Jobb etter studiene
91 prosent av våre tidligere studenter får relevant jobb etter kort tid og 42 prosent får jobb før de er ferdig med studiene. Les hvorfor høyere utdanning blir viktigere i fremtiden.
Vi studerer samfunnsaktuelle tema som grøn omstilling, klimaendringar, naturfarar, global ulikskap, klima- og energiomstilling, matsikkerheit og forvaltning av naturressursar. Dette er ei tverrfagleg utdanning der vi studerer samfunnsutfordringar både frå samfunns- og naturperspektiv.
På bachelorstudiet lærer du korleis prosessar formar naturlandskapet og har innverknad på folk og samfunn, og korleis areal- og ressursbruken har innverknad på natur, miljø og klima.
På geografiutdanninga stiller vi oss mange dagsaktuelle spørsmål:
Mange samfunnsutfordringar treng ei tverrfagleg tilnærming, og som geograf ser du på desse både med samfunns- og naturperspektiv. Denne kompetansen er grunnleggande for å kunne finne gode løysingar og førebyggande tiltak fram mot ei berekraftig utvikling.
På bachelorprogrammet i geografi blir du del av eit godt studentmiljø og får reise på fleire spennande feltkurs og ekskursjonar med medstudentane dine. Du vil ha undervisning på campus på Nygårdshøyden i Bergen sentrum, medan feltkursa skjer utanfor campus. Du kan studere fleire stader på UiB, til dømes på lesesalane på Ulrike Phils hus og biblioteket ved SV-fakultetet.
Bachelorprogrammet i geografi er eit studium på fulltid der du tar 30 studiepoeng kvart semester, og brukar like mykje tid på studia som på ein full jobb. Mykje av studiekvardagen består av sjølvstudium og arbeid med innleveringar, individuelt eller i grupper.
Feltkursa er høgdepunkt for geografistudentane. Du vil arbeide i grupper, gjennomføre intervju og samle inn data. Du får ei god og heilskapleg forståing av faget når du får studere verkelege stader og prøve ut teoriar som du har lært i undervisninga.
Mange geografar jobbar innan planlegging, stadutvikling og miljøforvalting i offentleg og privat sektor. Mange jobbar også i utdanning, forsking eller ulike organisasjonar.
Typiske yrke for dei med geografiutdanning er:
Geografar har kompetanse som gjer dei attraktive i arbeidslivet: Dei er prosjektorienterte og har ein tverrfagleg bakgrunn som gir mange jobbmoglegheiter i offentleg forvaltning og næringsliv. Gjennom feltkursa er geografistudentane vane med å jobbe i grupper og presentere resultata munnleg og skriftleg.
Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.
Undervisningsspråk: Norsk
Dei tre første semestera tar du innføringsemne og felles spesialiseringsemne i geografi. Frå det fjerde semesteret kan du bygge graden din etter dine interesser og framtidsplanar. I det sjette semesteret fordjupar du deg i den studieretninga som interesserer deg mest; naturgeografi, miljø- og landskapsgeografi eller samfunnsgeografi.
I året med frie studiepoeng kan du studere dei emna som du meiner utgjer den beste kombinasjonen for din grad. Du kan ta opne UiB-emne frå andre fagfelt eller studere meir geografi. Dersom du vil bli lærar, kan du bruke dei frie studiepoenga til å ta eit anna fag du kan undervise i. Du kan òg ta frie studiepoeng på utveksling til utlandet og få internasjonal kompetanse.
Bachelorgraden i geografi har 180 studiepoeng fordelt på tre år og startar i august.
Du tar 110 studiepoeng med spesialisering i geografi, 10 studiepoeng i ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) og 60 frie studiepoeng.
Slik er studiet bygt opp:
1. semester
GEO110 – Kartografi og tematiske kart (10 studiepoeng)
GEO113 – Klima, oseanografi og biogeografi (10 studiepoeng)
GEO131 – Mat, miljø og berekraftig utvikling (10 studiepoeng)
2. semester
GEO111 – Landformdannande prosessar (15 studiepoeng)
GEO124 – Regional utvikling (15 studiepoeng)
3. semester
Examen philosophicum – seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)
GEO125 – Økonomisk globalisering, produksjonssystem og miljø (10 studiepoeng)
GEO215 – Geografiske informasjonssystem: Teori og praksis (10 studiepoeng)
4. semester
Frie studiepoeng / utveksling (30 studiepoeng)
5. semester
Frie studiepoeng / utveksling (30 studiepoeng)
Anbefalte geografiemne som frie studiepoeng:
GEO217 – Hydrologi, grunnvatn og geofarar (10 studiepoeng) (blir ikkje undervist høst 2025)
GEO260 – Praksisemne i geografi (10 studiepoeng)
GEO281 – Miljøforvaltning og planlegging (10 studiepoeng)
6. semester
Vel ei studieretning:
Naturgeografi:
GEO204 – Kvantitativ metode (5 studiepoeng)
GEO212 – Terrestriske klima- og miljøendringar (15 studiepoeng)
GEO291 – Naturgeografisk feltkurs (10 studiepoeng)
Miljø- og landskapsgeografi:
GEO204 – Kvantitativ metode (5 studiepoeng)
GEO206 – Kvalitativ metode (5 studiepoeng)
GEO283 – Geografiske tilnærmingar til klimatilpassing og -forebygging (10 studiepoeng)
GEO293 – Miljøgeografisk feltkurs (10 studiepoeng)
Samfunnsgeografi:
GEO204 – Kvantitativ metode (5 studiepoeng)
GEO206 – Kvalitativ metode (5 studiepoeng)
GEO222 – Sustainability in an Urbanising World (10 studiepoeng)
GEO292 – Regionalgeografisk feltkurs (10 studiepoeng)
Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Dei fleste reiser i fjerde eller femte semester.
Dei siste åra har geografistudentane reist på utveksling til Island, Storbritannia, Frankrike, Nederland, Tyskland, Spania, Australia, Sør-Afrika, Ghana, Fiji, Brasil, Hawaii og Canada.
Etter du har fullført bachelorgraden, kan du bygge på med ein toårig mastergrad i geografi.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.