Boka tek utgangspunkt i nyleg oppdaga «makkskogar» rundt kjemosyntetiske miljø som varme kjelder og kalde gassoppkomme i arktiske djuphavsområde, og syner korleis dyr kan leve i komplekse fellesskap under ekstreme miljøforhold. Tittelen på boka, «Makkfest i djupet», kjem frå namnet på forskingsprosjektet WormFEST (NFR FRIPRO) og speler på kor utruleg rike og mangfaldige makksamfunn i djuphavet kan vere. Det ser ut som dei er samla til makkfest!

Boka blir såleis eit verktøy for å bryte ned mytar og fremje kunnskapsbasert forståing. Forteljinga er sett gjennom auga til ein ROV (undervassrobot), så lesarane får innsikt i både metode (korleis forskarar jobbar) og faginnhald (biodiversitet og tilpassing). Prosjektet kombinerer fagkunnskap, historieforteljing og kunstnarlege illustrasjonar for å skape engasjement og nysgjerrigheit hos ei målgruppe som ofte ikkje blir nådd gjennom tradisjonell forskingskommunikasjon. Jane Zimmerman har ansvar for illustrasjonane. Ho er illustratør og kunstnar basert i Tromsø og illustrerer barnebøker for forlag og forfattarar verda over.

Boka kjem ut i 2027.

 

Forskningsmidlar vart tildelte av Forskningsrådet (ekstern lenke)gjennom utlysinga for kommunikasjon og formidling av klima-, miljø- og havforsking.

Arbeidet ved Senter for djuphavsforsking er støtta av Trond Mohn forskningsstiftelse (ekstern lenke) og UiB (prosjektnr. TMS2020TMT13).