Rekonstruksjon av holosen flaumhistorie ved Leirbotnvatnet i Troms og Finnmark

Medan store delar av Noreg ventar seg meir ekstremnedbør og hyppigare flaum i framtida, peikar klimamodellane i ei anna retning for innlandet i Troms og Finnmark: ein tydeleg reduksjon i framtidig flaumstorleik som følgje av minkande snødekke og endra snøsmelteregime. Leirbotnvatnet (70,107°N, 23,553°A, 158 m.o.h.) nær Alta ligg midt i dette klimatisk sensitive området og gjev ein sjeldan moglegheit til å studera korleis snødominerte vassdrag responderer på klimaendringar over tid.

Veildere

Hovedveilder: Pål Ringkjøb Nielsen, UiB-GEO
Medveilder: Jostein Bakke , UiB-GEO

Prosjektbeskrivelse

Under vårflaum og intense nedbørsperiodar aukar elvane sin kapasitet og kompetanse, og sediment vert erodert frå nedslagsfeltet og transportert ut i innsjøen. Der vatnet møter innsjøen, fell hastigheita til elva og sediment blir akkumulert seg på botnen som karakteristiske flaumlag. Desse laga har ofte stor kontrast mot bakgrunns sedimentasjonen og kan, i kombinasjon med ein robust kronologi, nyttast til å rekonstruera flaumfrekvens attende i tid og såleis setja dei venta framtidige endringane i eit langsiktig perspektiv.

Nedslagsfeltet til Leirbotnvatnet dekkjer eit areal på omlag 135 km², der elva Sarvisjoki er det største tilløpet til innsjøen. NVE har målt vassføring og vasstand ved utløpet av vatnet sidan 1961, og denne instrumentelle tidsserien på over 60 år utgjer eit verdifullt grunnlag for å forstå det moderne flaumregimet og for å kalibrere arkivet i innsjøen. I eit vassdrag der snøsmelting tradisjonelt har vore den dominerande flaummekanismen, er det særleg interessant å undersøka korleis tidlegare periodar med varmare eller kaldare klima har sett spor etter seg i sedimenta på botn av vatnet.

Målet med prosjektet er å kombinera sedimentkjerner frå Leirbotnvatnet med dei instrumentelle NVE-dataa og regionale klimarekonstruksjonar, for å avdekkja korleis flaumregimet i Sarvijoki-vassdraget har endra seg gjennom holosen i takt med endringar i temperatur, snødekke og nedbørsmønster.

Forskingsspørsmål: 

  • Kva er den sedimentologiske signaturen til flaumhendingar i Leirbotnvatnet, og korleis kan flaumlag skiljast frå bakgrunnssedimentasjon i eit snødominert vassdrag? 
  • Korleis har flaumfrekvens variert gjennom holosen, og kan denne variasjonen knytast til kjende endringar i temperatur og snødekke i Nord-Noreg? 
  • Korleis samsvarar flaumarkivet med dei instrumentelle vassføringsdataa frå NVE (1961–i dag), og kva seier dette om samanhengen mellom snøsmelting, nedbør og sedimenttransport?

Studenten som skal jobbe med dette prosjektet må ha tatt GEOV110 eller tilsvarande.

Oversikt over studieområdet
Oversikt over studieområdet. Foto Kartverket

Felt- lab- og analysearbeid

Studenten skal gjennomføra kvartærgeologisk kartlegging av nedslagsfeltet til Leirbotnvatnet ved hjelp av feltarbeid (1–3 veker) og analyse av flyfoto og LiDAR-data. Resultat og terrengmodellar skal visualiserast og analyserast i GIS. Studenten vil delta på kjernetaking i felt, og deretter analysera sedimentkjernane med ulike metodar og instrument ved sedimentlaboratoriet EARTHLAB ved UiB (ca. 2 månader). Resultata vil verta kopla mot dei instrumentelle vassføringsdataa frå NVE og regionale paleoklimatiske rekonstruksjonar for å setja flaumhistoria inn i ein breiare klimatisk kontekst

Foreslåtte emner

GEOV217 / Geofarer (haust, 10 stp.)
GEOV222 / Paleoklimatologi (haust, 10 stp.)
GEOV336 / Lab- og metodekurs i kvartærgeologi (haust, 10 stp.)
GEOV225 / Feltkurs i kvartærgeologi og paleoklima (vår, 10 stp.)
GEOV302 / Dataanalyse i geovitenskap (vår, 10 stp.)

Sist oppdatert: 23.06.2026