Studieplan for MAMN-INFAG Algoritmer, vår 2025
Omfang og studiepoeng
Masterprogrammet i informatikk har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.
Namn på grad
Mastergrad i informatikk - algoritmar.
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Studiestart - semester
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Mål og innhald
Ein mastergrad i informatikk med studieretning algoritmar tar for seg utvikling av framgangsmåtar (algoritmar) for å løyse problem raskast mogleg på ei datamaskin. Målsettinga er å finne ein mest mogleg effektiv løysingsmetode, anten gjennom analyse eller gjennom praktiske testar. Studiet omfattar også ulike grunnleggjande aspekt ved algoritmar, som å identifisere problem som vanskeleg lar seg løyse effektivt på ei datamaskin. For desse vil ein stor del av arbeidet dreie seg om utvikling av alternative løysingsmetodar. Dette kan vere algoritmar som fungerer raskt på spesielle typar inndata eller som finn ei tilnærma løysing framfor ei eksakt.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskaper:
Kandidaten
- kan analysere koder og algoritmar
- kan implementere algoritmar
- kan vurdere nytteverdien til ein gitt algoritme
- kan utvikle algoritmar for polynomisk løysbare problem
- kan nytte teknikkar for å handtere vanskelege problem
Ferdigheter:
Kandidaten
- kan analysere kodar og algoritmar for å finne flaskehalsar og utbetre desse
- kan implementere algoritmar raskt og effektivt
- kan avgjere om ei gitt algoritme er føremålsteneleg
- kan skilje mellom problem som lar seg løyse i polynomisk tid, samt dei som sannsynlegvis ikkje kan løysast i polynomisk tid
- kan utvikle effektive algoritmar for problem som lar seg løyse i polynomisk tid
- kan anvende dei vanlegaste teknikkane for å handtere vanskelege problem
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan arbeide sjølvstendig og i gruppe
- har eit kritisk og analytisk blikk på eige og andre sitt arbeid
- kan evaluere etiske aspektar ved eigne prosjekt
Opptakskrav
Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad frå Institutt for informatikk, eller fagleg fordjuping på minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB (BAMN-BINF, BAMN-DSIK, BAMN-DTEK, BAMN-DVIT, BATF-IMØ, BAMN-INF)
- Bachelorgrad i Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) med minst 15 STP (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) matematikk valgemner
- Bachelorgrad i Kognitiv vitskap med spesialisering informatikk
- Bachelorgrad i kunstig intelligens (BASV-AIKI) kvalifiserer dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget). Minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 av desse 80 studiepoenga må være matematikk. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 / INFO104 tel som informatikkemne. INF-emne og INFO-emne som er ekvivalente med INF-emne tel som informatikk-emne.
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
- Bachelor Dataingeniør fra HVL
- Bachelor Informasjonsteknologi fra HVL
- Bachelor kommunikasjonsingeniør fra HVL
Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget) og minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) av disse 80 studiepoenga må være matematikk. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 (og tilsvarande emne) tel som informatikkemne.
Du må også ha:
- ein snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program
Tilrådde forkunnskapar
MNF130 Diskrete strukturar
INF234 Algoritmar
INF235 Kompleksitetsteori
MAT121 Lineær algebra
MAT221 Diskret matematikk.
INF234 Algoritmar og INF235 Kompleksitetsteori kan takast i bachelorgraden eller som ein del av masterstudiet.
Obligatoriske emne
Studiet har to komponentar: Emnedel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng, der masteroppgåva er på 60 studiepoeng. Det er mogleg å skrive masteroppgåve på 30 studiepoeng.
Emnedelen
Tre emne er obligatoriske i masterstudiet:
INF234 Algoritmar
INF235 Kompleksitetsteori
INF334 Vidaregåande algoritmeteknikkar
Dei andre emna skal vere på 200- eller 300-talsnivå. Etter avtale med rettleiar, kan ein ha inntil 10 studiepoeng på 100-nivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gi eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.INF399 Masteroppgåve i informatikk er på 60 studiepoeng. (Studenten kan i samrå med rettleiar velje å skrive ei oppgåve på 30 studiepoeng og utvide emnedelen tilsvarande). Masteroppgåva skal leverast innan ein fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni.
Dersom du ønskjer ei breiast mogleg utdanning med relevans for arbeidslivet tilrår me at du tek ein 30 poengs oppgåve. Du vil då få høve til å ta fleire emne, totalt 90 studiepoeng, dei tre første semestera før du arbeider 100% med oppgåva siste semester.
Dersom du ser for deg å halda fram med ei doktorgrad etter enda mastergrad eller dersom du vil bruka meir tid på sjølve masteroppgåva vil ein 60 poengs oppgåve passa best. Det vil medføra at du tek tre kurs mindre enn med ein 30 poengs oppgåve.
Anbefalt emneplan for studieløp med 30 studiepoengs oppgåve:
1. sem - Haust: INF234 (obligatorisk), INF264 (valemne), INF207 (valemne)
2. sem - Vår: INF334 (obligatorisk), INF236 (valemne), INF237 (valemne)
3. sem - Haust: INF235 (obligatorisk), INF270 (valemne), INF358 (valemne)
4. sem - Vår: 30 studiepoengs oppgåve
Anbefalt emneplan for studieløp med 60 studiepoengs oppgåve:
1. sem - Haust: INF234 (obligatorisk), MAT 221 (valemne), INF264 (valemne)
2. sem - Vår: INF334 (obligatorisk), INF236 (valemne) / INF237 (valemne), 10 studiepoengs oppgåve
3. sem - Haust: INF235 (obligatorisk), 20 studiepoengs oppgåve
4. sem - Vår: Oppgåve
Tilrådde valemne
INF339 - Utvalgte emner i algoritmar og kompleksitet (uregelmessig haust eller vår)
Haust:
INF207 - Sosial nettverksteori
INF358 - Seminar i visualisering
INF264 - Innføring i maskinlæring
INF270 - Lineær programmering
MAT221 - Diskret matematikk
MAT227 - Kombinatorikk (uregelmessig)
Vår
INF227 - Innføring i Logikk
INF236 - Parallell programmering
INF237 - Algoritme-engineering
INF250 - Dataorientert visuell berekning
INF252 - Visualisering
INF265 - Djuplæring
INF271 - Kombinatorisk optimering (urelemessig)
MAT227 - Kombinatorikk (uregelmessig)
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd rekkjefølgje for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».
Delstudium i utlandet
Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.
Arbeids- og undervisningsformer
I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av aktuelle problemstillingar og implementering av nye løysingar.
I løpet av 1. semester skal studenten ha funne seg ein rettleiar. Saman med denne skal han/ho bestemme eit tema for oppgåva og lage ei framdriftsplan med oversikt over kurs og milepålar i arbeidet med oppgåva.
Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan.
Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar og grupper. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.
Vurderingsformer
Studiet avsluttast med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.
Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.
Karakterskala
Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A¿F.
For masteroppgåva blir ein bokstavkarakter nytta.
Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Grunnlag for vidare studium
Masterstudiet gjev grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).
For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.
Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.
Relevans for arbeidsliv
IKT-teknologi blir i stadig aukande grad ein basisteknologi i all næringsverksemd og forvalting, og våre kandidatar er svært etterspurde til å vedlikehalde og utvikle IT-system. Mange får seg også jobb innan IT-industrien eller innan forsking og høgare utdanning.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studieveileder@ii.uib.no
Tlf 55 58 42 00