Prosjektbeskrivelse
Brear er effektive agensar som skurer på overflata. Materiale som breen produserer blir sendt med smeltevatnet nedstraums og avsett i ulike naturlege basseng (til dømes innsjøar). I dette prosjektet skal det takast innsjøkjernar frå fleire basseng i nærleiken til breane (til dømes Vetle Andisvatn, Flyvotni og Hornsvotni) som vidare skal analyserast i lab og knyttast til breane si ending i tid og rom. I samband med dette er det naudsynt med ein grundig kvartærgeologisk kartlegging av nedslagsfeltet til breen basert på feltarbeid og undersøking av flyfoto/LiDAR-data, samt undersøking av andre brear rundt fjellmassivet.
Området er overraskande lett tilgjengeleg då det ligg vest for turistvegen mellom Aurland og Lærdal. Det er forventa at kandidatane kan gjennomføre feltarbeid på eiga hand, samt er vand med å vere i høgfjellet i Noreg. Tilgang på bil er ein føremon. I hovudsak er det ønska to studentar på dette prosjektet.
Forskingsspørsmål: Korleis har breane variert dei siste 2000 åra? Er det samanheng mellom ekstreme klimahendingar og slutten på den organiserte fangsten av rein i området?
Prosjekta har som mål vil gi ny kunnskap om klimavariasjonar i høgfjellsområda på Vestlandet og korleis desse har påverka menneskeleg bruk av fjellet. Resultata vil ha stor verdi for både naturvitskapleg og kulturhistorisk forsking. Me forventar å laga høgoppløyseleg tidsserie for bre- og skavlhistorie dei siste 2000 åra samt styrka tverrfagleg samarbeid mellom geologi og arkeologi gjennom prosjektet.
For å starte på dette prosjektet må ein ha tatt GEOV110 / Innføring i kvartærgeologi, GEOV230 / Glasialgeologi og geomorfologi, eller tilsvarande.
Felt- lab- og analysearbeid
Studentane skal gjennomføre ei kvartærgeologisk kartlegging ved hjelp av feltarbeid (1-3 veker), studiar av LIDAR og flyfoto som seinare skal integrerast i ArcGIS. Studentane skal vera med på kjernetaking i felt, samt gjennomføre labarbeid av innsamla materiale ved EARTHLAB.