Kurs og workshops

Gratis veiledningstilbod for nyutdanna musikkterapeutar


Bilde
Siluett av veiskilt mot blå og rosa kveldshimmel
Foto: Unsplash.com

Med støtte frå Polyfon vert det dette året etablert ei veiledningsordning for nyutdanna musikkterapeutar. Ordninga er retta mot musikkterapeutar som er i sine første to år i yrket, og har som mål å støtte overgangen frå studium til arbeidsliv.

Mange nyutdanna musikkterapeutar opplever å vere den einaste med musikkterapifagleg kompetanse på arbeidsplassen. Samstundes møter dei utfordringar knytte til rolleforståing, profesjonsidentitet og samarbeid i tverrfaglege team. Veiledning kan vere ei viktig støtte i denne fasen, men er ofte vanskeleg å prioritere når tid og økonomi er avgrensa.

Gjennom prosjektet vil 10 deltakarar få eitt år med gratis veiledning. Tilbodet omfattar fire individuelle veiledningssamtalar og to gruppeveiledningar. Veiledninga vil ta utgangspunkt i deltakarane sine eigne erfaringar og utfordringar, med mål om å styrkje fagleg tryggleik, meistring og utvikling som musikkterapeut. Samlingane kan gjennomførast både fysisk og digitalt.

Prosjektet blir leia av Ingeborg Nebelung ved Noregs musikkhøgskole. Søknadene vil bli vurderte etter søknadsfrist, og deltakarane vil bli sette saman i grupper med sikte på gode og relevante veiledningsfellesskap.

Prosjektet er finansiert gjennom utviklingsstøtte frå Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi.

Spørsmål om ordninga?

Ta kontakt med Ingeborg Nebelung (ekstern lenke), universitetslektor ved Fagseksjon for musikkpedagogikk og musikkterapi, Norges Musikkhøgskole.