Studieplan for BAMN-DSIK Bachelorprogram i informatikk: datasikkerhet, vår 2025

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i informatikk: datasikkerheit har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Navn på grad

Bachelor i naturvitskap

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhold

På Bachelorprogrammet i informatikk: datasikkerheit studerar kandidatane metodar for å utvikle, implementere og analysere IT-basert infrastruktur som er robust mot både tilfeldige feil og retta angrep. Formålet med studieprogrammet er å gje kandidatane teoretisk forståing og praktiske ferdigheiter til å utvikle og ivareta robuste IKT-system. Metodar og tilnærming er realfagleg, og gjev og krev ei forståing for forskingsresultat innan informatikk og matematikk. Ferdigutdanna kandidatar har teknologisk kompetanse i datatryggleik som dannar eit godt grunnlag for vidare spesialisering.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap
Kandidaten

  • har god kjennskap til og erfaring med dei vanlegaste tryggleiksutfordringane og sårbarheitane i data- og kommunikasjonssystem
  • beherskar metodar for å sikre system mot overnemnte utfordringar

Ferdigheiter
Kandidaten

  • har erfaring og kunnskap tilstrekkeleg til å delta i arbeid med å analysere tryggleik og sårbarheit i data- og kommunikasjonssystem
  • kan gjere greie for og anvende programvare og teknologi for utvikling av robuste og sikre system

Generell kompetanse
Kandidaten

  • har kunnskap til å evaluere juridiske og etiske sider ved utviklingsprosjekt for programvare
  • har eit kritisk og analytisk blikk på eige og andre sitt arbeid
  • kan på eigenhand utvide sitt kunnskapsfelt
  • kan arbeide både sjølvstendig og i grupper

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og krav om MATRS.

Tilrådde forkunnskaper

Gode forkunnskapar i matematikk er eit føremonn.

Innføringsemner

Examen philosophicum (EXPHIL-MNEKS eller EXPHIL-MNSEM).

Obligatoriske emner

Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet: Ex.phil., INF100, MAT101/MAT111, INF140, INF101, MNF130, STAT110, INF113, INF102, INF142, MAT121, INF143A, INF226, INF214, INF249

Spesialisering

Spesialiseringa i bachelorprogrammet i informatikk:datasikkerheit er på til saman 140 studiepoeng som består av følgjande emne:

1.semester: INF100, MAT111/MAT101, INF140
2.semester: INF142, INF101, MNF130
3.semester: STAT110, INF102, INF113
4.semester: INF143A, MAT121, ex.phil
5.semester: INF214, INF226, INF249

6.semester: tre valgemner

Tilrådde valgemner

INF112, INF170, INF234, INF237, INF240A, INF241, INF242, INF243, INF244, INF245, INF247, INF250, INF270, STAT110, MAT220, MAT221.

Masterstudentar som planlegg ein mastergrad i Sikker og Påliteleg Kommunikasjon vert tilrådd å ta INF240A i 4. eller 6. semester

Rekkefølge for emner i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta "spesialisering".

Delstudium i utlandet

Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta delar av studiet ved lærestader i utlandet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar og grupper. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylt.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: bestått/ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Grunnlag for videre studium

Bachelorstudiet gjev grunnlag for masterstudiar innan relevant fagområde.

For opptak til masterprogram i informatikk er fagleg minstekrav karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Sjå eigne retningsliner for opptak til masterprogram.

Relevans for arbeidsliv

Studiet gjev grunnlag for ein karriere innanfor design, implementasjon og analyse av sikkerheit og sårbarheit i data- og kommunikasjonssystem. Kandidatane har erfaring med programvare og teknologi for utvikling av robuste og sikre system. Dei har kunnskap til å evaluere juridiske og etiske sider ved utviklingsprosjekt for programvare.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarlig

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarlig

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@ii.uib.no