Studieplan for BAMN-GVGEOL Geologi, vår 2025
Namn på grad
Bahelor i naturvitskap
Fulltid/deltid
Fulltid
Mål og innhald
Mål
Bachelorprogrammet i Geovitskap retning geologi skal formidle ei brei og grunnleggjande forståing av geologiske metodar og tenkemåtar slik at kunnskapen kan nyttast til undervisning i geologi, arbeid i felt og laboratorium, i dataassistert modellering og til vidare studiar i geologi eller tilgrensande fag som geofysikk.
Innhald
Bachelorprogrammet gjev ei oversikt over den faste jord si samansetning og korleis jorda har utvikla seg i tid og rom på global, regional og lokal målestokk. Programmet baserer seg i stor grad på direkte observasjonar og skildringar av bergartar og lausmasser i naturen, samt innsamling og analyse av feltdata.
Studiet tek opp tema som er aktuelle for notida og framtida, som korleis naturressursar vert danna og utvunne, kva for konsekvensar dei geologiske prosessane har for miljø og klima, samspelet mellom naturlege og menneskeskapte endringar, og naturkatastrofar som til dømes jordskjelv, flaum, ras, skred og vulkanutbrot.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar,
ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- kjenner fundamentale omgrep innan geologisk terminologi
- kan gjere greie for geofaget si rolle i samfunnet og utfordringar innan miljø, ressursar, klima, energi og geofarer
- kan greie ut om jorda si oppbygning og dynamikk, samt dei indre og ytre prosessane som former jordskorpa
- kan forklare geologiske prosessar i tid og rom
- kan gjere greie for biosfæren som komponent i geosystemet
- kan gjere greie for vanlege geologiske undersøkingsmetodar og prinsippa for desse
- kan gjere greie for vanlege mineral, bergartar, samt forklare ein bergart si danning og utviklingshistorie
- kan lage sedimentologiske loggar og geologiske profil på grunnlag av eigne observasjonar
- kan tolke sedimentære avsetningar og strukturar i høve til paleomiljø
- kan gjere greie for jorda si klimautvikling gjennom dei siste få millionar år, til vår eiga tid og inn i framtida
- kjenne til korleis geologiske prosessar kan undersøkast i tid og rom gjennom numeriske metodar.
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan anvende grunnleggjande felt- og laboratoriemetodar
- kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det belyser ei problemstilling
- kan beherske relevante faglege verktøy, teknikkar og terminologi
- kan jobbe systematisk og analytisk med relevante problemstillingar og datasett
- kan anvende grunnleggande programmeringsverktøy
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan vise samarbeidsevne ved å løyse faglege problemstillingar med andre
- kan grunnleggjande programmering og kjenner til programmeringsverktøy
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
- kan reflektere og tenke kritisk over eige arbeid og faglege omgrep
- kan utføre laboratorie- og feltarbeid i samsvar med god HMS-praksis
- kan sette seg inn etiske aspekt ved faglege problemstillingar og anvende god etisk skikk i bruk av fagleg litteratur
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og REALFA:
Matematikk R1 (eller S1 og S2) og i tillegg anten:
Matematikk R2 eller
Fysikk 1 og 2 eller
Kjemi 1 og 2 eller
Biologi 1 og 2 eller
Informasjonsteknologi 1 og 2 eller
Geofag 1 og 2 eller
Teknologi og forskningslære 1 og 2
Søknadsfrist er 15. april.
Innføringsemne
Innføringsemna som er obligatorisk for studieprogrammet er Examen philosophicum (EXPHIL-MNEKS / EXPHIL-MNSEM) og Matematikk MAT101/MAT105. Matematikkemna varierer ut i frå kva for forkunnskap du har i matematikk frå vidaregåande. Har du R2 frå vidaregåande, kan du gjerne velje MAT105 i geologiretninga. Geofysikarane skal følgje MAT111, difor er R2 eit stort føremon.
Obligatoriske emne
Følgjande emne er obligatoriske for studieretninga i geologi:
MAT101/MAT105, EXPHIL-MNEKS / EXPHIL-MNSEM, INF100, GEOV101, GEOV102, GEOV103, GEOV104, GEOV107, GEOV109, GEOV110, GEOV111 og GEOV114.
Spesialisering
Spesialiseringa i bachelorprogrammet i geovitskap er på til saman 100 studiepoeng for geologiretninga og 120 studiepoeng for geofysikkretninga, sjå studieretninga geofsyikk (www.uib.no/studier/BAMN-GEOV/BAMN-GVGEOF/plan) for spesialisering for dei studentane.
For geologi:
1. semester: GEOV101, MAT101/MAT105, INF100/KJEM110
2. semester: GEOV102, GEOV111, KJEM109/INF100
3. semester: GEOV103, GEOV107, GEOV110
4. semester: GEOV104, GEOV109, EXPHIL
5. semester: GEOV114, valgemne, valgemne
6. semester: Valgemne/utveksling
Tilrådde valemne
For studentar i geologi er det lagt opp til 50 frie studiepoeng. 30 av desse studiepoenga kan du ta på utveksling i 6 semester (sjå delstudium i utlandet), eller som valemne i Bergen.
For studentar som tek den geologiske retninga kan det være lurt å ta ein del basisemne, til dømes kjemi (KJEM109, KJEM110, KJEM120, KJEM130 og KJEM131), matematikk (MAT102, MAT121), statistikk (STAT101, STAT110), fysikk (PHYS101, PHYS111).
Elles bør valemna veljast i høve til planlagt fordjuping og masterstudium eller ut i frå eigne interesser. Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.
Rekkefølgje for emne i studiet
Tillrådd rekkjefølgje for emna er oppgitt under spesialisering (sjå over). EXPHIL-MNEKS / EXPHIL-MNSEM er satt opp i 4. semester for geologistudentar.
Ofte byggjer emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar på emna. Bachelorprogrammet i geovitenskap er bygga opp slik at dei grunnleggjande innføringsemna vert gjeve tidleg i studieløpet, og at emna blir gradvis meir avansert og tar inn nye aspekt i geovitskap utover i studieløpet.
Delstudium i utlandet
Det er i dag moglegheiter for delstudiar i ulike deler av verden; Norden (f.eks. Danmark & Island), Europa (f.eks. Frankrike, Irland, Nederland, Spania, Storbritannia, Sveits, Tsjekkia & Tyskland), i tillegg til at ein har moglegheit til å søke på universitetet sine generelle avtalar utanfor Europa (f.eks. USA & Australia). Studentar vert anbefalt å reise ut i 6.semester. Studium i utlandet krev ein del planlegging, ta derfor kontakt med studierettleiaren på programmet ditt så tidleg som mogleg. I tillegg til utvekslingslanda nemnd over bør og Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) nemnast. UNIS gir moglegheit for studiar i unike geologiske omgjevnadar. For innpass av eit eller to semester ved UNIS, ta kontakt med studierettleiar.
Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
<a href=www.uib.no/student/48724/slik-reiser-du-p%C3%A5-utveksling>Slik reiser du på utveksling | Studentsider | UiB</a>
Studentar ved GEO vil bli prioritert på de anbefalte utvekslingsavtalane for Geovitskap:
<a href=www.uib.no/studier/BAMN-GEOV/utveksling>Anbefalte utvekslingsavtalar for Geovitskap, bachelor, 3 år | Universitetet i Bergen (uib.no)</a>
Studentar ved GEO kan søke på alle utvekslingsavtalane til Universitetet i Bergen, men emnetilboda vil variere og nokon avtalar vil prioritere studentar innanfor andre fagfelt:
<a href=www.uib.no/utvekslingsavtaler>Finn utvekslingsavtaler | Studentsider | UiB</a>
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga for dei ulike emna. Undervisinga vert gjeven i form av førelesingar, praktiske øvingar, dataøvingar, gruppearbeid, feltundervising og ekskursjonar, laboratoriearbeid, og seminar. Ei studieveke med organisert undervising og eigenarbeid er estimert til ca. 40 timars arbeidsveke for studentar i geovitskap.
Vurderingsformer
Vurderingsformer som brukast i programmet varierer frå skriftleg digital skuleeksamen til mappevurdering, rapportskriving og presentasjonar. Vurderingsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Karakterskala
Emne i bachelorprogrammet nyttar anten karakterskalaen A-F, der A er best medan F er stryk, eller karakterskalaen bestått / ikkje bestått. Karakterskala for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Grunnlag for vidare studium
Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan geovitskap og einskilde andre relevante fagområde. For å bli tatt opp til eit masterprogram skal gjennomsnittskarakter på spesialiseringa i bachelorgraden (med unntak av INF100) være C eller betre.
Relevans for arbeidsliv
Geovitskaplege kandidatar er etterspurde innan forsking (private og offentlege institusjonar), petroleumsindustrien, ressursforvaltning, miljøovervaking, konsulentverksemder, offentleg forvalting (kommune, fylke, stat) og i skuleverket.
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerleg evaluert av eksterne fagfelle og gjennom interne prosessar ved instituttet, i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
Administrativt ansvarleg
Institutt for geovitskap har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@geo.uib.no
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@geo.uib.no