Prosjektbeskrivelse
Berggrunnsgeologien i nedslagsfeltet gjev dette prosjektet ei særleg metodisk moglegheit. Langs Åbjøra er bergrunnen relativt einsarta og dominert av granitt, medan det rundt sjølve Åbjørvatnet finst ein meir variert geologi med skifer og kalkhaldig berggrunn. Denne overgangen mellom ulike bergartar gjer det mogleg å spora sediment frå ulike kjelder og såleis skilja mellom flaumlag som stammar frå hovudelva Åbjøra og sedimenter frå fjellsidene rundt innsjøen. Dette opnar for ei meir nyansert forståing av kva hydrologiske og geomorfologiske prosessar som er aktive under ulike typar flaumhendingar.
Under flaum aukar elvane sin kapasitet og kompetanse, og store mengder sediment vert erodert og transportert ut i innsjøen. Der vatnet møter innsjøen, søkk hastigheita og sedimenta akkumulerer seg på botnen som karakteristiske flaumlag. Desse laga skil seg tydeleg frå den ordinære sedimentasjonen og kan, i kombinasjon med ein robust kronologi, nyttast til å rekonstruera flaumfrekvens over lang tid.
Målet med prosjektet er å kombinera sedimentkjerner frå Åbjørvatnet med den lange instrumentelle dataserien frå NVE for å gje ei heilskapleg rekonstruksjon av flaumregimet i Åbjøravassdraget frå fortida og fram i dag (og kanskje mot framtida).
Forskingsspørsmål:
- Kva er den sedimentologiske signaturen til flaumhendingar i Åbjørvatnet, og korleis kan berggrunnsgeologien nyttast til å skilja mellom sediment frå Åbjøra og frå fjellsidene rundt vatnet?
- Korleis har flaumfrekvens variert gjennom holosen, og kan denne variasjonen knytast til kjende klimatiske endringar?
- Korleis samsvarar det sedimentære flaumarkivet med dei instrumentelle vassføringsdataa frå NVE (1908–i dag), og kva seier dette om kalibreringspotensialet for eldre flaumrekordar?
Studenten som skal jobbe med dette prosjektet må ha tatt GEOV110 eller tilsvarande.
Felt- lab- og analysearbeid
Studenten skal gjennomføra kvartærgeologisk kartlegging av nedslagsfeltet til Åbjørvatnet ved hjelp av feltarbeid (1–3 veker) og analyse av flyfoto og LiDAR-data. Resultat og terrengmodellar skal visualiserast og analyserast i GIS. Studenten vil delta på kjernetaking i felt, og deretter analysera sedimentkjernane med ulike metodar og instrument ved sedimentlaboratoriet EARTHLAB ved UiB (ca. 2 månader). Geokjemisk og mineralogisk analyse av sedimenta vil nyttast til å identifisera kjeldemateriale frå høvesvis granittisk og skifer-/kalkhaldig berggrunn, og resultata vil verta kopla mot dei instrumentelle vassføringsdata frå NVE.