Marta Eide

Stilling

Førstebibliotekar, Fagleg leiar for forskingsstøtte

Tilhørighet

Forskning

Leiar faggruppa for forskingsstøtte knytt til Seksjon for utdannings- og forskingsstøtte (UFS). Ansvarleg for utvikling, drift og profilering av forskingstenester frå Universitetsbiblioteket som bidreg til å styrke kvalitet i UiBs forsking. Deltek også i tverrgåande arbeidsgrupper ved UiB, bl.a. arbeidsgruppe for forskingsdata, BOA-teamet og UiB Ferd. 

Tidlegare var eg seniorrågjevar i 'Data and models' aktivitetane til Senter for digitalt liv Norge, DLN2.0, eit initiativ frå Norsk Forskingsråd for å transformere utdanning og forsking innan bioteknologi og digital livsvitenskap gjennom transdisiplinaritet. Mi rolle inkluderte rådgjeving for god datahåndtering og RRI i forskingsprosjekt, tilrettelegging for meir tverrfaglege og samfunnsnære samarbeid, og strategisk arbeid for å styrke desse aspektene av forsking i Norge.

Bakgrunnen min er frå molekylærbiologi og miljøtoksikologi ved Universitetet i Bergen. Eg har studert korleis miljøgifter påverkar marine organismar gjennom molekylære prosessar, og korleis involverte gen og protein kan identifiserast i genomet. Eg var tidlegare postdoc og prosjektkoordinator for dCod 1.0-prosjektet, der målet var å forstå meir om korleis torsken reagerer på, og tilpassar seg, forureiningar i miljøet.

 

 

Formidling

Kronikk i Khrono: Slik kan Forskingsrådet sørge for meir deling av forskingsdata (2021)

Instagram-profilen @marta_forskar: Innblikk i miljøtoksikologi, bioteknologi og livet i akademia gjennom grafisk illustrasjon. Dette arbeidet vart støtta av Senter for Digitalt Liv Norge (2020-2021). 

Undervisning

Lecture on RDM requirements from institutions and funding bodies - Data management planning workshop for Life Science

Tidlegare: Utvalgte emner i miljøtoksikologi (BIO316)

Publikasjoner
Vitenskapelig artikkel
Vitenskapelig foredrag
Faglig foredrag
Kronikk
Populærvitenskapelig artikkel
Intervju
Poster
Doktorgradsavhandling
Sammendrag/abstract

Se en full oversikt over publikasjoner i Cristin