Klassisk og moderne sosiologisk teori
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Emnekode
- SOS101
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:
Kunnskapar
Etter avslutta emne kan studenten
- gjere greie for klassiske og moderne bidrag i sosiologien og ulike teoretiske perspektiv knytt til tilhøvet mellom handling og orden
- gjere greie for og skilje mellom kollektivistiske og individualistiske forklaringar av samfunnsorden og mellom rasjonelle og ikkje-rasjonelle forklaringar av sosial handling.
- plassere teoriane i høve til samfunnskontekst og historisk tid, og gjere greie for korleis nyare teoriar bygger på, men også skil seg frå, teoriar som vart utvikla tidlegare
Dugleikar
Etter avslutta emne kan studenten
- svare på problemstillingar på ein analytisk og drøftande måte med grunnlag i vitskaplege tekster
- kunne bruke ulike tilnærmingar og omgrep for å forstå og diskutere konkrete døme på ulike samfunnsfenomen
- skrive ein tekst ut frå fagleg etiske kriterium og korrekte litteratur - og kjeldetilvisingar
Generell kompetanse
Etter avslutta emne har studenten
- forståing og respekt for akademisk skrivearbeid og vitskapleg tenkjemåte
- forståing av kor viktig det er at ulike faglige synspunkt kjem fram og blir debatterte
- generelle dugleikar i kritisk tenking og evne til å skilje mellom argument ut i frå kva for teoretiske perspektiv dei er grunna i
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga inneheld forelesingar og seminar. I seminara får studentane trening i munnleg drøfting av faglege problemstillingar.
12-14 førelesingar og 12 seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei innleveringsoppgåve (2500 ord, +/- 10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg) som skal vere godkjend før studenten kan gå opp til eksamen i emnet.
Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle semesteret samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
6 timars skriftleg skuleeksamen.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:
- Legeattest/gyldig fravær
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.