Kort info
Arbeid
Forskingsfelt
- Utdanningssosiologi: spesialisering på sosial reproduksjon av klasseskilje i skule, familie og heimemiljø.
- Samfunnsfagdidaktikk: spesialisering på faglege ferdigheiter og elevar si oppfatting av faget.
- Lærar- og lektorutdanning: vilkåra for studentar si profesjonsutvikling og danning på mikro, meso og makro-nivået.
Prosjekt:
-Ph.d.-stipend i samfunnsfagdidaktikk: Etnografisk feltstudie om sosial klassebakgrunn si rolle for samfunnsfaglege ferdigheiter. Studien nyttar sosiologisk teori og metode i tradisjonen etter Bourdieu, og bidrar til det tverrfaglege forskingsfeltetet samfunnsfagdidaktikk i Noreg og Norden.
- Eide har fullført Nasjonal forskerskole for lærerutdanning (NAFOL), kull 7, for perioden 2016-2019. https://www.ntnu.no/nafol
-Masteroppgåve: Klasse og (sosiopolitiske) haldningar til ulikskap i Noreg. Ein kvantitativ komprativ survey-analyse i dataprogrammet SPSS. Internasjonale data frå ISSP Social Inequality-serien. (Faktor- og regresjonsanalyser m.m.)
-Bacheloroppgåve: Betydinga av sosio-økonomisk ulikskap og klasseomgrepet i norsk valforsking (litteraturanalyse)
Formidling
Formidling på internasjonale og nasjonale konferansar og fagseminar, primært innan samfunnsfagdidaktikk. Sjå cristin.
Undervisning
Eg underviser for tida på grunnskulelærarutdanninga (GLU 5-10) på NLA høgskolen, campus Kalfaret. På Seksjon for samfunnsfag har eg mellom anna ansvar for bachelor- og masterrettleiing- og sensur, masterseminar og profesjonsretta praksisrettleiining. Eg har erfaring med emneansvar frå både Universitetet i Bergen og NLA, både på nye og etablerte emne. For tida underviser eg mellom anna på emna:
- Samfunnsfaglige perspektiver på mangfold og fellesskap (master-spesialisering i samfunnsfag)
- Vitenskapsteori og metode for den forskende lærer (masternivå GLU 1-7+5-10)
- Samfunnsfag 1 og 2 (bachelornivå, GLU 5-10)
- Masteroppgave i samfunnsfag (seminar-undervising)
- Samfunn, religion, livssyn og etikk (bachelornivå, barnehage-lærarutdanninga)
- Profesjonsveildening + praksis GLU4
Tidlegare har eg undervist på Det Samfunnsvitenskapelige fakultet si lektorutdanning og årsstudium "Praktisk pedagogisk", og "Lektor i samfunnsfag (sosiologi), master, 5 år".
- Samfunnsfagdidaktikkk 1 og 2 (haust og vår)
- SAKDI111 - Samfunnskunnskapsdidaktikk 2 (integrert lektorutdanning)
- PPUPRA 101/102 (1 og 2 semester)
Publikasjoner
Vitenskapelig artikkel
- Eide, Thomas Ringen (2024). Verdifulle ferdigheiter. Ulike perspektiv på samfunnskunnskap.. (ekstern lenke)
- Eide, Thomas Noven (2023). Elevar sine opplevingar og bruk av ferdigheiter i samfunnskunnskap: Ein kvalitativ studie av sosiale klasseskilje i norsk vidaregåande skule.. (ekstern lenke)
- Eide, Thomas Noven (2021). Kritikk i samfunnskunnskap: rettkomne og bandlagde elevar. Ein kvalitativ studie av klasseskilje på ein vidaregåande skule.. (ekstern lenke)
Se en full oversikt over publikasjoner i Cristin
Artikkelbidrag frå doktorgradsstudien:
Prosjekter
Ph.d.-prosjekt til vurdering:
Ferdigheiter i feltet - Ein kvalitativ studie av ferdigheitsforståingar og sosiale klasseskilje blant elevar i samfunnsfagundervisning VG1/VG2.
Overordna problemstilling: "Kva rolle spelar sosial klassebakgrunn for elevar sine ferdigheiter i samfunnsfag, og kva ferdigheitsforståingar ligg til grunn i skulefaget"