Prosjektbeskrivelse
Jølstravatnet ligg i Sunnfjord kommune i Vestland fylke og er eit djupt fjordinnsjøsystem med eit stort nedslagsfelt. Under flaum aukar elvane sin kapasitet og kompetanse, og store mengder sediment vert transportert ut i innsjøen. Når vatnet møter den stilleståande innsjøen, søkk hastigheita i elva og sedimenta blir avsett. Slike ekstremhendingar dannar karakteristiske flaumlag som skil seg tydeleg frå den ordinære sedimentasjonen i innsjøen. I dette prosjektet vil me fokusera på området utanfor Svidalen og Svidalsneset, der me vil henta opp sedimentkjernar langs eit transekt for å kartleggja det sedimentære avtrykket etter 2019-hendinga. Kjernedata vil verta kopla mot hydrauliske simuleringar, hydrologisk modellering og meteorologiske observasjonar for å rekonstruera storleiken og dynamikken til flaumen. Saman vil dette gje ei heilskapleg forståing av korleis ei slik 200-års hending manifesterer seg i sedimentarkivet, og korleis ein slik signatur kan nyttast til å identifisera tilsvarande hendingar lenger attende i tid.
Forskingsspørsmål:
- Kva er den sedimentologiske signaturen til 2019-flaumhendinga i Jølstravatnet, og korleis skil ho seg frå den bakgrunnssedimentasjonen?
- Er det mogleg å identifisera spor etter tidlegare samanliknbare hendingar i sedimentarkivet, og kor ofte har slike ekstremflaumar skjedd i Jølstravassdraget?
Studenten som skal jobbe med dette prosjektet må ha tatt GEOV110 eller tilsvarande.
Felt- lab- og analysearbeid
Studenten skal gjennomføra kvartærgeologisk kartlegging av nedslagsfeltet til Jølstravatnet ved hjelp av feltarbeid (1–3 veker) og analyse av flyfoto og LiDAR-data. Resultat og terrengmodellar skal visualiserast og analyserast i GIS. Studenten vil delta på kjernetaking, og deretter analysera sedimentkjernane med ulike metodar og instrument ved sedimentlaboratoriet EARTHLAB ved UiB (ca. 1–2 månader). Hydrauliske simuleringar og hydrologisk modellering vil verta utført i samarbeid med rettleiarar og eventuelt eksterne partnarar med kompetanse på flaummodellering.