Norsk fagspråks betydning for tilgang til kunnskap
Kva rolle spelar språk for tilgang til og tillit til kunnskap? På dette nettseminaret set me søkjelys på kva eit velfungerande norsk fagspråk har å seie for at kunnskap skal kunne bli delt og formidla effektivt, både til studentar til alle andre som treng det i samfunnet.
Program
Nina Øglænd Johnsen, utdannings- og læringsmiljøpolitisk ansvarleg i Norsk studentorganisasjon (NSO), innleier om kva fagspråket har å seie for at studentane skal tileigne seg kunnskap i høgare utdanning.
Nina Teigland, konstituert direktør i Språkrådet, tar for seg kva rolle det norske fagspråket i forsking og høgare utdanning spelar for at det norske samfunnet skal ha tilgang på kunnskapen som trengst for å møte utfordringane i samtida.
Guri Sandvik, spesialrådgivar i kommunikasjonsavdelinga i Miljødirektoratet, fortel om kva eit godt norsk fagspråk har å seie for formidlingsoppdraget til direktoratet, og om korleis direktoratet handterer at det ikkje alltid finst norske termar for det dei skal skrive om.
Trude Amundsen, utdanningsforskar og seniorrådgivar i HK-dir, tar utgangspunkt i forskinga si på kommunikasjonskompetanse innanfor den maritime offisersutdanninga – ei utdanning der både norsk og engelsk fagspråk spelar ei viktig rolle – og utforskar kva det inneber å dele eit felles språk, eller fleire, i eit sikkerheitsperspektiv.
Frå ca. kl. 10.35 blir det panelsamtale med Nina Teigland, Guri Sandvik og Trude Amundsen leia av Ragnhild Tungesvik, divisjonsdirektør i HK-dir. Det blir anledning til å stille spørsmål til paneldeltakarane.