Thorvald Sirnes

Stilling

Professor

Tilhørighet

Forskergrupper

Forskning

Teoretisk har eg vore prega av nyare fransk, tysk og italiensk sosialfilosofi og politisk filosofi. Dette har ført til at dei intellektuelle interessene mine har handla om å bruka filosofiske perspektiv på empirisk forsking, å knytta (eller gjenoppdaga) forbindelsar mellom sosialvitskaplege og humanistiske tradisjonar og generelt å utvikla filosofiske forståelsar utfra aktuelle sosiale og kulturelle utfordringar og utviklingstrekk.

Eg har vore engasjert i problem knytta til normalitet/avvik, disiplinering, overskridelse og moralsk makt i politiske og institusjonelle diskursar. Eit aspekt som har gått igjen på disse felta har vore ei alternativ forståelse av velferdsstatens historiske og normative grunnlag, eller den såkalte  "nattsida". Empirisk har disse perspektiva blitt anvendt i studier av arbeidsliv, eugenikkens historie, biopolitikk, abortpolitikk, human bioteknologi og verdipolitikk. Eg har hatt prosjekt om endringar i norsk verftsindustri, politisk forståelse av human bioteknologi i Norge og Storbritannia, biobankar, selektiv abort, stamcellepolitikk, religion og bioteknologi, Verdikommisjonen og Godhetsregimet.

Dei siste åra har mykje av forskingsinteressa mi dreia seg om India, særleg om religion- og kastedimensjonane. Dette har gått i to retningar. Eg har nær kontakt med politisk aktive dalitar i Hyderabad  og Delhi, og eg har hatt eit lengre opphold blant Nagababaer i Nord-India, som tilhørte Juna- og Nath-familiane. Dette var først og framst ei djup personleg erfaring, men det kan også (eller nettopp derfor) sjåast som eit feltarbeid. Eg har vore engasjert i å utvikla ei tenking omkring "Moral Imaginaries" i India, Kina og Europa/Nord-Amerika. Det handlar om at dei dominerande normative regimene inanfor dei ulike kulturkretsane bygger på spesifikke historiske erfaringar (t.d. holocaust), som fungerer som lærestykker som gir premissa for korleis det er moglig å tenka og forestilla seg dei sentrale politisk-moralske dimensjonane og dilemmaene.

Biografi på Allkunne.no

 

Formidling

Seminar arrangert av Universitet i Bergen, Universitet i Oslo og Special Center for the Study of North East India (Jawaharlal Nehru University, New Delhi): Silent Whispers: Cosmologies, Nature-Human Relationship and Ecological Distress in Northeast India (NEI). 13.-14. desember, 2022

Undervisning
Publikasjoner
Vitenskapelig artikkel
Anmeldelse
Kronikk
Vitenskapelig foredrag
Doktorgradsavhandling
Vitenskapelig Kapittel/Artikkel/Konferanseartikkel
Mastergradsoppgave
Populærvitenskapelig foredrag
Leserinnlegg
Hovedfagsoppgave
Intervju
Vitenskapelig antologi/Konferanseserie
Fagbok
Populærvitenskapelig artikkel
Lærebok

Se en full oversikt over publikasjoner i Cristin