Biomedisinsk forskarkurs: Matrix biologi

Ph.d.-kurs

Emnebeskrivelse

Kursinnhald

Dette er eit vidaregåande kurs i ekstracellulær matrix for masterstudentar, kandidatar og forskarar som er interesserte imMatrix relatert forsking. Kurset gjer ein grundig oversikt over celler sine interaksjonar med den ekstracellulære matrix. Kurset tek sikte på å gje kandidatane ein integrert forståing av rollen til den ekstracellulære matrix for helse og sjukdom.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal kandidaten kunne:

Kunnskapar

  • Beskrive dei ulike komponentane som deltek i celle-matrise samspelet
  • Beskrive dei underliggjande prinsipp som styrar celle-matrise samspelet

Ferdigheiter

  • Forstå eksperimentelle prosedyrar som vert nytta til å studere interaksjonar mellom celler og den ekstracellulære matrise
  • Bruke biokjemiske / cellebiologiske aspekt for å forstå kva rolle den ekstracellulære matrise har for normal hemostase og for utvalde kliniske problemstillingar
  • Diskutere noen aktuelle nøkkelspørsmål innan celle-matrise interaksjonar

Generell kompetanse

  • Demonstrere analytisk tenking ved å vurdere ein vitskapleg artikkel kritisk og foreslå mulege problemstillingar, samt utforme eigna strategiar for å svare på spørsmåla

Undervisingsperiode

dato kommer

Studiepoeng

3
Undervisingsspråk
Engelsk
Påmelding og -fristar

Doktorgradsstudentar ved Universitetet i Bergen registrerer seg via Studentweb (studentweb.uib.no).
Doktorgradsstudentar ved andre institusjonar søker via søknadsweb (soknadsweb.uib.no).

Søknadsfrist: 1. februar

OBS! BMED904 går anna kvart år. Neste gang er våren 2024.

Krav til forkunnskapar
Kunnskap på masternivå innan molekylærbiologi, cellebiologi og biokjemi.
Tilrådde forkunnskapar
Kunnskap på masternivå innan signaltransduksjon (BMED330 eller liknande).
Vurderingsform
For å bestå kurset, må kandidaten gje ein munnleg presentasjon og kritisk vurdering av ein utvald artikkel.
Karakterskala: Bestått / ikkje bestått.
Kven kan delta
Ph.d.-kandidatar innan naturvitskap eller medisin. Kurset er meint for ph.d.-kandidatar innan biomedisinsk forsking. Minimum antall deltakarar for at kurset skal gå er 10, maksimum antall er 25. Dersom fleire enn 25 interesserte meld seg på vil kandidatar som vert rettleia ved Institutt for biomedisin, eller er med i CCBIO forskarskulen vert prioritert.
Utfyllande kursomtale

Obligatorisk frammøte på førelesingar og laboratorieundervisning.

Samla arbeidsmengd:

  • Førelesingar og laboratoriearbeid (35 timar)
  • Seminar der deltakarane presenterer utvalde artiklar (4 timar)
  • Utarbeiding av eigen presentasjon (ppt-presentasjon) og diskusjon (41 timer).

Det vert forventa at deltakarane les nokre originalartiklar før kurset tek til.

Fagleg ansvar
Marion Kusche-Gullberg
www.uib.no/personer/Marion.Kusche