Brukermedvirkning i medisinsk og helsefaglig forskning
Ph.d.-kurs
- Studiepoeng
- 2
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- CCBIONEUR910
- Talet på semester
- 1
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Kursinnhald
Kurset er laga for å tilrettelegge for brukarmedverknad i medisinsk og helsefagleg forsking.
3-dagars kurs beståande av forelesingar, gruppearbeid og diskusjonar.
Læringsutbyte
Etter at kurset er gjennomført skal kandidaten ha følgande læringsutbytte definert i form av kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Kjenne til bakgrunnen for innføring av brukarmedverknad i medisinsk og helsefaglig forsking.
Ha kunnskap om korleis brukermedverknad er dokumentert å påverke medisinsk og helsefaglig forsking, gjennomføring av kliniske studiar og anvending av forskingsresultatar.
Ha kunnskap om forskaren sitt ansvar for at brukermedverknad vert integrert i heile prosessen i eit klinisk forskingsprosjekt - frå planlegging til prosjektgjennomføring til publikasjon. Kjenne til brukarorganisasjonar og lokale brukarutval si rolle i rekruttering og ev. opplæring til brukermedverknad i forsking.
Ferdigheiter:
Kunne formidle eiga forsking til brukarar på ein lettfatteleg måte. Kunne diskutere med brukarar korleis deira perspektiv kan bidra til demokratisering og kvalitetsforbetring i eige forskingsprosjekt spesielt, og i klinisk av forsking generelt. Kunne ta med seg innspel frå brukarar til å forbetre brukarmedverknad i eiga forsking.
Generell kompetanse:
Kunne vurdere og formidle meirverdi av brukermedverknad og igangsette konstruktiv brukarmedverknad i eigne forskingsprosjekt.
Undervisingsperiode
Undervisingsstad
Undervisingsspråk
Påmelding og -fristar
Registrering i Studentweb for interne studentar.
Frist: 1. februar
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Inngår i opplæringsdel
Vurderingsform
Bestått/ikkje bestått
Brukarvennleg presentasjon av eige forskingsprosjekt (skriftleg). Rapportering av framdrift i gruppearbeid (etter utlevert mal).
Munnleg presentasjon av resultat frå gruppeoppgåver.
Skriftleg/munnleg evaluering av kursets betydning for implementering av brukarmedverknad i eige forskingsprosjekt.
Fagleg overlapp
Kven kan delta
Utfyllande kursomtale
Bidra til at brukarmedverknad vert implementert i medisinsk og helsefagleg forsking.
Studentane skal tileigne seg teoretisk kunnskap om bakgrunn og hensikt med brukarmedverknad, kombinert med diskusjon og refleksjon omkring eigne erfaringar og forventningar. Kurset legg opp til tett dialog mellom studentar og brukarrepresentantar.
Fagleg ansvar
Nina Louise Jebsen
Kjell-Morten Myhr
Tone Skaar