Organisering, læring og endring
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- AORG602
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Kurset skal gi oversikt over grunnleggjande omgrep og ulike teoretiske retningar i studiet av organisasjonar. Siktemålet er å visa korleis organisasjonsteori kan vera ein reiskap i analysar av korleis organisasjonar, institusjonar og institusjonelle rammer blir etablerte, utforma, vedlikehalde, og endra. Kurset skal styrkja deltakarane si evne til å forhalda seg kritisk til ulike teoretiske perspektiv, samt fremja sjølvstendig tenking og kreativitet i handteringa av konkrete organisasjonsproblem.
Kurset gjer ei oversikt over moderne og postmoderne perspektiv på organisasjonar, med fokus på institusjonelle teoriar. Konkrete case og eksempelmateriale blir henta frå ulike samfunnsfelt og arbeidslivsområde. Kurset er organisert i tre tema:
- Organisasjonsteori: perspektiv, omgrep, og prosessar
- Endring i moderne organisasjonar: kjelder, prosessar og vilkår
- Læring - reaksjon eller aksjon: perspektiv, kompetanseutvikling og kollektiv handling
Det første er ein grunnleggjande introduksjon til studiet av organisasjonar og organisering. I tillegg skal kurset formidle meir inngåande kjennskap til forsking innan nokre utvalde sentrale hovudtema i organisasjonsteori med særleg vekt på institusjonsanalyse, organisatoriske endringsprosessar og læring.
Tema 1: Organisasjonsteori: perspektiv, omgrep, og prosessar
Introduksjon til studiet av organisasjonar, med presentasjon av "klassiske" idear om organisering og ei oversikt over ulike analysemodellar. Sentrale problemstillingar og tema i studiet av organisasjonar med vekt på kultur, samfunn og offentleg sektor som kontekst for teori, organisasjonsformer og handling.
Tema 2: Endring i moderne organisasjonar: kjelder, prosessar og vilkår
Kurset skal mellom anna kasta lys over trendar i organisasjonstenking ved tusenårsskiftet og korleis desse har nedfelt seg i ulike organisasjonsformer og måtar å organisera på, både i offentleg og privat sektor. Det vil særleg bli lagt vekt på korleis dei ideane og oppskriftene som kan liggja til grunn for endringar reiser inn i organisasjonar, og korleis organisasjonane handterer og nyttar ideane.
Tema 3: Læring - reaksjon eller aksjon: perspektiv, kompetanseutvikling og kollektiv handling
I direkte samanheng med tema 2 om endring vil kurset også fokusera på kva rolle læring spelar i endingsprosessar i organisasjonar. Vi vil sjå på kva for perspektiv som kan nyttast for å forstå læring som kollektivt fenomen, og særleg å vektleggja om læring er ein respons på organisasjonseksterne forhold, eller om læring er ein organisasjonsinitiert prosess. Vi vil sjå nærare på grunnleggjande vilkår for læring, kjenneteikn ved læringsprosessar og moglege utfall.
Læringsutbyte
Deltakarane skal ved avslutta kurs ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Deltakaren har inngående kunnskapar om:
- det statsvitskaplege studium av (politiske) organisasjonar og organisering, og kjennskap til grunnleggjande omgrep og ulike teoretiske retningar i studiet av organisasjonar.
- kva organisering, læring og endring i organiserte kontekster har å seia.
- Grunnleggende vilkår for læring, kjenneteikn ved læring og moglege utfall.
- Korleis organisasjonsteori kan vera ein reiskap i analysar av korleis rganisasjonar, institusjonar og institusjonelle rammer blir etablert og utforma, vedlikehaldne, og endra.
- sentrale forsknings- og utviklingsområde i faget, historie, tradisjonar, og eigenart i kombinasjonen av teoriar om organisasjonar, politikk og demokrati.
Ferdigheter
Deltakaren kan:
- gjennomføra analysar med utgangspunkt i sentrale problemstillingar og teoretiske perspektiv i studiet av organisasjonar i offentleg sektor.
- fremja sjølvstendig tenking og kreativitet i vurderinga av konkrete organisasjonsproblem.
- Kan bruka og vera kritisk til kunnskap og relevante resultat fra forsknings- og utviklingsarbeid på aktuelle problemstillingar og kunne ta fagleg grunngjevne avgjerder og val.
- undersøkja, gjera greie for og drøfta sentrale idear og oppskrifter for måtar å organisera på, korleis slike idear kan reisa inn i organisasjonar og bidra til endringsprosessar, og korleis organisasjonar kan bruka slike idear i reformarbeid.
Generell kompetanse
Deltakaren kan:
- kombinera kompetanse frå eigen arbeidsplass/som tillitsvald med allmenn og teoretisk vidareføring på sentrale problemområde.
- planleggja og gjennomføra analytiske arbeidsoppgåver som strekkjer seg over tid innanfor gitte krav og faglege problemstillingar.
- Læra effektivt, sjølvstendig og har evne til samarbeid.
- sortera og vurdera informasjon og kunnskap på ein kritisk måte
- formidla sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg, og kan utveksla synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god organisasjons- og prosessforståing.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Kurset er lagt til rette for deltakare med og utan allmenn studiekompetanse. Det vil seia at du også uten vidaregåande skole eller tilsvarande kan søkja om opptak.
Deltakare blir tatt opp på grunnlag av forkunnskapar og erfaring frå arbeidslivet som blir rekna som nødvendige/relevante for å nyttiggjera seg studietilbodet. Det blir innvilga avgrensa studierett. Dette inneber at retten til å ta kurs ved universitetet er knytt opp mot dette kurstilbodet.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Læringsformer
Kurstilbodet er basert på tre sentrale læringsformer: samlingar, IKT-støtta læring og sjølvstudium.
Allment
Gruppe- og studentaktivitet versus forelesingar
Graden av aktiv deltaking aukar utover i programmet. Første samling vil minna ein god del om den tradisjonelle studieforma, med forelesinga som utgangspunkt. Etter kvart vil forelesingane bli meir dialogorienterte, og drøftinga av dei teoretiske bidraga bli styrt av dei problemstillingane deltakarane tek opp.
Førebuing og deltaking
Det blir forventa at deltakarane har gjort seg kjent med pensum relevant for samlingane. Til 2. og 3. samling blir det forventa at studenten har arbeidd aktivt med stoffet og tatt del aktivitetar som kollokvier/IKT-støtta læring. Det er også vist til den gjensidige forpliktande aktivitetsplanen.
Samlingar
Studiet har tre samlingar i løpet av semesteret. Samlingane har tre hovudaktivitetar:
- forelesingar
- plenums- og gruppedialog
- caseaktivitetar
Forelesingane er bygde opp som dialogundervisning ved at deltakarane får høve til å kommentera og kritisera stoffet som blir lagt fram. Dermed blir erfaringane til deltakarane brukt som ein ressurs i undervisninga, samtidig som forelesaren får høve til å drøfta eigne forskingsresultat og hypotesar med ei særleg kompetent forsamling. Om læringsprosessen skal bli vellukka, må likevel deltaking i undervisning bli knytt til ei opplæring i analytisk og kritisk tenking. Omgrep og teoriar frå pensum må nyttast på sentrale problemområde i studiet i tillegg til at dette setter eigne erfaringar og arbeidsoppgåver i perspektiv. Ved eksamen vil evne til sjølvrefleksjon bli premiert. Resultata som deltakarane produserer i samlingane vil kunne delast av deltakarane via den felles nettstaden som blir utvikla dynamisk gjennom kurset.
Mellom samlingane
Aktivitetene mellom samlingene er frivillige, men det blir forventa at deltakarane gjennomfører sjølvstudium, og tar del i felles aktivitetar, anten som fysiske møte eller ved bruk av nett.
Sjølvstudium
Det blir stilt store krav til deltakarane om aktiv medverknad i undervisninga, men også disiplinert sjølvstudium. Det blir føresett at deltakarane møter til undervisning, gruppearbeid og rettleiing. Deltakarane utviklar i samlingane ulike dokument og andre resultat som vil vera til støtte i periodane mellom samlingane. På grunn av den utstrakte bruken av IKT vil deltakarane ha tilgang til eige materiale frå samlingane under gjennomføringa av aktivitetane mellom samlingane.
IKT-støtta læringsdialog
Samlingane representerer dei fysiske arenaene, og i tillegg blir kurset basert på at deltakare og faglærarar nyttar seg av ein nettarena. Denne arenaen vil mellom anna romma deltakarane si produksjon og publisering av tekstar, faglærarar si rettleiing av studenttekstar, deltakarane si diskusjon av tekstane til kvarandre, fagdebatt i debattforum, meldingssystem og ulike former for ressursar.
Nettarenaen er tatt i bruk fordi eit IKT-støtta opplegg for oppgåveskriving og ulike læringsdialogar gir gode vilkår for læring, og skaper gode kontaktar mellom studentar og lærarar. Deltakarane skal uavhengig av tid kunne velja å gå inn på nettarenaen og leita fram oppgåver, kommentarar, diskusjonar og andre ressursar. Eit anna viktig prinsipp er at den einskilde deltakaren gjennom dette skal få stor individuell fridom og styring av studiene sine. Ein viktig føresetnad for kurset er likevel at dei fysiske møta er eit nødvendig vilkår for at nettarenaen skal verka. Kurset kan derfor ikkje bli oppfatta som, eller bli gjennomført som, eit reint nettbasert studie. På si side skal nettarenaen medverka til å leggja til rette for at deltakarane si samhandling på nett skal verka stimulerande for samhandlinga på dei fysiske arenaene. Ved å nytta IKT-støtta læring kan altså nokre av ulempene med lange fysiske avstandar bli kompenserte for.
Tilretteleggjinga av dette kurset tar også utgangspunkt i eit læringssyn som legg vekt på nærleik til arbeidsplassen og effekten av å dela kunnskap for å utvikla ny kunnskap. Med nærleik til arbeidsplassen er meint sjansen for å bringa inn problemstillingar, spørsmål og svar henta frå eigen eller andre sin kvardag til beste for læringsmålet. Å dela kunnskap - og dermed å utvikla kunnskap i fellesskap - er vurdert som meir effektivt enn berre eit sjølvstudium. Også av den grunn vil deltakarane bli delt i gruppar, samt få høve til å kunna utnytta nett til dialog mellom samlingar. Deltakarane vil få høve til å ta vare på resultat i digital form frå kurset, slik at de kan nyttast og utviklast gjennom heile kurset.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske aktivitetar: caseoppgåve og debattinnlegg.
For å kunna gå opp til eksamen må deltakaren ha levert inn ei caseoppgåve og deltatt med to debattinnlegg vurdert til godkjend. Begge arbeidskrava skal løysast individuelt.
Ulike case vil bli formidla og vera ein viktig del av undervisninga. Desse er utgangspunktet for oppgåva. Caseoppgåva bør ha eit omfang på 3.500 ord (+/- 10 %).
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta til UiB kan søke om utsatt innleveringsfrist. Søknaden må sendes til studieveileder.gov@uib.no innen innleveringsfristen.