Allmenn litteraturvitskap mastergradsoppgåve
Masteremne
- Studiepoeng
- 60
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- ALLV350
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mastergradsstudiet tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar, i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar, og i litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur. Gjennom arbeidet med masteroppgåva skal studentane dokumentere at dei kan finne fram til og avgrense problemstillingar, og arbeide systematisk og metodisk innanfor presise faglege rammer.
Masteroppgåva kan omfatte både litterære og teoretiske emne. Ein kan òg velje emne frå faghistorie, litteraturpedagogikk eller -formidling, eller ein kan ta for seg emne av tverrestetisk karakter. Som masteroppgåve kan også godkjennast fleire mindre arbeid som tematisk eller metodisk heng saman, eller delar av gruppearbeid som lar seg evaluere individuelt.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten
- får avansert kunnskap om eit større litteraturfagleg område.
- får høve til å teoretisk og metodologisk fordjupning.
- får oppøving i kva det vil seie å analysera og tolka eit større fagleg materiale.
Ferdigheiter
Kandidaten
- får oppøving i å handsame ein større kunnskapsmasse over tid og å skrive eit lengre skriftleg arbeid.
- får oppøving i metodisk og teoretisk sjølvrefleksjon
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan kommunisere med spesialistar og allmenta om faglege problemstillingar innanfor litteraturvitskapen og tilgrensande fagområde.
- kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid på ein fagleg forsvarleg måte.
- kan drøfte den relevansen litteraturen generelt og av fordjupingsfeltet spesielt har for andre fagområde og for aktuelle problemstillingar.
- har ei velutvikla evne til å kommunisere om litterære og estetiske problemstillingar skriftleg og munnleg.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Masteroppgåva skal leverast innan dei gjeldande fristane på Inspera. Etter at masteroppgåva er vurdert og bestått, går kandidaten opp til ein munnleg eksamen på ca. 45 minutt som har tilknyting til masteroppgåva. Munnleg eksamen kan justere karakteren for masteroppgåva med inntil éin karakter opp eller ned. Ein må få ståkarakter på begge delane for å få ståkarakter i emnet.
Oppgåva skal vere på 25 000 - 38 500 ord (70 - 110 sider), og skal svare til ein samla arbeidsinnsats på 2 semester (60 studiepoeng). Vidare skal ein nytte skrifttype Times New Roman, Arial, Cambria eller tilsvarande med 12 punkt skriftstorleik og linjeavstand 1,5. Forside, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg er ikkje inkludert i dette sideomfanget.
Masteroppgåva kan skrivast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.