Studieplan for BAMN-DTEK Bachelorprogram i informatikk: datateknologi, høst 2024
Omfang og studiepoeng
Bachelorprogrammet i datateknologi har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.
Namn på grad
Bachelor i naturvitskap
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Programmet gjev ein grundig innføring i prinsipp, teknikkar, og metodar for utvikling av programvare, og gjev trening i kreative og analytiske ferdigheiter og problemløysing, samt teknikkar for å forenkle kompliserte problem og system slik at dei kan handterast av menneske og maskinar. Studiet gjev eit praktisk og teoretisk grunnlag innan forskjellege teknikkar for programmering, testing og utvikling av større datasystem. Det leggast vekt på å handtere samfunnsrelaterte utfordringar, sikkerheit og høgintegritetsprogramvare.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- har brei kunnskap om både informatikk og matematiske metodar som nyttast for å utvikle avanserte datasystem
- har god kjennskap til og erfaring med verktøy og teknikkar som nyttast i moderne systemutvikling
- kan på eigenhand utvide sin kunnskap
- kjenner informatikken sin relevans for og rolle i samfunnet
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan utvikle programvare
- kan analysere, fornye og vidareutvikle eksisterande programvare
- kan formulere og løyse problemstillingar på ein logisk og presis måte innan mange områder som er dekt av informatikkfaget, som algoritmar, tryggleik, programmering og nettverk
Generell kompetanse
Kandidaten
- har eit kritisk og analytisk blikk på eige og andre sitt arbeid
- kan kommunisere med andre yrkesutøvarar om tema innanfor informatikk
- kan arbeide både sjølvstendig og i grupper
- kan vurdere yrkesetiske sider ved arbeidet
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og MATRS
Tilrådde forkunnskapar
Gode forkunnskapar i matematikk er eit føremon. Det er ikkje naudsynt med IT frå vidaregåande (Informasjonsteknologi 1 og 2) eller tidlegare erfaring med datateknologi og programmering.
Innføringsemne
Ex.phil (4. semester)
Obligatoriske emne
Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet: MAT101/MAT111, INF100, INF140, MNF130, INF101, INF115, INF122, INF102, INF113, INF222, INF112, Ex.phil., INF226, INF214.
Spesialisering
Spesialiseringa i bachelorprogrammet i datateknologi er på til saman 130 studiepoeng som består av følgjande emne:
1. semester: INF100, MAT111/MAT101, INF140
2. semester: INF115, INF101, MNF130
3. semester: INF122, INF102, INF113
4. semester: INF222, INF112
5. semester: INF226, INF214
Tilrådde valemne
INF250 Dataorientert visuell berekning anbefalast som valemne i 6. semester for dei som ikkje drar på utveksling.
INF219 Informatikkprosjekt I
INF234 Algortimer anbefalast som valemne for studenter som vurderer master i algoritmer.
Studieprogrammet i datateknologi har 40 studiepoeng med valemne.
10 av desse må være innan matematikk/statistikk på 100- eller 200-nivå.
For opptak til masterprogram ved Institutt for informatikk er det krav om minst 20 studiepoeng matematikk.
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd rekkefølje for emna er oppgitt under spesialisering. Ex.phil ligg i fjerde semester.
Delstudium i utlandet
Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta delar av studiet ved lærestader i utlandet.
Det er satt av plass i 6. semester.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar og grupper. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Vurderingsformer
Vurderinga skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk blir utstedt når kravene til graden er fullført.
Karakterskala
Ved UiB er det to typar karakterskalaer: bestått/ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.
Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Grunnlag for vidare studium
Bachelorstudiet gjev grunnlag for masterstudiar innan relevant fagområde.
For opptak til masterprogram i informatikk er fagleg minstekrav karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget (60 studiepoeng informatikk og 20 studiepoeng matematikk).
Relevans for arbeidsliv
Du blir kvalifisert for mange ulike datarelaterte jobbar både i privat verksemd og offentleg forvalting. Aktuelle arbeidsplassar kan vere IT-bedrifter, men du kan òg arbeide i til dømes finans- og bankvesen, oljeindustrien, forsikring og konsulentverksemder. Arbeidsoppgåvene ein er skikka til å jobbe med spenner vidt, men nokre typiske eksempel er programmering, internett, datatryggleik og oppgåver knytt til undervisningskompetanse i informatikk for skoleverket.
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@ii.uib.no