Nye KI-sjangrar: livepodkast om maskinene som skriv, diktar og målar – og menneska som møter dei
I KI-teltet på Arendalsuka 2026.
Digital poesi, generativ tekst og elektronisk litteratur starta ikkje med ChatGPT. Dette panelet har eksperimentert med skrivande maskiner i fleire tiår til saman, og kjenner spørsmåla som no treff kunstnarkvardagen: Kven er forfattaren når ein modell skriver setninga? Kva skjer med kunstnen når kven som helst kan be ei maskin lage den? Kvar er den menneskelege funksjonen i dette? Og kva går tapt – eller opnar seg – når språket blir noko ei datamaskin reknar seg fram til?
Off Center er podkasten frå Senter for digitale fortellinger (CDN) ved UiB, der Scott Rettberg set seg ned med kunstnarar, forfattarar og forskarar som undersøker og skapar kunst om og av kode, algoritmar og kunstig intelligens. På Arendalsuka spelar vi inn ein episode live.
Vi tek samtalen med dei som har vore på innsida før overskriftene plukka det opp. Panelet vil foregå på engelsk.
KI-kjærastar som nye romantiske tekstar – Zahra Rizvi
Algoritmisk intimitet og jakta på romantisk samvær skapar nye forteljingar og skapande moglegheiter. Denne forskinga gjev innsikt i Reddit-diskusjonsforumet AI Boyfriends, og historiene som dukkar opp der romansar møter KI.
Millionar av datapunkt blir éi historie – Jason Nelson
Tenk deg at du gjer ti millionar datapunkt om til éi historie i stadig forandring. Intelligente system kan gjere det som før var nær umogleg til nye former for digital forteljarkunst.
Kunstnarens forhandling med KI – Hanna Lauvli
I kunstfeltet uttrykkjer kunstnarar frykt og tvil kring dei enorme mengdene stolne data som KI er bygd på, korleis det vil påverke arbeidsmarknaden deira, og sjølve grunnlaget for kva kreativitet er. Denne forskinga ser på korleis innhaldsskaparar og kunstnarar forhandlar fram sitt eige forhold til generativ KI på nettet.
Medvirkende
- Scott Rettberg Ordstyrer, Senterleiar, Senter for digitale fortellinger
- Zahra Rizvi, Postdoktor, Senter for digitale fortellinger/AI Stories
- Jason Nelson, Professor, Senter for digitale fortellinger
- Hanna Lauvli, Ph.d.-kandidat, Senter for digitale fortellinger/AlgoFolk