Hva er forskjellen på å være bachelor- og masterstudent?
Masterstudenten Marianne Borchgrevink-Brækhus merker stor forskjell på å studere bachelor og master. På masternivå blir hun mer inkludert i fagmiljøet og får samarbeide med gode veiledere.
Korleis kan vår tids store utfordringar, som klimaendringar, migrasjon, urbanisering og matproduksjon taklast? I ei tid med endringar i miljøet og ressursgrunnlaget vårt er det behov for geografar som forstår samanhengen mellom menneske, natur og samfunn, og som kan finne gode løysingar og tiltak.
På masterprogrammet i geografi fordjupar du deg i aktuelle samfunnsutfordringar og får avansert kunnskap innanfor tema som:
I tillegg til teoretisk kunnskap om feltet for masteroppgåva, vil du lære mykje gjennom planlegging og gjennomføring av feltarbeid. Etter innsamling av feltdata vil du gå vidare med databehandling og –analyse, samt tolking og presentasjon av resultata. Avhengig av kva studieretning du vel, får du ei fordjuping i enten samfunnsvitskaplege eller naturvitskaplege metodar.
Vi tilbyr tre studieretningar: Samfunnsgeografi, Miljø- og landskapsgeografi og Naturgeografi
På Institutt for geografi får du utvikle deg i eit unikt tverrfagleg fagmiljø der både natur-, miljø- og samfunnsgeografar er sterkt representert. Som masterstudent får du tilgang til lesesalsplass på instituttet, der du får nær kontakt med medstudentane og fagpersonane. Det sosiale miljøet hos oss er uformelt og internasjonalt.
Du har to semester til å skrive masteroppgåva, som er på 60 studiepoeng. I løpet av den første veka møter du alle potensielle rettleiarar som presenterer seg sjølv og forslag til prosjekt som dei kan rettleie. Når du har valt tema for masteroppgåva vil du bruke første semester til å utvikle ei prosjektskisse gjennom eit felles skrivekurs. Du kan òg bli med i ei relevant faggruppe.
Feltarbeidet ditt kan du gjere i Noreg eller i utlandet, i overgangen mellom første og andre studieår. Avhengig av kva oppgåva krev, må du rekne med å bruke 4-8 veker på feltarbeidet.
Geografar har ein tverrfagleg bakgrunn som gjer dei godt eigna til å jobbe saman med andre i tverrfaglege team. Dei har gode metodiske ferdigheiter og er gode på problemløysing og rapportskriving.
Geografar
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Bachelorgrad eller tilsvarande grad med 80-100 studiepoeng spesialisering i geografi, innan den studieretninga du søker opptak på.
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
UiA: Samfunnsplanlegging og kommunikasjon (Samfunnsgeografi) og Globale utviklingsstudier
NTNU: Geografi (alle retningar) og Geologi med studieretning Arktisk geologi (Naturgeografi)
HVL: Geologi og geofare (Naturgeografi) og Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur (Miljø- og landskapsgeografi)
UiO: Geologi og geografi (Naturgeografi) og Samfunnsgeografi (Samfunnsgeografi)
NMBU: International Environment and Development Studies (Samfunnsgeografi)
Nord Universitet: Geografi (Samfunnsgeografi, Miljø- og landskapsgeografi)
UiT: Samfunnsplanlegging og kulturforståelse (Samfunnsgeografi)
Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng i geografi eller tilsvarande og ei fordjuping i den studieretninga du søker.
Du må ha ein snittkarakter på minimum C i spesialiseringa i geografi og generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 15. april.
Undervisningsspråk: Norsk
Undervisninga foregår på engelsk og norsk.
Masterprogrammet er eit toårig fulltidsstudium som startar i august. Det første året er kursdelen, der du tar emne (fag) på 60 studiepoeng. Det andre året er oppgåvedelen, der du på bakgrunn av eit feltarbeid skriv ei masteroppgåve under rettleiing.
Du kan velje mellom desse studieretningane, basert på fordjuping i bachelorgraden din:
Naturgeografi
Miljø- og landskapsgeografi
Samfunnsgeografi
1. semester
GEO308 Vitskapsteori og forskingsdesign for geografar (10 studiepoeng)
GEO310 Skrivekurs og prosjektskildring (10 studiepoeng)
Eit emne i teori eller metode for din studieretning:
GEO313 Naturgeografiske laboratorie- og feltmetodar (10 studiepoeng)
GEO328 Planlegging og samfunn (10 studiepoeng)
GEO330 Theories of Sustainable Land Use (10 studiepoeng)
Milepæl 1: Presentasjon av prosjektskildring i desember.
2. semester
Emne i teori og metode ved UiB, University Centre in Svalbard (UNIS) eller utveksling
GEO306 Metodar i samfunnsgeografi (10 studiepoeng)
GEO316 Practical Skills in Remote Sensing and Spatial analysis (10 studiepoeng)
GEO317 Særemne i geografi (10 studiepoeng)
GEO324 Human Geographies of Adaptation to Climate Change (10 studiepoeng)
GEO337 Discourses, Politics and People: Critical Perspectives on Environmental Governance (10 studiepoeng)
GEO341 Mastergradsfeltkurs i naturgeografi (10 studiepoeng)
Milepæl 2: Presentasjon av teori, forskingsdesign og planar for feltarbeid i april/mai.
3. og 4. semester
GEO350 Masteroppgåve (60 studiepoeng)
Oversikt over fullførte masteroppgåver geografi
Milepæl 3: Posterpresentasjon av data, funn og metodologi i oktober.
Innlevering av masteroppgåva er i slutten av 4. semester (1. juni)
Du kan reise på utveksling til Island, Nederland, Storbritannia, Sverige, Tyskland med fleire. Det er lagt opp til at du kan reise i andre semester. Naturgeografar kan også ta enkeltkurs ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS).
Med ein mastergrad i geografi kan du søke opptak til forskarutdanninga og ta ein doktorgrad (ph.d.).
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.