Affekt og kognisjon

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Emnet skal gje studentane innføring i dei viktigaste teoriar og perspektiv på forholdet mellom affekt, kognisjon og biologi. Studentane vil gjennom emnet få kjennskap til teoriar og empiriske funn frå sosial-kognisjonsfeltet.

Læringsutbytte

Etter fullførd emne skal studentane kunne skaffe seg kunnskap om og kunne drøfte teoriar og empiriske funn knytt til:

  • relasjonen mellom emosjonar, affekt og kjensler
  • stemning («mood») og informasjonsprosessering
  • kjensler sin verdi som informasjonskjelde
  • verdien av stemningsleie i ulike bedømmingssituasjonar
  • stemningsbunden hugs
  • stemning og kreativ problemløysing
  • forholdet mellom antisiperte og antisipatoriske kjensler
  • forholdet mellom tankar og kjensler i fryktaktivering

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningssted

Bergen

Krav til forkunnskaper

Ingen

Anbefalte forkunnskaper

Det vert tilrådd at deltakarar har kunnskap i psykologi tilsvarande førsteårsstudiet i psykologi. Kjennskap til kognitiv psykologi og biologisk psykologi er ein føremon ved deltaking på emnet.

Krav til studierett

Emnet krev studierett på eit av følgjande studieprogram:

  • Bachelorprogrammet i generell psykologi
  • Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi
  • Bachelorprogrammet i kognitiv vitenskap
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk heimeoppgåve (gruppeoppgåve). Oppgåva er gyldig i 5 semestre (det semesteret ein skriv oppgåva og dei fire påfølgande semestra).

Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.

Litteraturliste

Tilrådd litteratur er sett saman av omlag 1000 sider.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.