Historieformidling etter mastergrad
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- AHKR392
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Gjennom studiet vil studentane få betre kjennskap til ulike formidlingsformer i historie, og aktuelle problemstillingar som reiser seg i møtet mellom historie som forskingsfag og behov og forståingshorisontar i samfunnet.
Studentane skal tileigne seg teoretisk kunnskap knytt til historiebruken i samfunnet, øve opp praktiske ferdigheiter i historieformidling og bli i stand til å kritisk reflektere over eiga og andre si historieformidling.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Studentane kjenner til relevante teoretiske tilnærmingar til historieformidling som fenomen, og kva utfordringar ein som historikar står overfor når det gjeld å formidle ein fagleg bodskap til eit breiare publikum. Dei kjenner til ulike formidlingsformer i historie, og dei spesifikke utfordringar desse står overfor.
Ferdigheiter
Studentane er i stand til å vurdere og analysere ulike former for historieformidling ut frå ein teoretisk ståstad, og er også i stand til å kunne utvikle og kritisk reflektere rundt eiga historieformidling.
Generell kompetanse
Studentane har kompetanse på å vurdere og analysere ulike former for historieformidling, og å sjølv formidle eit faglig tema til eit breiare publikum.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Vurderinga består av to delar: ei mappe og ein justerande munnleg eksamen.
Mappa skal innehalde tre tekstar som blir vekta likt. To av tekstane skal formidle eit historiefagleg tema til eit breidare publikum. Sjangrar kan vera ein populærhistorisk artikkel, ein aviskronikk, eit intervju, ein leksikonartikkel eller ein læreboktekst. I særlege tilfelle kan andre sjangrar nyttast etter avtale med faglærar. Tekstane må vera av ulike sjangrar, og minst ein av dei må ha eit tema knytt til studenten si masteroppgåve. Det må klart gå fram i kva samanheng tekstane er tenkt publiserte. Tekstane skal ikkje overlappe kvarandre tematisk.
Den tredje teksten skal vera ein analyse av ein case kor historie vert formidla, f.eks. eit minnesmerke, ei museumsutstilling, ein film/tv-serie eller ei bokutgjeving. Analysen skal bygge på relevante perspektiv frå pensum, og ha eit omfang på om lag 1500 ord. Val av «case» gjerast i samråd med faglærar.
Totalt skal mappa ha eit omfang på 4000-5000 ord, og får ein samla karakter frå A-F der F er stryk.
Den munnlege prøva diskuterer mappetekstane og kan justere karakteren på mappa. Den munnlege prøva kan maksimalt endre karakteren med éin bokstavkarakter. Mappa må vera greidd for å kunne gå opp til munnleg eksamen.