Poenggrenser

På mange studier er det fleire kvalifiserte søkere enn vi har studieplassar. Derfor har studia poenggrenser.

Kva er ei poenggrense

Ei poenggrense er aldri bestemt på førehand, men blir avgjort av fleire faktorar, som til dømes antall søkarar, poengsummen til dei ulike søkarane og endring i talet på studieplassar. Poenggrensene kan derfor variere frå år til år. 

Poenggrenser er gitt der talet på søkarar var større enn talet på studieplassar, og poenggrensen viser til den lågaste poengsummen som gav opptak. 

"Alle" tyder at alle kvalifiserte søkarar fekk tilbod om studieplass ved siste opptak. 

I primærkvote tel berre karakterpoeng og realfagspoeng/språkpoeng. Søkarar som ikkje fyller meir enn 21 år i opptaksåret og har eit førstegongsvitnemål, kan konkurrere i denne kvota. 

I ordinær kvote tel også forbetringar av fag, alderspoeng og tilleggspoeng. Du konkurrerer i alle kvotane du er kvalifisert for. 

Poenggrenser på UiB

Du finn ei oversikt over fjorårets poenggrenser på kvart enkelt studieprogram på studieprogramsidene. 

UiBs studieprogrammer 

Sist oppdatert: 04.02.2025