Magdalena Wicher
Stilling
Ph.d.-kandidat
Tilhørighet
Arbeid
Magdalena Wicher jobbar med potensialet i ansvarleg og berekraftig forsking (RRI – Responsible Research and Innovation). Wicher studerar påverknaden på og samhandlinga denne forskinga har med samfunn, vitskap, politikk og lovgiving.
Sidan 2019 har ho vore medlem av forskargruppa "Techno-Science & Societal Transformation" og har jobba med innføring, evaluering og observering av RRI. I skrivande stund (2020) er ho involvert i prosjektet Scientific Understanding and Provision of an Enhanced and Robust Monitoring system for RRI (SUPER MoRRI), der ho er ansvarleg for arbeidspakken (WP) “Societal, scientific, democratic and economic benefits of RRI."
Sidan desember 2019 har ho vore doktorgradsstipendiat ved Senter for vitskapsteori (SVT) ved UiB. I doktorgraden sin fokuserar ho på styringsaspekt av RRI.
Wicher studerte psykologi med eit fokus på miljøpsykologi og kjønnsstudiar ved Karl-Franzens-University of Graz og skreiv masteroppgåva si som ein del av prosjektet "Build to Satisfy" (innanfor området energi- og klimaforsking) i miljøpsykologi. Sidan då har ho vore involvert i nasjonale og internasjonale prosjekt.
Frå 2014 til 2017 var ho forskar ved IFZ – det tverrfaglege forskingssenteret for teknologi, arbeid og kultur - innanfor følgande forskingsfelt: Kvinner*- teknologi - miljø, energi og klima og matsystem.
Ho er medlem av RRI-plattforma i Austerrike innanfor arbeidsgruppa Queer STS og styremedlem i organisasjonen “Network Psychology and Environment.”
Formidling
Magdalena Wicher blei utnemnd til Evaluation Talent 2021 av Austrian Platform for Research and Technology Policy Evaluation (fteval). Sjå intervju her.
Medredaktør: Volum 5 av QueerSTS Forum: Queer-feminist issues in pandemic times. (2020)
Undervisning
Ho underviser ved Alpen Adria University of Klagenfurt og var også førelesar ved University of Graz. Sidan 2019 har ho vore ein del av den austerrikske førelesingsserien “Lectures for Future."
Prosjekter
Sidan desember 2019 har ho vore doktorgradsstipendiat ved Senter for vitskapsteori (SVT) ved UiB. I doktorgraden sin fokuserar ho på styringsaspekt av RRI.
I skrivande stund (2020) er ho involvert i prosjektet Scientific Understanding and Provision of an Enhanced and Robust Monitoring system for RRI (SUPER MoRRI), der ho er ansvarleg for arbeidspakken (WP) “Societal, scientific, democratic and economic benefits of RRI." Ved SVT er Roger Strand prosjektleiar for Super MoRRI.