Lingvistikk (master)

Lingvistikk er vitskapen om menneskeleg språk og språkbruk. Europa og Noreg blir stadig meir fleirspråkleg, og lingvistisk kunnskap blir stadig meir verdifull for å forstå språklæring, språkbruk og språkvanskar gjennom heile livet.

Kva lærer du?

Lingvistikken søker etter svar på spørsmål som:   

  • Kva er unikt med det menneskelege språket?  
  • Språka har uendeleg mange moglege kombinasjonar av ord. Korleis kan vi då skildre dei systematisk og presist?  
  • Korleis og kvifor deler vi verdsspråka inn i ulike familiar? 

På masterprogrammet i lingvistikk lærer du 

  • om sentrale teoriar, terminologi og metodar innan lingvistikk som vitskapleg disiplin.    
  • å sette deg inn i og kritisk vurdere bruk av teoriar, metodar og tolkingar innanfor ditt eige fagområde.    
  • å bruke metodar og analyseverktøy som er nødvendige for å fullføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt innanfor fagområdet du har valt.   
Studiekvardag

Undervisninga er hovudsakleg lagt opp som seminar, forelesingar og individuell rettleiing. Studieprogrammet inneber mykje sjølvstudium, og du må like å arbeide sjølvstendig. Du kan likevel alltid diskutere og samarbeide med andre studentar, rettleiaren din og andre. Du blir del av eit godt  og internasjonalt studiemiljø. 

Som masterstudent i lingvistikk får du ein individuell rettleiar som hjelper deg med å planlegge og gjennomføre masteroppgåva. Du kan sjølv velje oppgåvetema, i samarbeid med rettleiaren din.  

Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di.

Kva kan du jobbe som?

Personar med utdanning innan lingvistikk har mykje å bidra med på fagfeltet datalingvistikk og språkteknologi. Det er stor etterspurnad etter applikasjonar som handterer språk, som for eksempel omsetting av dokument, men også språkkonsulenttenester

Våre kandidatar får jobb i privat og offentleg sektor, både i utlandet og i Noreg. Typiske jobbar finn du innan  

  • omsetting   
  • forlagsarbeid   
  • ordbokutvikling  
  • kommunikasjon  
  • informasjonsteknologi  
  • programmering  
  • arbeid med personar som har språkproblem  
  • offentleg administrasjon 
  • undervisning 
Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga. Sjå eigne sider om korleis du reknar ut snittet ditt.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle dei generelle opptakskrava for master på UiB og dei spesielle opptakskrava for dette studiet.

Søknadsfristen er 15. april for høstopptak og 1. november for våropptak.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk and engelsk

Studiets oppbygging

Eit masterprogram i lingvistikk kan sjå slik ut: 

1. semester 

Eksperimentell psykolingvistikk (15 studiepoeng) 

Datalingvistiske modellar og bruksområde (15 studiepoeng) 

2. semester 

Språk på tvers av modalitetar (15 studiepoeng) 

Metode for språklege mastergradar (15 studiepoeng) 

3. og 4. semester 

Masteroppgåve (60 studiepoeng) 

Utveksling

Vanlegvis er det mogleg med eit studieopphald i utlandet som del av programmet. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. UiB har utvekslingsavtalar over heile verda.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Mastergrad kan kvalifisere til søknad til ph.d.-program.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar.lle@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Masterprogram i lingvistikk