Design (bachelor)

Har du lyst til å påverke omverda og tinga du omgir deg med? Er du kreativ og har skapartrong? På designstudiet lærer du å gi idéane dine form. Hos oss på KMD kan du studere møbeldesign og interiørarkitektur, eller visuell kommunikasjon.

Kva lærer du?

Med ein bachelorgrad i design vil du ha ferdigheiter og kompetanse til å jobbe som designar på eit profesjonelt nivå.

Som student får du tilgang til å arbeide i verkstader og spesialrom. Læring skjer for ein stor del gjennom praktisk og eksperimentelt arbeid. Basert på ei praktisk tilnærming får du erfaring med å skape og forstå design i mange ulike samanhengar.

Bachelorprogrammet i design har to studieretningar:

  1. Møbel- og romdesign/interiørarkitektur handlar om relasjonen mellom menneske  og omgivnader. Som student lærer du å formgi møblar, gjenstandar, rom og arkitektur. 
  2. Visuell kommunikasjon handlar om korleis idear og meiningsinnhald kan bli formidla gjennom ulike grafiske og kunstnariske verktøy, materialar og medium. Du vil lære om alle uttrykksformer for å gjere idéar synlege, tenkelege og forståelege for andre.
Studiekvardag

Som ein av få designutdanningar i verda får du allereie som bachelorstudent tilgang til våre verkstader, spesialrom og kunst- og designfaglege bibliotek. I tillegg får du hos oss din eigen arbeidsplass i det nye bygget vårt på Møllendal i Bergen.

På denne utdanninga er det tett kontakt mellom studentar og rettleiarar. På verkstadene og i undervisninga vil du bli rettleia av fagleg aktive designarar på internasjonalt nivå, både når du arbeider sjølvstendig eller har felles undervisningaktivitar.

Fagleg dialog mellom studentane og utvikling av fagleg fellesskap er viktig.

Gjennom studentaktiv og prosjektbasert undervisning lærer du å ta ansvar for eiga utvikling, og vi legg vekt på stor grad av sjølvstendigheit. Studiet krev mykje øving og utforsking, og vi forventar at du bidrar  aktivt i både organiserte og sjølvstyrte aktivitetar.

Kva kan du jobbe som?

Designarar jobbar i offentlege og private bedrifter. Mange er gründerar som startar små bedrifter eller enkeltpersonføretak.

Med spesialisering i visuell kommunikasjon kan du blant anna jobbe med

  • illustrasjon
  • grafisk design
  • redaksjonell design
  • animasjon
  • teikneseriar
  • målretta kommunikasjon knytt til visuell identitet og rørlege bilde

Med spesialisering i møbel- og romdesign/interiørarkitektur kan du jobbe med

  • utforming av rom, møblar og objekt
  • design av møblar og andre gjenstandar,  enten for enkeltprosjekt eller for industriell produksjon
  • utforming og planlegging av rom  og interiørarkitektur
Opptakskrav og søknadsfrist
Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

https://www.uib.no/node/111116

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i design er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. 

Programmet har to studieretningar: Møbel- og romdesign/interiørarkitektur og visuell kommunikasjon. 

Utdanninga er bygt på ein progresjonsmodell med vekt på meistring, sjølvstende og tilhøyring i fagmiljøet. I takt med at du utvidar kunnskapsgrunnlaget ditt, møter du faglege utfordringar som aukar i kompleksitet, i eit fagmiljø som anerkjenner at det å ta risiko og feile kan vere like utviklande som andre læringserfaringar.

Dei tre studieåra i bachelorprogrammet kan samanfattast slik:

Første år: Grunnlag, orientering og utprøving

Andre år: Kontekstualisering og relasjonar, eksperimentering, spesialisering og individuell fagleg utvikling

Tredjeår: Samarbeid, profesjonalisering og gjennomføring

Sjå oversikt over alle emne.

Utveksling

Du kan reise på utveksling til utlandet i fjerde semester. KMD og Institutt for design har inngått utvekslingsavtalar med mange interessante studiestader. Oversikt over alle utvekslingsavtalane finn du her.

Informasjon om utveksling

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Etter bestått bachelorutdanning kan du søke opptak til UiBs masterprogram i design eller eittårig praktisk-pedagogisk utdanning.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55587300
E-post: studieveileder.kmd@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i design