Forskingsetikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 0
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- AHKR300
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Til vanleg norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med kurset er å legga til rette for at forsking vert utført i samsvar med høge forskingsetiske krav. For å oppnå dette vil kurset engasjera masterstudentane til å lesa om, reflektera over og diskutera aktuelle forskingsetiske problemstillingar.
Kurset gir ei generell fleirfagleg innføring i forskingsetikk. Det tek òg for seg forskingsetiske utfordringar, der lærarane trekk fram forskingsetiske tema som har vist seg særleg relevante innan kvart av faga og som samtidig er aktuelle for alle faga. Studentane vil få sjå eksempel knytt til tema som vert tekne opp, og desse eksempla vil bli drøfta i grupper og i plenum.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om forskingsetikk både når det gjeld prinsipp og praksis
- har kunnskap om forskingsetiske ressursar
- har ei forståing av føremålet med og verdien av forskingsetiske vurderingar og avgjerder
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Studentane får kurset vurdert som greidd om dei deltek på samlingane.