Å vere politikar i sosiale medier
Politiske diskusjonar på nett eller sosiale medier kan lett bli aggressive. Når sosiale medier er mykje brukt av politikarar – kva er politikarane si eiga rolle i å drive temperaturen opp?
Av: Gudrun Sylte
Published:
Sandra Håkansson er forskar ved Uppsala Universitet og har sidan ho leverte doktorgradsavhandlinga si for tre år sidan raskt inntatt plassen som ein leiiande forskar på feltet politisk representasjon, vald, kjønn og politikk. Dei siste åra har ho delteke i forskingsprosjektet «The Cost of Doing Politics», (ekstern lenke) der ho og hennar kollegaer har nytta data frå Norsk politikarpanel, eit av fire demokratipanel i KODEM.
I politikerpanelet gjorde Håkansson og kollegaene eit eksperiment for å undersøke i kva grad politkarar sjølv er med på å drive opp temperaturen i debatten – eller om dei i større grad vel ein dempande strategi.
– Ei sak er å vite i kva grad politikarar vert utsett for hets. Ei anna er å vite i kva grad politikarane sjølv er med i aggressiv kommunikasjon. Politikarar har ein framskutt posisjon i samfunnet, og når dei deltek i debattar i sosiale medier, kan dei sette tonen i diskusjonen eller inspirere andre, seier Håkansson.
Eksperimentet
For å undersøke dette nytta forskarane eit eksperiment, der respondentane vart bedne om å vurdere korleis dei ville reagere.
Deltakarane vart bedne om å forestille seg eit innlegg om ei sak som dei sjølv postar på Facebook. Fordelt i to tilfeldige grupper, får deltakarane eit frekt svar (alt.1) eller eit meir trakasserande svar (alt 2):
Deltakarane vert bedne om å ta stilling til korleis dei vil respondere på dei to alternativa:
- eit aggressivt svar
- eit humoristisk, men aggressivt svar
- Eit dempande, profesjonelt svar
- Ignorere
I svaralternativa er dei to første karakterisert som eskalerande svar, dei to siste som de-eskalerande svar.
Dei aller fleste vil roe ned debatten
Håkansson peiker på at når me møter trakasserande eller aggresiv kommunikasjon i sosiale medier, kan kvar enkelt av oss velge å eskalere, altså henge seg på, eller ein kan velge å deeskalere, altså ikkje henge seg på eller dempe retorikken.
Resultata frå forskinga viser at dei aller fleste politikarar, både menn og kvinner, vel å ikkje henge seg på. Men av den gruppa som heng seg på dialogen, er det menn som er overrepresentert.
– Me hadde ein hypotese om at menn er i større grad enn kvinner blir med på aggressiv kommunikasjon i sosiale medier. I vår undersøking finn me støtte for denne hypotesen, seier Håkansson.
Kvinner deltek minst, får mest
Blant norske politikarar på Stortinget, oppgjev 90 % at agressiv retorikk ikkje er normalt i den politiske debatten, ifølge Håkanssons bergenske kollegaer Jana Belschner, Ragnhild Muriaas og Vibeke Wang. Likevel, det er godt kjent at kvinner er dei som er mest utsett for trakassering både i sosiale medier og i politikken.
Kvinner deltek mindre i harde og aggressive dialogar i sosiale medier som menn, samstundes er det dei som mottek mest hets.
– Kvinner kan bli svært grovt utsatt i sosiale medier. Menn og kvinner er ulikt posisjonert i sosiale medier, og kvinner påvirkast meir av online trakassering. Det fører til at dei i større grad trekk seg frå ordskiftet, seier Håkansson.
I forskinga finnes det få kvantitative kjelder tilbake i tid, for å kunne vite om trakassering i politikken har endra seg.
- I Sverige finnes ein tidsserie tilbake til 2012. Her ser me at andelen politikarar som vert trakassert aukar i takt med veksten i sosiale medier, og i kva grad sosiale medier vert brukt for å nå ut til folk. Algoritmar og designet til sosiale medier premierer sterke kjensler og mange kommentarar. Plattformane har også eit ansvar, seier Sandra Håkansson.