Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
Vi bygger om på bachelorprogrammet og gleder oss til å ta imot nye studentar frå og med hausten 2025. Opptaket opnar opp våren 2025 med søknadsfrist 15. april.
Eit studium i arabisk er eit intensivt språkstudium der du startar å lære arabisk frå null. Studiet omfattar fagfelt som historie, litteratur- og språkvitskap. Gjennom aktiv deltaking i undervisninga vil du kunne oppnå grunnleggande ferdigheiter i språket. Du lærar å forklare korleis språket er bygt opp og språkvitskapen om arabisk. Når nivået aukar vil du få høve til å studere arabisk i ulike samanhengar. For eksempel:
Kjernen i faget er studiet av arabisk grammatikk. Det er viktig for rask utvikling av ordforråd, leseforståing og rettskriving. I tillegg vil du beherske translitterasjon (å omskrive ein tekst frå eitt alfabet til eit anna), ta i bruk ordbøker, og kritisk kunne vurdere bruken av digitale språkverktøy.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum.
Undervisninga skjer på norsk, engelsk og arabisk. Som student vil du i all hovudsak bruke norsk når du skal svare på språkvitskaplege problemstillingar eller skrive akademiske tekstar. Mykje av pensum er på engelsk. Arabisk vert brukt både i språktreninga og i språkstudiet, enten i arbeid med omsetting eller med analyse. Du vil få bruke mange arabiskspråklege kjelder henta frå bøker, musikk, aviser og anna.
Arabiskstudiet er rekna for å vere eit av dei meir utfordrande studia. Du vil jobbe mykje saman med medstudentar og på eiga hand for å lære deg eit nytt og spennande språk. Som student på arabisk disponerer studentane eit eige bibliotek, og rommet vert ofte brukt til samarbeid mellom studentar.
Kompetanse i arabisk språk og kultur er i seg sjølv ein viktig døropnar for arbeid opp mot personar med arabisk som morsmål eller med organisasjonar som har arabisk som arbeidsområde. Det handlar ofte om å vere eit kontaktpunkt mellom menneske og/eller ulike typar organisasjonar, og med ein bachelorgrad i arabisk språk kan din kompetanse vere nyttig for stillingar i fleire sektorar:
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk: Norsk og arabisk
Undervisninga skjer på norsk, engelsk og arabisk.
1. semester
ARA100 Innføringskurs i arabisk språk og kultur (10 studiepoeng)
EXPHIL Examen philosophicum (10 studiepoeng)
EXFAC00SK Språkvitskap (10 studiepoeng)
2. semester
ARA111 Grunnkurs i moderne standardarabisk I (15 studiepoeng)
ARA112 Grunnkurs i moderne standardarabisk II (15 studiepoeng)
Vi bygger om programmet, og fleire detaljar om studiets oppbygging vert publisert fortløpande fram til søknadsfrist for opptak hausten 2025.
For å øve og spesialisere deg i arabisk er det naturleg å reise til Midtausten. Derfor reiser alle til eit land i regionen i eitt semester for ytterlegare intensiv språkopplæring. Vi har blant anna utvekslingsavtale med The American University in Cairo.
Du har moglegheit til å gå vidare på masterprogram i arabisk. Det einaste masterprogrammet i arabisk i Noreg er på Universitetet i Oslo.
Viss du vel å bruke 60 studiepoenga på historie i din bachelorgrad, vil du kunne søke opptak til masterprogrammet i historie her ved Universitetet i Bergen.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.