Biomarkører og tumorbiologi i klinisk praksis
Ph.d.-kurs
- Studiepoeng
- 4
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- CCBIO904
- Talet på semester
- 1
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Kursinnhald
Kurset skal dekke bredt tumorbiologiske tema som er viktige for å kunne forstå korleis kreft oppstår, kva mekanismar som kontrollerer tumorvekst, spreiing og morbiditet. Undervisninga vil særleg fokusera på tumorbiologiske forandringar som kan ha eller allereie har betyding for personlig tilpassa kreftbehandling og kliniske utprøvingsstudiar av ny diagnostikk og behandling.
Kurset omfattar førelesningar, demonstrasjoner, gruppearbeid, pensumlesestoff og kursprøve og har som mål at ph.d -kandidater som forskar på kreft skal få en bred forståing for alle sider av tumorbiologi basert på oppdatert kunnskap. Ph.d.-kandidatane vil også få god innsikt i korleis kunnskap om tumorbiologiske forandringar påverkar våre strategiar for å tilpasse utredning og behandling for denne pasientgruppa.
Læringsutbyte
Etter å ha fullført emne, skal kandidatane ha:
Kunnskap om:
- Vurdering av føremålet og nytta av elementære metodar knytt til påvising av molekylære endringar i svulstvev
God innsikt i:
- Tumorbiologiske aspekt ved kreft.
- Onkogenar, tumor-suppressor genar, gen re-arrangementar, DNA-reparasjon, apoptose og vekstfaktorar.
- Ulike metodar for "Gen-mapping". DNA-analyse og sekvensering
- Prinsipp for cytokine terapi, gen terapi, rasjonell "drug-design", monoklonale antistoffar og protein "engineering".
- Samspelet mellom tumorceller og mikromiljø.
- Metodar for innsamling av prøver i klinikken for bruk av molekylære teknikkar.
Ferdigheter
- Kunne formulere problemstillingar og forslag til studiar av molekylærbiologiske aspekt ved kreft og kreftutvikling for å kartlegge tumorbiologiske mekanismar.
- Kunne kritisk vurdere nytta og utfordringar ved bruk av ulike metodar for å studere molekylærbiologiske aspekt ved kreft.
- Kunne velje ut relevant litteratur som omhandlar molekylærbiologiske aspekt som er viktige ved kreft.
Generell kompetanse
- Kunne vurdere korleis kunnskap om molekylære endringar i kreft kan føre til betre og meir presis diagnose.
- Kunne fremme forslag til strategiar for utviklinga av meir målretta terapi og utprøving av kreft medisinar.
- Kunne forstå utfordringar og moglegheit for innføring av meir målretta behandling og betre oppfølging av kreftpasientar.
Undervisingsperiode
Studiepoeng
Undervisingsstad
Vurderingsformer
For å stå i emnet, må kandidaten:
- Delta på minimum 90% av kurset
- Førebu seg til og delta aktivt i grupperbeid, samt førebu ein munnleg presentasjon saman med gruppa.
- Bestå ein ein times skriftleg kursprøve. Kursprøve vert vurdert av kurskoordinator
Følgjande karakterskala vert nytta:
Bestått / Ikkje bestått
Påmelding og -fristar
1. februar i Studentweb for studentar ved UiB.
Eksterne deltakarar kan søke om opptak til kurset gjennom Søknadsweb med frist 1. februar.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Inngår i opplæringsdel
Fagleg overlapp
Kven kan delta
Program
3 fulle dagar med forelesingar og seminar.
Gruppearbeid med diskusjon og etterfølgjande individuell presentasjon.
Litteratur: se under