Komparativ fysiologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gir ein introduksjon til prinsippene for form og funksjon hos dyr, plantar og mikroorganismar med hovudvekt på fysiologiske mekanismar si tilpasning til miljøet og bevaring av likevekt. Plantefysiologidelen vil vektlegge både høgare plantar og planteplankton. Zoofysiologidelen vil legge hovudvekten på vertebrater med eksempel frå evertebratfysiologi der denne kan gje interessante modellar/spørsmål/mekanismar. Mikrobiell fysiologi tar for seg grunnleggande fysiologiske prosessar på det cellulære nivået og interaksjon/samhandling med miljøet. I tillegg til å sjå på spørsmål som er spesifikke til dei tre organismegruppene vil større emne innan fysiologien bli diskutert. Emne som blant anna vil bli tatt opp er:

  • Temperatur.
  • Fotosyntese (oksygenisk/anoksygenisk).
  • Ernæring/energihøsting.
  • Transportmekanismer.
  • Vann/ionebalanse, utskilling.
  • Homeostase, tilpasning til miljøet.
  • Gassutveksling, respirasjon og sirkulasjon.
  • Signaloverføring (mellom celler, hormoner/nervesystem).
  • Sansing (visuell, kjemiske, lyd og vibrasjoner).

 Førelesningane vil fokusere på hovudprosessene innanfor fysiologien i forhold til miljøet i plantar, dyr og mikroorganismar, og prosessane involvert i oppretthalding av homeostase.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

  • Kan utleie og forklare grunnleggande prinsipper innanfor form, struktur og funksjon hos dyr, plantar og mikroorganismar.
  • Kan gjere greie for grunnleggande begrep relatert til sentrale fysiologiske prosessar i dyr, plantar og mikroorganismar.
  • Kan forklare og samanlikne kritiske fysiologiske mekanismar («funksjon») i tilpassing til miljøet og homeostase i dyr, plantar og mikroorganismar.

Ferdigheiter:

  • Kan grunnleggjande laboratorieteknikkar brukt for å studera fysiologiske prosessar i dyr, plantar og mikroorganismar.
  • Kan enkel datatilarbeiding, resultatpresentasjon og diskusjon av eigne resultat i høve til teorien.
  • Kan disponere og lage ein munnleg presentasjon etter IMRAD-formatet (innleiing, materiale og metode, resultater og diskusjon) basert på eigne resultat.

Generell kompetanse:

  • Kan prinsippet for IMRAD-formatet og skal kunne bruke dette sjølvstendig i eigne presentasjonar frå labøvingane.
  • Kan samarbeide rundt gjennomføring av eit forsøk, resultattilarbeiding, dataanalyse og tolking.
  • Kan reflektere og vise evne til kritisk tenking rundt eigne resultat og funn.
  • Kan opptre ansvarleg på laboratoriet og rette seg etter dei retningslinjene som gjelder.

Studiepoeng, omfang

10.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
BIF101 (4 studiepoeng).
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar og laboratoriekurs.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk deltaking på laboratoriekurs (mikrobiologi, botanikk og zoofysiologi) og munnleg presentasjon av resultatet frå laboratoriekursa (godkjent/ikkje godkjent).
Obligatoriske undervisningsaktiviteter er gyldige i 5 påfølgande semester.
Vurderingsformer

I semester med undervisning (vår)
Deleksamen 1 (30%) og deleksamen 2 (70%):

  • Deleksamen 1: 2 timar, kortsvarsoppgåver og fleirvalsoppgåver (multiple choice) frå første del av pensum.
  • Deleksamen 2: 3 timar, langsvarsoppgåver og kortsvarsoppgåver i kombinasjon med fleirvalsoppgåver. Hovudvekt på siste del av pensum, men oppgåver frå første del av pensum kan også bli gitt.

Obligatorisk aktivitet må vere godkjent for å kunne bli vurdert i emnet. Begge eksamenane må gjennomførast for å få karakter i emnet i undervisningssemesteret (vår). For studentar som eventuelt er registrert med gyldig fråvær på deleksamen 1, vil deleksamen 2 telle 100% på karakteren. Deleksamen 1 og 2 er berre gyldig det same semesteret som dei blir gjennomført i.

I semester utan undervisning (haust)
Studenter med godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet kan ta eksamen. Eksamen består av langsvarsoppgåver, kortsvarsoppgåver og fleirvalsoppgåver. Eksamen tel 100% på karakteren.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester, i semester utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i Studiekvalitetsdatabasen.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.