Latin (master)

Latin var Vest-Europas felles språk for kultur, kyrkje, filosofi, jus og vitskap i fleire hundreår, og er eitav språka som har vore brukt lengst.  Ved å fordjupe deg i faget vil du bli kjent med ei verd som andre berre kan førestille seg.

Kva lærer du?

På masterprogrammet i latin spør vi:  

  • Kva kan vi lære av antikken sin litteratur?   
  • Korleis framstilte romersk poesi farskap i antikken?   
  • Korleis kom alfabetet til Noreg?   
  • Kor mange bøker fanst det i Noreg før reformasjonstida?   
  • Korleis lærte folk latin i mellomalderen?  

Latin omfattar poesi og prosa i antikken, men òg svært mange tekster frå mellomalderen og nyare tid. Holberg skreiv for eksempel boka Nils Klims underjordiske reise på latin før ho vart omsett til dansk.  

Masterstudiet i latin gir praktisk øving i å tolke framande kulturuttrykk i deira eigen kontekst. Det øver opp evna til å skaffe seg oversyn over eit materiale, til å analysere det og å uttrykke seg nøyaktig.

Studiekvardag

Masterprogrammet i latin har undervisning i form av forelesingar og seminar, cirka seks timar kvar veke. Litteraturen er på latin.  I tillegg blir det mykje sjølvstudium og skriving av ei masteroppgåve. Fagmiljøet jobbar tett med deg som student for å finne eit tema for masteroppgåva som passar for deg. Du vil få ein rettleiar som har god kunnskap om temaet du skriv om. Som masterstudent kan du knytte deg til ei forskargruppe.  

Som masterstudent i latin blir du del av eit godt læringsmiljø. Du vil ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.  

Kva kan du jobbe som?

Samfunnet og næringslivet har eit stort behov for folk som kan jobbe sjølvstendig og har solid fagkunnskap.   

Graden gir eit godt allment grunnlag for arbeid i alle verksemder der ein verdset avansert språkleg kompetanse, kritisk-analytisk evne og innsikt i dei lange linjene i den europeiske kulturhistoria. Latin er relevant for arbeid i skulen eller på universitetet, i bibliotek eller arkiv, i museum og innanfor kulturarvsforvaltning. Du kan bidra med formidling og omsetting av klassisk litteratur eller historiske kjelder, for eksempel gjennom forlag eller i media.  

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Eit masterprogram i latin kan sjå slik ut: 

1. semester 

Latin tekstpensum (15 studiepoeng) 

Valemne (15 studiepoeng) 

2. semester 

Særpensum (15 studiepoeng) 

Teori og metode med prosjektførebuing (15 studiepoeng) 

3. og 4. semester 

Masteroppgåve (60 studiepoeng) 

Utveksling

Det er lagt opp til at du kan reise ut i eitt semester. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Mastergrad i latin kan gi grunnlag for opptak til ph.d.-programmet.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55589370
E-post: studierettleiar.lle@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i latin