Samanliknande politikk (årsstudium)

Samanliknande politikk er eit statsvitskapleg fag som gir deg innsikt i politiske system i andre land og i deira politiske historie.

Kva lærer du?

Samanliknande politikk passar for deg som er interessert i politikk og samfunnsspørsmål, og som er interessert i korleis politiske system i andre land fungerer. Du lærer om politisk utvikling og aktuelle politiske forhold i Europa. 

Med årsstudium med spesialiseringsemne vil du  

  • få kjennskap til ulike demokratiteoriar og omgrep 
  • tileigne deg grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter innan samfunnsvitskapleg metode 
  • vere i stand til å kunne drøfte variasjonar mellom land og korleis likskapar og skilnader kan forklarast 

Globaliseringa fører også med eit behov i det norske samfunnet for å auke kunnskapen om både Europa og andre land i verda. Faget legg sterk vekt på kunnskap i kvalitative og kvantitative forskingsmetodar for å forstå dette vitskapleg.I studiet får du opplæring i statistikkprogrammet R, og du vil få innføring i programmering og koding i R.

Studiekvardag

Årsstudiet i samanliknande politikk er eit studium på fulltid. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 5-12 timar med undervisning i form av forelesingar, seminargrupper, praktiske øvingar og oppgåveskriving.  

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.  

Som sampol-student høyrer du til Det samfunnsvitskapelege fakultet. Her vil du finne lesesalar, studentkafear og bibliotek. Undervisninga vil hovudsakleg gå føre seg i Laurits Meltzers hus (SV-bygget) og Ulrike Pihls hus.

Kva kan du jobbe som?

Årsstudiet lar deg studere eit fagfelt i eitt år (60 studiepoeng). Det passer for deg som vil utfylle tidlegare utdanning, eller om du vil studere berre i eitt år. Årsstudiet med spesialiseringsemne i samanliknande politikk gir undervisningskompetanse i ungdomsskolen og vidaregåande skole i samfunnsfaga.  

Årsstudiet i samanliknande politikk vil vere eit viktig og nyttig springbrett inn i all vidare utdanning og alle karriereløp der kunnskap om organisasjonen sin verkemåte og om politikk og samfunn er sentrale element.  

Les intervju med tidlegare studentar
Opptakskrav og søknadsfrist
Tidlegare poenggrenser:
Ordinær kvote: 47.5
Primær kvote: 43.9

I primær kvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, søker i denne kvota.

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du søker i alle kvotane du er kvalifisert for.

Opptakskrav: GENS

Du må dokumentere generell studiekompetanse utan tilleggskrav. Dette er eit krav for opptak til alle studieprogram.

Søknadsfrist: 15. april
Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. 

Studiets oppbygging

Årsstudium med innføringsemne

Passar for deg som ikkje har studert før. Er det same som første året i bachelorstudiet i samanliknande politikk.

1.semester 

Examen philosophicum – seminarmodell eller skoleeksamen (10 studiepoeng)

SAMPOL103 – Innføring i politiske ideologiar (10 studiepoeng)

SAMPOL105 – Stats- og nasjonsbygging (10 studiepoeng)

2. semester

SAMPOL106 – Politiske institusjonar i etablerte demokrati (10 studiepoeng)

SAMPOL107 – Politisk mobilisering (10 studiepoeng)

MET103 – Kvalitativ samfunnsvitskapleg metode (10 studiepoeng)

 

Årsstudium med spesialiseringsemne  

Passar for deg som har studert før, og som vil komplettere tidlegare utdanning eller skaffe deg undervisningskompetanse i ungdomskolen og vidaregåande skole i samfunnsfaga.  

1.semester 

SAMPOL103 – Innføring i politiske ideologiar (10 studiepoeng)

SAMPOL116 – Democracy and Democratization (10 studiepoeng) 

MET104 – Kvantitativ samfunnsvitskapleg metode (10 studiepoeng)

2.semester 

SAMPOL106 – Politiske institusjonar i etablerte demokrati (10 studiepoeng)

SAMPOL107 – Politisk mobilisering (10 studiepoeng)

MET103 – Kvalitativ samfunnsvitskapleg metode (10 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på årsstudium.

Vidare studiemoglegheiter

Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du kan bruke det som del av bachelorgraden i samanliknande politikk. Du kan søke om intern overgang dersom du vil studere meir. Etter at du har fullført bachelorgraden, kan du gå vidare til masterprogrammet i samanliknande politikk eller andre masterprogram innan statsvitskapen i Noreg eller i utlandet.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: +47 55 58 98 50
E-post: studierettleiar.svfa@uib.no
Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Årsstudium i sammenliknende politikk