunstig intelligens? Eit foredrag om dei kreftene som styrer utviklinga av kunstig intelligens-teknologi» for pensjonistforeningen til gamle Rieber AS, Bergen 27. august.
- 01.06.24: "Teknologiens store vitenskapsteoretikere 3: Kyborg". Foredrag under filosofifestivalen Wonderful World, Stavanger lørdag 1. juni 2024.
- 31.05.24: "Teknologiens store vitenskapsteoretikere 2: Eksistens". Foredrag under filosofifestivalen Wonderful World, Stavanger fredag 31. mai 2024.
- 30.05.24: "Teknologiens store vitenskapsteoretikere 1: Effektivitet". Foredrag under filosofifestivalen Wonderful World, Stavanger torsdag 30. mai 2024.
- 30.05.24: "Hva er TekLab? Hvilke resultater har vi oppnådd?". Foredrag på seminaret "Hjelp! Vi må visst ta i bruk ny teknologi i utdanningen" ved Universitetet i Stavanger, Stavanger 30. mai 2024.
- 07.05.24: "Teknologi er for viktig til å overlates til spesialister". Foredrag på Techfest i First Tuesday, Bergen 7. mai 2024.
- 22.04.24: "Eksperimenter og erfaringer fra «gulvet» i Media City Bergen". Foredrag på HK-dirs "Kunnskapsprat: Får nyutdannede relevant jobb?", Teams 22. april 2024.
- 17.04.24: "Presenting my new book Technology. A theoretical introduction". Foredrag for Center for Digital Narrative, Universitetet i Bergen, 17. april 2024.
- 16.04.24: "Dialog som antifsoff mot ChatGPT i undervisninga". Foredrag på Akademisk frokost, SV-fakultetet ved Universitetet i Bergen, Bergen 16. april 2024.
- 20.02.24: «Kan me kontrollera kunstig intelligens?». Foredrag ved Senioruniversitetet på Askøy, Knarvik 20. februar 2024.
- 26.01.24: "Dialog som antifsoff mot ChatGPT i undervisninga". Foredrag på Lærernes dag, Universitetet i Bergen, Bergen 26. januar 2024.
- 07.12.24: "The Quantum Music Machine. A Christmas play about interdisciplinary research in the spirit of Hegel’s dialectic". Eit julespel framført saman med Bjørnar Tessem og Fredrik Håland Jensen, Infomedias juleseminar på Solstrand, Os, 7. desember 2023.
- 30.11.24: "Hva er TekLab?" Foredrag for journalistutdanningen ved Nord Universitet under deres besøk i Media City Bergen, Bergen 30. november 2024.
- 18.10.24: "Presentasjon av mi nye bok Teknologi. En innføring". Innlegg under Universitetsforlagets bergensmiddag, Bergen 18. oktober 2024.
- 31.05.23: «Teknologi tar over» for Sammen Råd og Helse, Bergen.
- 18.10.23: Selskapet for Vitenskapens Fremme. Debatt mellom Lars Nyre og Lena Lindgren om "Den førerløse samfunnsmaskinen", Bergen.
- 23.02.23: «Philosophy of technology. On the rational control of natural materials» forelesning på seminar i vitskapsteori "Philosophy and Ethics of the Social Sciences" på Vatnahalsen Høgfjellshotell.
- 09.03.23: "Jo flere vi er sammen. Erfaringer med arbeidslivsrelevans i utdannelsen". Pedagogisk forum ved Institutt for medie- og samfunnsfag ved Universitetet i Stavanger, sammen med universitetslektor Margareth Pollestad.
- 25.01.23: Administrasjonsstaben ved Institutt for informasjons- og medievitskap.
- 27.01.23: Lærernes dag ved UiB. "Unge folk veit best korleis medier kan nå unge folk. Eit eksempel på arbeidslivsrelevans i utdanninga". Følgande studentar bidrog: Pernille Sofie Haas Brubakk, Margrethe Liahjell, Jenny Dal Østensen, Arne Bjelde Hustveit, Hallvard Hetlelid, Helene Herstad Bjørgen, Fathia Isse Mahamud, Benjamin Voll Laate og Eirik Pagani Vavik.
- 07.12.22: Universitetet i Tromsøs Utdanningskvalitetskonferanse 2022. Panelsamtale og foredrag om "Innovasjonspedagogikk og studentaktive undervisningsmetoder".
- 12.10.22: Strategiseminar for SV-fakultetet. "Hva er god læring? - Utvikling og kvalitet i undervisning" og utdeling av diplom til meritterte undervisarar Lars Nyre og Regine Paul.
- 20.04.22: Konferanse i HK-dir: Utdanningskvalitet og digital omstilling 2022. Foredrag om innovasjonspedagogikk.
- 24.03.22: Foredrag om innovasjonspedagogikk for representanter for Media City Odense som er på studietur i Media City Bergen.
- 22.03.22: Foredrag om innovasjonspedagogikk for Utdanning i Bergens årsseminar på Solstrand.
- 10.03.22: Foredrag om innovasjonspedagogikk i samband med overrekkelse av prisen som Årets klyngefarer i Media City Bergen.
- 28.01.22: Lærernes dag ved UiB, m/Rebecca Nedregotten Strand og Fredrik Håland Jensen
- 24.11.21: Forskergruppen Teaching and Learning in Higher Education (TeLEd) ved Universitetet i Bergen m/Rebecca Nedregotten Strand og Fredrik Håland Jensen.
- 29.09.21: Forskningsdagene UNG ved UiB.
- 16.09.21: NCE Media, Media City Bergen.
- 17.06.21: Forskergruppen MedieDesign ved OsloMet.
- 08.06.21: Frokostseminar ved SV-fakultetet, UiB.
- 21.05.21: Forsknings- og høyere utdannings-departementets oppstartsmøte for langtidsplanen for forskning og høyere utdanning.
- 29.04.21: Labfrokost ved Studieadministrativ avdeling, UiB.
- 18.03.21: The Interactional Project, Center for Energy Transistion (CET), UiB.
- 11.03.21: Fagkritisk dag, Institutt for informasjons- og medievitenskap.
- 24.02.21: Stabsmøte på Institutt for informasjons- og medievitenskap, UiB.
- 17.12.20: Stabsmøte ved Institutt for informatikk, UiB.
- 13.05.20: Studieavdelingen, UiB.
- 27.09.19. Konferansen «Innovasjonspedagogikk i Media City Bergen», UiB.
- 12.12.19: Studiekvalitetsseminaret 2019, UiB.
- 18.10.19: Digitaliseringskonferansen 2019, UiB.
- 06.06.19: Fagforum ved Institutt for medie- og samfunnsfag, Universitetet i Stavanger.
- 08.05.19: Medielærerseminaret ved Nordahl Grieg VGS, Bergen.
- 13.02.19: Toppmøte om forskning og høyere utdanning ved Statsministerens kontor, Oslo.
- 11.02.19: Lokalavisa Sunnhordland, Leirvik på Stord.
- 31.01.19: Fakultetsdirektørmøte om digitalisering, UiB.
- 18.01.19: Langhaugen VGS, Bergen, 2. året, linja for medier og kommunikasjon.
- 11.01.19: Fagforum, Institutt for medie- og samfunnsfag, Universitetet i Stavanger.
- 18.12.18: Lokalavisa Hallingdølen, Ål i Hallingdalen.
- 06.12.18: Komité frå Kunnskapsdepartementet besøker UiB.
- 19.11.18: Allmøte om søknad om Senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) ved Institutt for informasjons- og medievitskap.
- 08.11.18: Norges ingeniør- og teknologorganisasjon (NITO) besøker Media City Bergen.
- 25.10.18: Bergen Teknologioverføring (BTO) besøker Media City Bergen, UiB.
- 23.10.18: Stabsseminar ved Institutt for kunst, UiB.
- 15.10.18: Stortingsrepresentant Ruth Grung (AP) besøker Media City Bergen, UiB.
- 21.09.18: Fagnettverket for medielærere i fylkeskommunen besøker Media City Bergen, UiB.
- 08.05.18: Erasmus+ Staff Week, Høgskolen på Vestlandet, Bergen.
- 14.02.18: Gravenettverket i NRK, Media City Bergen.
- 02.02.18: Fagleg-pedagogisk dag, UiB.
- 12.12.17: Arbeidsgruppe for innovasjon, Forskingsadministrativ avdeling, UiB.
- 29.11.17: Frokostmøte for rådgivere og lærere på VGS, arrangert av Studieadministrativ avdeling, UiB.
- 09.10.17: Stabsmøte ved Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda, Volda.
- 25.10.17. Universitetsstyret, Media City Bergen, UiB.
- 19.10.17. Kunnskapsminister Henrik Asheim besøker Media City Bergen, UiB.
- 03.11.17: Fagkakedagen, Masterutvalget ved Institutt for informasjons- og medievitskap, UiB.
- 28.09.17: Norgesuniversitets årskonferanse, Tromsø.
- 31.05.17. Norges ingeniør- og teknologorganisasjon (NITO) besøker Media City Bergen, UiB.
Undervisning
Innleiing
Mitt undervisningsarbeid tek utgangspunkt i at ein professor har fire oppgåver: forsking, formidling, undervisning og innovasjon.
I denne seksjonen presenterer eg fyrst min undervisningsfilosofi, og deretter går eg gjennom mine merittar på området. Eg legg særleg vekt på den mangeårige satsinga på innovasjonspedagogikk, og listar opp pengestøtta eg har sikra til denne satsinga, kursansvara eg har hatt der slik pedagogikk blei brukt, relevante masterprosjekt eg har vore rettleiar for, og til slutt dei mange StudentDemoane eg har organisert.
Undervisningsfilosofi
Undervisninga mi er løysingsorientert. Eg er meir oppteken av framtida enn av fortida, og eg prøver å læra studentane korleis dei kan designa medieløysingar som kanskje blir verdifulle i framtida.
Denne tilnærminga står i kontrast til den tradisjonelle måten å undervisa i mediefag på der kritiske tilnærmingar til historie og samtid er mest vanleg. Det er viktig at medievitskapen jobbar med design, innovasjon og entreprenørskap. Ei seriøs reorientering er nødvendig for å gjera medieavdelingane ved universiteta betre i stand til å undervisa i desse ferdigheitene.
Eg er ein av dei få medieforskarane på norske universitetet som «skitnar til fingrane med innovasjon». Dette gjer at jobben som professor blir utadvent og pragmatisk. Eg må vera ein diplomat, ein seljar og ei eldsjel, og eg må skriva ein million e-postar for å koordinera ting. Mange professorar valde akademia for å unngå nettopp slikt arbeid.
Prisar
Eg har fått to utmerkingar som er knytt direkte til undervisningsarbeidet mitt.
- 2022: Tildelt status som merittert undervisar ved SV-fakultetet, UiB. Les om tildelinga i nyheitsoppslaget og denne fagprofilen på SV-fakultetets sider.
- 2019: Tildelt Læringsmiljøprisen ved Universitetet i Bergen. Les om tildelinga i dette oppslaget på SV-fakultetes sider.
Håndbok i innovasjon for studenter (2025)
Dette er eit gratis tilgjengeleg læremiddel for studentar, VGS-elevar og andre som vil læra seg å bruka innovasjonsmetodar. Boka har sterk tilknyting til det pedagogiske tiltaket TekLab og erfaringar frå faglærarar, studentar og bransjepartnerar der. Arbeidet med boka blei finansiert av Pressens faglitteraturfond og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Boka er eit genuint fellesprosjekt, der eg som førsteforfattar skriv om måten dei utvalde metodane fungerer på, medan dei andre skriv inspirasjonsforteljingar og viser korleis metodane fungerer i praksis.
- Lars Nyre, Geir Terje Ruud, Audun Klyve Gulbrandsen, Julie Sofie Berntsen,
- Julia Hellem Brandt, og Helene Høylandskjær (2025) Håndbok i innovasjon for studenter. TekLab.
Satsing på innovasjonspedagogikk
Eg har undervist i medievitskap sidan 2008 då eg vart tilsett som førsteamanuensis. Undervisninga mi har i aukande grad vorte prega av eit forsøk på å designa nye tekniske løysingar saman med studentar. Tilnærminga blir kalla innovasjonspedagogikk.
Denne tilnærminga føreset at studentane må takla den permanente forandringa som går føre seg i mediebransjen for å få relevante jobbar og bidra til samfunnet. Den beste måten å førebu seg på er ved å evaluera og laga prototypar av nye og framveksande medieløysingar i samarbeid med lokale og regionale mediebedrifter.
Her er tre artiklar som prøver å forklara kva innovasjonspedagogikk er:
- Nyre, Lars (2025) Innovasjonspedagogikk. Ein metode for å ta i bruk ny teknologi i medieutdanningar. Norsk medietidsskrift 31(2-3):1-3).
- Kjersti Sivertsen og Lars Nyre (2020) Vi testet innovasjonspedagogikk – og er fornøyd med resultatet. I Bedre skole nr. 3/2020.
- Lars Nyre (2020) Innovasjonspedagogikk for medieutdanninger. Fagartikkel på TekLabs nettside.
Pengestøtte
Utforskninga av innovasjonspedagogikk krev ressursar utover det som er tilgjengelig til ordinære kursgjennomføringar. Eg har difor søkt om ulike typar av lærings- og forskingsmidlar, og her er ei liste over dei viktigaste tildelingane.
- 2025: Olsens legat gav 84.000 kr til prosjektet “Et studentaktivt læreverk om innovasjonsmetoder».
- 2024: Olsens legat gav 100.000 kr til prosjektet ”Fire StudentDemoer i tilknytning til utstillingen "Ambivalent intelligens" i samarbeid med Universitetsmuséet.
- 2024: Meltzerfondet gav 40.000 kr til prosjektet "Teknologi tar over". Et symposium om Lars Nyres nye bok på Universitetsforlaget”.
- 2023: Pressens faglitteraturfond gav 316.000 kr til Geir Terje Ruud og TekLab for å støtta arbeidet med ei digital håndbok. Boka handlar om korleis du kan utvikla prototypar på nye medieløysingar, og korleis du bør gå fram for å lykkast med innovasjon og entreprenørskap.
- 2021: HK-dirs tiltak for økt arbeidsrelevans gav 5.000.000 kr til prosjektet "TekLab Bedrift. En verdiorientert utforskning av fremvoksende teknologier i samarbeid med bedrifter for å øke medieutdanningers relevans i arbeidslivet". Dette er eit samarbeid med Universitetet i Stavanger og Høgskolen i Volda.
- 2021: Rektoratet ved UiB gav 379.000 kr i ekstrastøtte til "TekLab. Innovasjonspedagogikk for medieutdanninger" etter at me fekk midlar frå DIKUs tiltak for studentaktiv læring for perioden 2021-23.
- 2021: Universitetet i Stavanger gav 360.000 kr i støtte til utforsking av immersive medier under tiltaket "Styrking av utdanningskvalitet".
- 2021: Melzerfondet gav 100.000 kr til eit forskingsopphold i London i tilknytning til innovasjonspedagogikk, til bruk under i samband med min forskningstermin i 2021 - 2022.
- 2021: Olsens legat gav 73.300 kr til følgeforskning knytta til effekten av innovasjonspedagogikk.
- 2020: Instituttets utvalg for Små driftsmidler gav 30.000 kr til eit fagseminar om automatisering av journalistikk og måtar dette bør handterast på i undervisninga.
- 2020: HK-dirs Program for studentaktiv læring gav 5.000.000 kr til prosjektet "TekLab. Innovasjonspedagogikk for medieutdanninger". Dette er eit samarbeid med Universitetet i Stavanger og Høgskolen i Volda.
- 2020: Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO) gav 180.000 kr i støtte til å skriva ei lærebok for Universitetsforlaget med arbeidstittel "Teknologimennesket. En innføring i teknologiteorier". Boka vert publisert hausten 2023.
- 2020: UH-nett Vest gav 250.000 kr i nettverksstøtte til vidareutvikling av eit samarbeid med Future Solutions, Hallingdølen, Hordaland og Sunnhordland. Prosjektet hadde tung studentaktiv medverknad.
- 2019: SV-fakultetet gav 50.000 kr i støtte til å halda ein populærvitskapleg konferanse om innovasjonspedagoikk. Professor Ole Johan Mjøs var ansvarleg for arrangementet, og eg var ein sentral bidragsytar.
- 2019: Rådet for anvendt medieforsking (RAM) gav 312.542 kr til prosjektet "Automatiserte nyheter. Analyse, utvikling og evaluering av kunstig intelligens-verktøy for lokaljournalistikk» i samarbeid med Espen Reiss Mathiesen ved Universitetet i Stavanger. Prosjektet hadde tung studentaktiv medvirkning.
- 2017: Studieadministrativ avdeling ved UiB gav 217.000 kr til utforsking av kunstig intelligens-teknologi i undervisninga i Media City Bergen. TekLab organiserte en fagreise til bransjemessa IBC i Amsterdam med 10 masterstudenter, 1 PhD og 2 faglærarar. Me finansierte også ei reise til ein konferanse om kunstig tale i Berlin med 6 masterstudenter.
- 2017: SV-fakultetet gav 30.000 kr til støtte for utvikling av metodar for innovasjonspedagogikk i Media City Bergen.
- 2010: UiB gav 198.000 kr i PEK-midler til ei fagreise til London. Eg organiserte ein ekskursjon til BBC, the Guardian og andre mediefirma med 32 bachelorstudentar og 2 faglærarar.
Kursansvar
Her følgjer eit oversyn over designorienterte kurs eg har hatt ansvar for. Eg listar også opp alle dei dyktige folka som har bidratt til kursa som faglærarar, gjesteforelesarar, m.m. Det er umogeleg for ein faglærar å gjennomføra eit kurs basert på innovasjonspedagogikk.
- Bachelorkurset MIX250: Bacheloroppgåve i medie- og interaksjonsdesign (30 stp.) Tre gjennomføringar: 2023, 2024, 2025. Faglærarar: Frank Wisnes, Iselin Steffensen, Sara Nystad, Peder Haugfos, Joao Ribeiro, Helene Høylandskjær, Julia Hellem Brandt. Universitetsmuseet ved UiB ved fagleg leiar Eli Hausken bidrog våren 2024. Studentane laga ei utstilling kalla “Ambivalent Intelligens”. Akvariet i Bergen ved direktør Aslak Sverdrup bidrog i 2023. Me fekk også fagleg støtte frå Ronald Toppe i Scary Weather, Audun Klyve Gulbrandsen i TekLab/Spello, Christen Hermansen i Future Solutions og Øyvind Steensen i Hidden. Våren 2025 bidrog fem verksemder i og rundt Universitetet i Bergen, nemleg studentinitiativet “Gründercampus”, Medieklyngen i Media City Bergen, Forsknings- og innovasjonsavdelingen ved UiB, forskingssenteret SLATE og Psykologisk fakultet.
- Bachelorkurset MIX100: Introduksjon til medie- og interaksjonsdesign (10 stp.). Fire gjennomføringar: 2022, 2023, 2024, 2025. Faglærarar: Frank Winsnes, Adam Godor, Kim Skjold, Peder Haugfos, Amanda Jørgensen Værøy, Martin Lund, Helene Høylandskjær, Julia Hellem Brandt, Julie Sofie Berntsen, Adam Godor. Manifest Media ved Magnus Marsdal og Mikkel Kvenås bidrog i 2022. Universitetsforlaget ved Georg Kjøll bidrog hausten 2023. TekLab bidrog i 2024.
- Masterkurset UJO668: Teknologi, kunstig intelligens og gravejournalistikk, som er ein del av etter- og vidareutdanningstilbodet ved Senter for undersøkande journalistikk (SUJO). Ei gjennomføring: 2024. Faglærarar: Bjørnar Tessem, Nick Diakopolous, Asbjørn Leirvåg, Astrid Dalehaug Nordheim, med fleire.
- Bachelorkurset MIX202: Design for mediebruk (30 stp). To gjennomføringar: 2020, 2021. Faglærarar: Maud Ceuterick, Frank Wisnes, Fredrik Jensen, Johanne Ågotnes, Joakim Vindenes, Audun Klyve Gulbrandsen, Eva Husby, Oda Elise Nordberg, Andy Opel, Fahmy Zulfikar, Jonathan Lindø Meling, Maj-Inga Holmsen.
- Masterkurset MIX301: Medieteknologi: teori og utvikling (15 stp). Fire gjennomføringar: 2017, 2018, 2019, 2020. Faglærarar: Joar Midtun, Espen Systad, Tor Langballe, Joar Midtun, Edvard Sørbø, Jon Hoem, Ana Sanchez Laws, Tormod Utne, Fredrik Håland Jensen, Tien Nguyen, Audun Klyve Gulbrandsen, Jonathan Lindø Meling.
- Bachelorkurset MCB201: Introduksjon til innovasjon og entreprenørskap i Media City Bergen (10 stp). To gjennomføringar: 2019, 2020. Valgfritt emne for 200-nivå på SV-fakultetet. Faglærar: Joao Ribeiro.
- Bachelorkurset INFOMEVI270 Bacheloroppgåve i nye medier (30 stp). Åtte gjennomføringar: 2011, 2012, 2013, 2014, 2015, 2016, 2017, 2018. Faglærarar: Cecilie Stranger-Thorsen, Eirik Stavelin, Joao Ribeiro, Simen Madsen, Oda Elise Nordberg, Ingvild Fiskerstrand, Tien Nguyen.
- Bachelorkurset INFOMEVI173 Journalistisk prototype (10 stp). Seks gjennomføringar: 2014, 2015, 2016, 2017, 2018, 2019. Faglærarar: Tor Gjøsæter, Giedrius Statulevicius, Zulfikar Fahmy, Lars Arve Røssland, Kristine Holmelid, Joakim Vindenes, Audun Klyve Gulbrandsen, Terje Thue, Anna Ofstad, August Sandberg, Jon Hoem.
- Bachelorkurset INFOMEVI171 Nye medier: design og analyse (15 stp). Tre gjennomføringar: 2011, 2012, 2013. Faglærarar: Kjersti Steinsbø, Zulfikar Fahmy, Eirik Stavelin, Audun Nydegger Amundsen.
- Bachelorkurset MEVI153 Dokumentariske mobilapplikasjonar (5 stp). Tre gjennomføringar: 2011, 2012, 2013. Faglærar: Bård Bachmann, Bjørnar Tessem.
- Bachelorkurset INFOMEVI106 Introduksjon til praktisk medieproduksjon (10 stp). Fem gjennomføringar: 2008, 2009, 2010, 2011, 2012. Faglærarar: Ana Sanchez Laws, Stig Hovlandsdal Øvreås, Mads Andersen, Kurt Georg Gjerde, Thorvald Nielsen.
Masterprosjekt
I 2017 starta instituttet opp eit nytt masterprogram i medie- og interaksjonsdesign. Denne lista viser designprosjekter som eg har vore eller er rettleiar for på dette faget.
- 2025: Sara Nystad, Iselin Steffensen og Adam Godor: «Inkluderende design for personer med Parkinson». Ferdig juni 2025. Eg var rettleiar saman med Fredrik Håland Jensen.
- 2025: Maud Stue, Vilde Alice Holtet og Julia Dietze Paulsen: «Full kontroll: Gi pensjonistene «Full Kontroll» over egen, digital hverdag.» Ferdig juni 2025. Eg var rettleiar saman med Fredrik Håland Jensen.
- 2024: Ine Røvik: «Kunstig intelligens i lokal nyhetsjournalistikk» Eg er rettleiar saman med Knut Helland.
- 2024: Helene Høylandskjær, Julia Hellem Brandt, Julie Sofie Berntsen: «Veien til å Kunne Exphil» i samarbeid med Universitetsforlaget». Eg var rettleiar saman med Fredrik Håland Jensen.
- 2023: Simon Ravndal Iden: “EngasjerAR. Utvidet virkelighet for å engasjere TV-seere».
- 2023: Marcus Leikfoss Swensen og Willem Percyval Westli: «TV 2 Pippen Relevans. Finn det du vil ha i Pippen med vårt nye relevansverktøy».
- 2022: Abel van Beek Beek: "What are the advantages of augmenting the ship bridge in safety-critical situations: the coastal case". Eg var rettleiar saman med Morten Fjeld.
- 2022: Emma Opheim Drageset, Lisa Knashaug, Anita Norheim, Lisa Sætersdal: "Hvordan ser fremtidens strømmetjenester ut, og hvilke designprinsipper er viktig for å skape god brukervennlighet i TV 2 Play?" Eg var rettleiar saman med Fredrik Håland Jensen.
- 2021: Aslak Ihle: "Unspoiled. Designing a prototype of a book series wiki with spoiler control". Master i medie- og informasjonsdesign.
- 2021: Peter Rolfsen: "Enhancing the Performance Of Instrumental Tasks In Construction Through Immersive Augmented Reality Technology".
- 2021: Gianmarco Caruso: "Diem: A Math-less Clock for People with Down Syndrome".
- 2021: Ingvild Vara Hagen Ingvild Vara Hagen og Ida Charlotte Solvig: "Personalisering i nyhetene. Dette må du vite før du personaliserer nyhetsopplevelsen"; en prototype for TV 2s nyhetsapp. Eg var rettleiar saman med Truls Pedersen.
- 2020: Audun Klyve Gulbrandsen: «Håndgripelig brukergrensesnitt i Mixed Reality».
- 2019: Fredrik Håland Jensen, Sara Pedersen Stene og Johanne Christensen Ågotnes: "TV2 Sumo Kids. Fra strømmetjeneste til drømmetjeneste. Dette må du vite for å lage en strømmetjeneste for barn".
- 2019: Steffen Sande "Nyhetsinspektøren". Eit mastersamarbeid i programutvikling mellom UiB og HVL. Rettleiarar ved HVL var Harald Soleim, Daniel Patel og Atle Geitung. Les Ingvild Abildgaard Jansens artikkel "Nyhetsinspektør: Plugin som overvåker endringer i nettaviser" (2019).
- 2018: Sindre Lilland Nerdal "Newsenhancer". Eit mastersamarbeid i programutvikling mellom UiB og HVL. Rettleiarar ved HVL er Harald Soleim, Daniel Patel og Atle Geitung.
Studentdemo
Sidan 2011 har eg arbeidd systematisk med å utvikla arrangementstypen «StudentDemo». Her presenterer studentgrupper sine prototyper på mediedesign i offentlege sammenhengar. Både visningsformer, publikum og lokasjonar har variert opp gjennom åra. Lista er meint å visa omfanget av denne offentlege innsatsen.
- Mai 2025: MIX Innovasjonsdagene med StudentDemo i Media City Bergen.
- November 2024: MIX Innovasjonsdagene med StudentDemo i Media City Bergen. Studentane på MIX100, MIX203 og MIX301 presenterte haustens prototypar.
- Juni 2024: Åpning av utstillingen "Ambivalent intelligens" på Universitetsmuseet, med demo av fem installasjonar laga av studentar på MIX250. Universitetsmuseet.
- Mai 2024: StudentDemo: "Lifelog retrieval systems". Demo av prototypar på databaserte tenester laga av studentar på MIX204. NCE Media, Media City Bergen.
- Mai 2024: Designdemo med alle masterprosjekta på MIX-programmet. Studentane på MIX350 og MIX303 presenterer sine prototypar og planar. Atriet, Media City Bergen.
- Februar 2024: Lansering av Innovasjonsdagen på MIX ved Lars Nyre og Joao Ribeiro. Auditorium 3, Jussbygget, UiB.
- August 2023: FutureFest i Media City Bergen i samarbeid med NordMedia Conference.
- Mai 2023: StudentDemo i Media City Bergen i samarbeid med NCE Media. Studentar på MIX202 presenterer fem prototypar på lifelogging-tenester.
- Mai 2023: StudentDemo i Media City Bergen i samarbeid med Future Solutions, NCE Media og Akvariet i Bergen. Studentar på MIX250 presenterer seks prototypar på nye løysingar for Akvariet. Rektor Margareth Hagen er æresgjest.
- Mars 2023: StudentDemo i Mediegården i Stavanger. Studentar på BFJ302 ved Universitetet i Stavanger presenterer fem prototypar på augmented reality-løysingar til ein jury av mediefolk frå Stavanger.
- Januar 2023: StudentDemo på Juridisk fakultet ved UiB. Studentar på MIX301 presenterer fire prototypar på augmented reality-løysingar. GDPR-implikasjonane av prototypane skal analyserast av juss-studentar.
- November 2022: StudentDemo i Media City Bergen. Studentar på MIX100 presenterer seks prototypar på sosiale medier-løysingar for Manifest Media i Oslo.
- Juni 2022: StudentDemo på Future Week i Media City Bergen. Studentar på MIX250 presenterte fem prototypar på verktøy for journalistikk basert på kunstig intelligens og interaksjonsdesign. Samarbeid med Factiverse, Future Solutions, Nagra, NTB og Wolftech.
- Juni 2022: StudentDemo på Future Week i Media City Bergen. Studentar frå Juridisk fakultet ved UiB presenterer analysar av GDPR-implikasjonane av lifelogging-prototypar laga på MIX-master.
- Januar 2022: StudentDemo på Juridisk fakultet. MIX-studentar presenterte fire prototypar på lifelogging til masterstudenter på kurset "Privacy and data protection - GDPR". Juss-studentene skulle laga juridiske betenkninger om personvernhåndteringa i MIX-prosjekta.
- November 2021. Jeg bidro til pitchtrening og forretningsutvikling på bachelorkurset Nye medium ved Høgskolen i Volda. Studentene arbeidet i fire grupper, og utførte en formativ evaluering av Hidden og laget designskisser og forretningsmodeller for forbedrete løsninger. De fire rapportene vil bli publisert på TekLabs nettsted.
- November 2021. Jeg bidro til pitchtrening og forretningsutvikling på et valgemne i Datajournalistikk ved UIB. Studentene arbeidet i grupper og lagde fire forskjellige prototyper på datajournalistiske saker/tjenester, og pitchet dem for fagpersoner fra Bergens Tidende, Bergensavisen og visualiseringsfirmaet Everviz. Alle rapportene vil bli publisert på TekLabs nettsted.
- November 2021: StudentDemo med tre eksperimentelle prototyper på sosiale roboter og droner produsert på MIX301. Det var Liewear et konsept for å avsløre om folk lyger; What is Your Emotion (WIME) som registrerer ditt følelsesliv og LesStress som gir deg råd om hvordan redusere stress i hverdagen. Alle er basert på biometriske målinger, kamera og mikrofoner.
- September 2021: StudentDemo arrangert i samarbeid med NCE Media med prototyper fra kursene MIX202 og MIX250 på FutureWeek i Media City Bergen.
- Juni 2021: Jeg bidro til å knytte et kurs i Webdokumentar ved HVO sammen med app-produsenten Hidden og Sunnmøre museum våren 2021, og det ble laget nyskapende museumsformidling i dette trepartssamarbeidet. Utforskningen var eksperimentell og ikke kommersiell. Fem medieproduksjoner er publisert på TekLabs nettsted. Se et eksempel her: https://teklab.uib.no/medieproduksjon/vaerla-lille-aarsille/.
- Juni 2021. Jeg bidro til at et bachelorkurs i Design for mediebruk ved UiB fikk TV 2 Sumo som bransjepartner våren 2021. Studentene arbeidet i seks grupper og utførte innsiktsarbeid og utviklet prototyper på nye tjenester for TV 2 Play. Les mer om samarbeidet og prototypene her: https://teklab.uib.no/artikler/hjelper-tv-2-med-a-lage-framtidas-stroymetenester/.
- Juni 2021. StudentDemo med sju prototyper fra kurset MIX250 i Media City Bergen. Studentene samarbeidet i grupper med NTB, Nagra, Vimond, Future Solutions, Scary Weather, Bergen Ocean Wind og QUEST.
- Mars 2021. StudentDemo på kurset BFJ302 Redaksjonell prosjektutvikling og entreprenørskap ved UiS laget prototyper og forretningsmodeller for nye tjenester hos firmaene Factiverse, QUEST og Tipps. Disse ble presentert på en StudentDemo i mars 2021. Gruppene laget også pitchvideoer som formidler prosjektidéene.
- Mars 2021: StudentDemo med tre dronebaserte filmer på et kurs på bachelor i TV-produksjon ved UiB. Eksperter fra NRK bidro med undervisning og veiledning, og alle studentene ble sertifiserte dronepiloter i løpet av kurset. Et slikt kurs har aldri blitt holdt før, og førte til tre eksamensfilmer med dronebasert video.
- November 2020: StudentDemo med tre eksperimentelle prototyper på sosiale roboter og droner produsert på MIX301.
- Juni 2020: StudentDemo arrangert med seks prototyper fra kurset MIX202 i Media City Bergen. Studentene utforsket interaktiv klimakommunikasjon for samarbeidspartnerne NRK, Scary Weather, Naturhistorisk Museum (UiB) og Fløybanen AS.
- Juni 2020: StudentDemo arrangert med seks prototyper fra kurset MIX250 på FutureWeek i Media City Bergen.Studentene samarbeidet i grupper med NTB, Bergens Tidende, TV 2, Vimond og Scout Gaming Group.
- Mars 2021. StudentDemo arrangert på kurset BFJ302 Redaksjonell prosjektutvikling og entreprenørskap ved UiS. Studentene samarbeidet i grupper med firmaene FactiVerse, Future Solutions og JECT.AI.
- Desember 2019: StudentDemo arrangert med prototyper fra kurset MIX301 i Media City Bergen. Studentene arbeidet med sosiale roboter, og det ble laget sju forskjellige løsninger med metoder for "provokativ prototyping".
- Juni 2019: StudentDemo arrangert med fire prototyper fra kurset MIX202 i Media City Bergen. Studentene arbeidet med VR-fortellinger for HTC Vive, og presenterte blant annet Astruputstillingen på KODE.
- Juni 2019: StudentDemo arrangert i samarbeid med NCE Media med seks prototyper fra kurset MIX250 på FutureWeek i Media City Bergen. Studentene samarbeidet i grupper med MLabs, Bergens Tidende, TV 2, Vimond og Future Solutions.
- Desember 2018: StudentDemo arrangert på MIX301. Studentene arbeidet med syntetisk tale-programvare og laget Robobuddy for sosial intelligens, Easysleep: en personleg omsorgsintelligens. Masebotten; en disiplineringsintelligens og kjøkkenassistenten Albert: en hjelpeintelligens.
- September 2018: Hololens Editing Suite ble presentert på Media City Bergen sin stand på IBC i Amsterdam. Våre studentar presenterte prototypen to dagar på rad. Joakim Vindenes, Audun Klyve Gulbrandsen og Johanne Ågotnes.
- Juni 2018: StudentDemo arrangert i samarbeid med NCE Media. INFOMEVI270: Klimastiftelsen med Futurise, M'Labs/Greensight med Greensite, Bergens Tidende med BT Junior, og Vimond med MAI (meta-artificial intelligence). INFOMEVI173: VR-journalistikk: Narkomani, Kryonikk - å fryse seg selv ned, Schizofreni og Plast.
- Desember 2017: IDEM - kunstig sosial intelligens. crowdKnowledge - et webkamera blir til en automatisert sikkerhetsvakt. YogaLine. Teknologi møter eldgammel yogateori. Aino – En tegnerobot for barn". Alarmbot - ei intuitiv vekkarklokke". Endless Note - kunstig intelligens-teknologi i musikkopplæringen. ShapeLab - eit anbefalingssystem basert på kroppstype".
- Oktober 2017: Digital Myldredag, Grieghallen (arrangør UiB). Demonstrasjon av Vimond Hololens Edition, INJECT ekspertverktøy for journalistar og Prosopo anonymiseringsapp for mobil, ved studentar Aleksander Tonheim, Camilla Mjøen Lien og Joar Midtun.
- Juni 2017. StudentDemo for INFOMEVI270: M’Labs: nyhetsagreggator for nettjournalistar i lokalaviser. Bergens Tidende: Redesign av BT Trafikk for mobilen. Wide Assessment (WA): Eit verktøy for skill assessment for rekrutteringsbyrå. Vimond: Hololens Edition. Betre videredigering med mixed reality.
- Juni 2017: StudentDemo for INFOMEVI173: Gul 16 – ei historie om eit tysk krigsfly på Herdla. Ulriken 2035 – eit framtidsscenario for Ulriken. Gravitasjon – eit humoristisk opplysningsprogram
- Juni 2016: StudentDemo for INFOMEVI270: MobileTech: Opus. Samarbeidsverktøy for featurejournalistikk. Museumssenteret i Nordhordland: Bak horisontar. Opplysningsplattform. Bergens Tidende: BT Personalisering. Abonnenter får saker presentert utifra sine personlige preferanser. Vimond: StrømmeReklame. En second screen-reklameløsning for strømme-TV.
- Juni 2016: StudentDemo for INFOMEVI173: dRig: automatisert drone for journalister som drar ut på reportasje alene. 3Drone: automatisert 3D-modellering med drone, orientert til journalistiske formål. SyncD: et system for synkronisering av lyd og bilde for dronevideo med fokus på dokumentar og naturprogram.
- Juni 2015: StudentDemo for INFOMEVI270. MobileTech: RAD - responsible advertising. Eit videreklamemedium. Bergens Tidende: BT Direkte. Livestudio for aktuelle nyheiter. Biologisk institutt: «ArtsApp», mobilt registreringsverktøy for biologar. Hubii: Hubii for nettbrett», redesign av nyheitsaggregator.
- Juni 2015: StudentDemo for INFOMEVI173: Flyby: app som informerer flypassasjerar om områda dei flyr over. Hørbart: App som informerer om aktuelle konsertar i Bergen med musikk og intervju. Studybuddy: app som hjelper deg å halda fokus når du arbeider på lesesalen.
- Juni 2014: INFOMEVI270: MobileTech: Redesign av Bergenpuls som ein Android-applikasjon. Bergen Student-TV: Mobil webportal for live og innspelt video, basert på Wordpress. Bergens Tidende: BT Bilde. System for innsending, behandling og publisering av lesarbilde.
- Juni 2014: StudentDemo for INFOMEVI173: Railio: Nyheter og aktuelt spesiallaget for deg som sitter på bybanen. I byen: Lokativ presentasjon av historiske fakta om Bergen.
- Juni 2013: StudentDemo for INFOMEVI270: NRK: Online visning av videomateriale frå arkivet. Bergens Tidende: BT Postliste - søkeverktøy for postjournalar. MobileTech: Spent - et sosialt medium for studenter.
- Juni 2013: StudentDemo for INFOMEVI171: Nettserie med fire episodar: Listen, Kunsten å stjele, A-mann, Planet Bergen, Boys, Hvor har det blitt av ketchupen, Datinghjelpen.
- Juni 2012: StudentDemo for INFOMEVI270: Universitetsbiblioteket: Historieprosjektet GRIND. Universitetsbiblioteket: Mobilapp for BIBSYS. Bergens Tidende: Epostsystem for å svara på lesarkommentarar. Reaktor: Ungdomsvennleg side for Den Nationale Scene.
- Juni 2012: StudentDemo for MEVI153: Nettsider med interaktiv video: Norsk attraksjon. Musikk-Bergen. BergenByApp. RailMate.
- Juni 2011: StudentDemo for INFOMEVI270: Mentor - en app for studenter som er nye ved Universitetet i Bergen.
Publikasjoner
Innleiing
I denne seksjonen presenterer eg publikasjonar som er knytt spesifikt til forsking, og ikkje formidling eller undervisning. Gjennom ein karriere på tretti år har eg publisert svært mykje på ulike område. Her fokuserer eg på satsinga dei siste 10-12 åra.
Publikasjonsstrategi
Frå ca. 2015 gjorde eg ei strategisk endring i min forskingsprofil. Eg slutta heilt å forska med tradisjonelle medievitskaplege metodar slik som kvalitative intervju, tekstanalyse eller historiske studier. Min karriere som radioforskar og publikumsforskar tok i realiteten slutt, og eg valgte å fokusera 100 % på det som kan kallast «mediedesign».
Mediedesign har som mål å byggja bru mellom medievitskap og informasjonsvitskap for å laga verdifulle løysingar for norsk kultur og samfunn. Eg samarbeider no med praktisk orienterte forskarar i informasjonsvitskap, interaksjonsdesign og entreprenørskap, og faglærarar innan praksisområde innan journalistikk, TV-produksjon og andre medieformer.
Slik forsking er «postnormal» i forhold til etablerte disiplinar, og det er vanskelegare å få den publisert i tradisjonelle tidsskrift. Dette er ein risiko eg er villig til å ta for å bidra til å etablera eit nytt felt.
Forsking på design og innovasjon
Karl Marx sa at vitskapsmannen ikkje berre kan tolka verda; han må forandra verda direkte. Medieforskarar kan ikkje berre analysera media, me må laga forslag til nye løysingar. Eg vil leggja til rette for utforsking av ansvarleg design og innovasjonsprosjekt knytt til ny medieteknologi, og driv med ein spesiell type medievitskap som kan kallast syntetisk.
Medievitskap er basert på tilnærmingar frå humaniora og samfunnsvitskap, og dei er grunnleggjande analytiske. Analyse er kritisk. Den vurderer svakheiter, motsetningar og dårlege effektar på folks liv. Analyse består i å ta frå kvarandre det som allereie er sett saman for å sjå kritisk på komponentane. Det er ein fortidsorientert forskingspraksis, der forskaren bruker metodar som kan bidra til å samla informasjon om kulturell og sosial praksis for å analysera kvalitetane deira. Dette gjer humaniora og samfunnsvitskap dårlege til å orientera seg mot framtida.
Påstanden min har lenge vore at dette ikkje er nok! Det må vera syntetiske mediestudium. Syntese består i å setja saman komponentar til ein ny heilskap som er større enn summen av delane. Syntese er konstruktivt ved å prøva å løysa dei problema som kritisk analyse peikar ut. Medieforskarar er vanlegvis ikkje villige til å gå denne vegen.
Publikasjonar innan design og innovasjon:
- Nyre, Lars (red) (2025) Temanummer om iinnovasjonspedagogikk. Norsk medietidsskrift 31(2-3). Dobbeltnummer med seks vitenskapelige artiklar og et essay. Gjesteredaktør Lars Nyre.
- Nyre, Lars (2025) Innovasjonspedagogikk. Ein metode for å ta i bruk ny teknologi i medieutdanningar. Norsk medietidsskrift 31(2-3): side 1–3.
- Trageton, Sigmund og Lars Nyre (2025) Diskusjon i undervisninga og podkasting i vurderinga. Eit forsøk på å styrka studentanes munnlege engasjement i møte med skjermteknologi og ChatGPT. Norsk medietidsskrift 31(2-3): 1-17.
- Maiden, Neil, Konstantinos Zachos, Suzanne Franks, Lars Nyre & Carl-Gustav Linden (2023) Automating Science Journalism Tasks: Emerging Opportunities. In Journalism Practice. DOI: https://doi.org/10.1080/17512786.2023.2226116 (open access).
- Nyre, Lars (2023) Future Shock! What Should Media Scholars Do? NordMedia Network, June 23rd 2023. Link: https://nordmedianetwork.org/latest/news/future-shock-what-should-media-scholars-do/.
- Nyre, Lars og Fredrik Håland Jensen (2023) Mediedesign: en postnormal undersökning av framtidens tekniska medielösningar i Martin Berg, Maria Engberg og Sara Leckner (red) Tekniska mediestudier. En introduktion till metoder och teknologier. Stockholm: Studentlitteratur.
- Joakim Vindenes og Lars Nyre (2023) Prototyping first-person viewer positions for VR narratives with storyboards and pilot productions. Journal of Screenwriting 14(3): 251 - 269. DOI: doi.org/10.1386/josc_00133_1
- Nyre, Lars and Neil Maiden (2022) Can action research improve local journalism? In Nordicom Review 43 (2): 171 - 189. DOI: https://doi.org/10.2478/nor-2022-0011.
- Nyre, Lars (2021) Designing collective intelligence to improve the democratic public. A dialogue between Anna De Liddo and Lars Nyre. In Norsk medietidsskrift 28(2). Side 1–8. DOI: https://doi.org/10.18261/ISSN.0805-9535-2021-02-06
- Nyre, Lars and Joakim Vindenes (2020) Immersive journalism as witnessing. In Uskali, Turo & Astrid Gynnild (eds) Immersive Journalism as Storytelling: Ethics, Production and Design. London: Routledge (Media and Journalism Studies).
- Nyre, Lars (2020) Tre spørsmål om metodeutvikling i medievitskapen. Norsk medietidsskrift 27(1). Side 1–5. https://doi.org/10.18261/ISSN.0805-9535-2020-01-08.
- Maiden, Neil, Lars Nyre et.al. (2018) Making the News: Digital Creativity Support for Journalists. CHI '18: Proceedings of the 2018 CHI Conference on Human Factors in Computing Systems. Paper No.: 475. Pages 1–11. DOI: https://doi.org/10.1145/3173574.3174049
- Hoem, Jon og Lars Nyre (2018) Tilhører. En prototype på fremtidens omsluttende radio. Norsk medietidsskrift 25(1): 1–19. DOI: https://doi.org/10.18261/issn.0805-9535-2018-01-04
- Guribye, Frode, Lars Nyre & Astrid Gynnild (2018) Kameradroner som journalistisk verktøy - et designeksperiment i høyere utdanning. I Astrid Gynnild (Red.) Droner i sivilsamfunnet. Oslo: Cappelen Damm Akademisk, p. 101-120.
- Nyre, Lars, Frode Guribye & Astrid Gynnild (2018) «Taking risks with drones. Responsible innovation pedagogy for media education". In Gynnild & Uskali (eds.) Responsible Drone Journalism. Abingdon: Routledge Focus, p. 71-85.
- Nyre, Lars, Joao Ribeiro and Bjørnar Tessem (2018) «Business models for academic prototypes. A new approach to media innovation». Journal of Media Innovation 4(2).
- Midtun, Joar, Bjørnar Tessem, Simen Karlsen & Lars Nyre (2017) "Realistic face manipulation by morphing with average faces". Norsk Informatikkonferanse 2017. Henta frå https://ojs.bibsys.no/index.php/NIK/article/view/426.
- Nyre, Lars, Jon Hoem, Bjørnar Tessem & Johannes Ringheim (2017) Designing the Auditor: A Prototype of Locative Radio with Original Sound Content. Journal of Radio & Audio Media 24(1): 90-110.
- Tessem, Bjørnar, Simen Skaret Karlsen og Lars Nyre (2016) "Mobilen som distribusjonskanal for hyperlokale nyheiter". NOKOBIT.
- Bjørnar Tessem, Solveig Bjørnestad, Weiqin Chen, Lars Nyre (2015) «Word Cloud Visualisation of Locative Information», Journal of Location-based Services. 9(4): 254-272.
- Nyre, Lars (2015) Akademiske prototypar. Ei retning for medieutviklinga på Vestlandet i Bjerke, Paul, Lewe, Thomas, Sivertsen, Erling, Strøm, Gunnar og Werenskjold, Rolf (red) (2015) Festskrift for Sverre Liestøl. Oslo: Forlag 1, s. 165-181.
- Nyre, Lars (2015) "Designing the Amplifon. A locative sound medium to supplement DAB radio". Journal of Media Innovations, vol 2(2): 58-73).
- Nyre, Lars (2014) ”Amplifon. På sporet av et mer intelligent radiomedium”. Nordicom-Information 36(4): 92-96.
- Nyre, Lars (2014) ”God lokaljournalistikk berre på nett: Hypotetisk redesign av avisa Hordaland på Voss”, in Krumsvik and Morlandstø (eds) Innovasjon og verdiskaping i lokale medier, Cappelen Damm Høyskoleforlaget 2014.
- Nyre, Lars (2014) “Media design method. Combining media studies with design science to make new media”. Inaugural issue of Journal of Media Innovations. Vol 1(1).
- Nyre, Lars, Solveig Bjørnestad, Bjørnar Tessem and Kjetil Vaage Øie (2012) Locative journalism: Designing a location-dependent news medium for smartphones. Convergence18(3): 297–314. DOI: DOI: https://doi.org/10.1177/1354856512441151
- Nyre, Lars (2010) ”Experimenting with new media for journalism”, in Nordicom Information 32(2-3): pp. 83-93.
- Nyre, Lars (2007) Minimum journalism. Experimental procedures for democratic participation in sound media. Journalism Studies 8(3): 397-413. DOI: https://doi.org/10.1080/14616700701276158
Prosjekter
Innovasjon
Mitt arbeid med innovasjon tek utgangspunkt i at ein professor har fire oppgåver: forsking, formidling, undervisning og innovasjon.
Her introduserer eg fyrst min innovasjonsstrategi, og presenterer deretter nokon av innovasjonsprosjekta eg har vore med på. Deretter listar eg opp dei innovasjonssøknadene eg har vore mentor for.
Innovasjonsstrategi
Innovasjon er eit ganske nytt tilskot til oppgåvene i akademia, og er ikkje anerkjent på same måte som dei tre andre. Mange akademikarar er skeptiske til å skulla skitna til hendene sine med innovasjon, noko eg har påtalt i Khrono.
- Lars Nyre (2025) Hjelp! Korleis kan vi bli innovative? Debattinnlegg i Khrono 28. mars 2025.
- Lars Nyre (2022) Universiteta kjem ingen veg med å gjera narr av innovasjon. Debattinnlegg i Khrono 28. september 2022.
Mitt bidrag til medieinnovasjon skjer ikkje på vegner av ei viss mediebedrift, ein offentleg instans eller forening, men på vegner av det norske samfunnet heilt generelt. Eg avstår planmessig frå sjølv å investera i forretningsprosjekt, og eg unngår også offentlege verv, styremedlemskap eller andre rollar der eg måtta ha fremja ei spesifikk interesse.
Slagordet mitt er: "Eg vil heller dra til Hallingdalen enn Silicon Valley". Det betyr at eg brukar mine ressursar på å bidra til innovasjonsprosjekt som vert konstruert i lokale og regionale omgivnader. I Noreg må me byggja våre eigne teknologiar, kompetanse og verksemder frå grasrota og opp. Me kan ikkje stola på avansert importert teknologi frå Google, Facebook og Apple. Eg vil heller stå ustøtt på ei lita tue her heime enn å stå fjellstøtt i ein allianse med globale bedrifter frå Silicon Valley i USA.
Initiate Entrepreneurship Training (2025)
Eg bidrog til ein workshop for internasjonale Phd-studentar i geovitenskap organisert av Marie Sklodowska-Curie-aksjonen INITIATE. Eg var ansvarleg for innovasjonsmetodane som blei brukt. På workshopen var det tre team med Phd-studentar som utforska moglegheiter for å laga konsulenttenester på grunnlag av ekspertisen dei har i geovitenskap. Workshopen brukte to metodar som er meinte å hjelpa eit team med å formulera verdiforslag. Googles designsprint hjelper dei å utforska moglege problem som kan løysast med deira forslag, og lean canvas-metoden er meint å hjelpa dei å utvikla ein forretningsmodell for forslaget. Studentane presenterte resultata sine på ein offentleg DEMO fredag 14. mars 2025.
TekLab (2014 - )
TekLab er det fremste verkemiddelet eg har for mediedesign og innovasjonsprosjekt. TekLab er eit nettverk for studentaktiv teknologiutvikling, som eg er leiar for, og som for tida vert støtta av HK-dir under program for studentaktiv læring og tiltak for økt arbeidslivsrelevans i høgare utdanning. TekLab har tidlegare hatt status som forskingsnettverk for "Teknologi og materialmiljø" i SAMKUL, Noregs forskingsråd i 2018-2019.
Tipps (2019 - )
Prosjektet Tipps viser godt korleis studentar kan bidra til innovasjon. Tipps er ei teneste som hjelper lokalaviser å ta imot nyheitstips særleg frå ungdom. Tipps er no eit kommersielt produkt som vert drifta av firmaet Future Solutions på Bømlo. Produktet begynte som ein prototype kalt Ekko som vart laga av bachelorstudentar ved UiB i 2019. To studentgrupper har seinare bidratt til å vidareutvikla prototypen, og det er Tipps vol.2 - Ungdommen har også nyheter ved Universitetet i Stavanger og Gi oss et lite vink ved Universitetet i Bergen.
Finansiering av Tipps:
- 2018: Finansiering av SkatteFUNN Hallingdølen prosjekt 289108 i samarbeid mellom Hallingdølen, konsulentselskapet Future Solutions og TekLab. Prosjektet bygger på studenters prototype i kurset MIX250.
- 2018: Finansiering av SkatteFUNN Hordaland Bladdrift prosjekt 305648i samarbeid mellom Hordaland, konsulentselskapet Future Solutions og TekLab. Prosjektet bygger på studenters prototype i kurset MIX250.
INJECT (2016 – 2018)
INJECT star for “Innovation Journalism – Enhanced Creativity Tools” og var eit forskings- og utviklingsprosjekt leia av professor Neil Maiden ved City University London. Det var finansiert av EUs Horizon 2020 forskings- og innovasjonsprogram frå 2017-2018. Det var eit stort anlagt samarbeid mellom institusjonar i Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Nederland, Hellas og Noreg. Eg var leiar for det norske delprosjektet.
Studentbaserte innovasjonsprosjekt
Eg er mentor for ei rekke entreprenørskapsprosjekt der kollegaer og studentar går vidare med idéar dei har fått i forsking og utdanning.
- 2025: Mentor for søknad til UiB Idé ved masterkandidat på Psykologisk fakultet Carmen Angelina van Arragon: «Making a Game Plan: Developing a Serious Game for Young Refugees». Prosjektet er pt. under behandling.
- 2024: Deltakar i søknad til UiB Idé ved professor Jens Elmelund Kjeldsen: «My AI Speech Coach: Building Confidence and Democracy». Søknaden vart ikkje innvilga.
- 2024: Mentor for ein søknad til STUD-ENT (Norges forskningsråd) for eit webside-prosjekt kalt EduVisor drive av dataingeniørstudentar ved HVL leda av PhD-kandidat Miriam Ylvasdatter Ladstein. Søknaden vart ikkje innvilga.
- 2023: Mentor for søknad til UiB Idé ved bachelorkandidat på MIX Hedvig Bache Hungnes og medstudentar: Studybuddies. Søknaden vart innvilga 100.000 kr til vidare utvikling og kommersialisering.
- 2023: Mentor for søknad til UiB Idé ved kollega John Magnus R. Dahl i Media Futures: Safe Space - The responsible dating app. Søknaden vart ikkje innvilga.
- 2021: Mentor for søknad til UiB Idé ved student Gianmarco Caruso basert på hans masterprosjekt: Diem: A math-less clock for people with Down syndrome. Søknaden vart innvilga 100.000 kr til vidare utvikling og kommersialisering.
- 2021: Mentor for søknad til UiB Idé frå ei studentgruppe på kurset MIX250 med prosjektet WindFace. Søknaden vart ikkje innvilga.
- 2021: Mentor for søknad til UiB Idé frå ei studentgruppe på kurset MIX250 med prosjektet Værkampen. Søknaden vart ikkje innvilga.
- 2021: Mentor for Jo Fridstrøm, masterstudent ved UiS, som var praktikant i TekLab i samband med sitt masterprosjekt i samfunnssikkerhet ved UiS. Jo bidro sterkt til innovasjonsprosjektet Tipps.
- 2019: Mentor for PhD-kandidat Joakim Vindenes og masterstudent Audun Klyve Gulbrandsen i forbindelse deira søknad om STUD-ENT-midlar frå Norges Forskningsråd. Dei fikk 1.000.000 kr til å etablere selskapet Spello.
- 2017: Mentor for Yan Kai, en masterstudent ved Vienna University of Technology. Hun var Erasmus+-praktikant ved TekLab. Les hennar artikkel "First ever Erasmus intern at TekLab".