Designpraksis 1 - Avdekking

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å forberede studentane i arbeidet med sitt eiget masterprosjekt.

Emnet skal formidle forståing av konkrete undersøkingar og presisering av det videre prosjektarbeidet, for å avdekke, avklare, utvide eller avgrense sentrale spørsmål.

Innhald:

Studiet tar opp tema

1. Bakgrunn og motivasjon, inkludert prosjektets samfunnsrelevans
2. Hovudspørsmål og mål
3. Prosjektprosess med framdriftsplan for gjennomføring
4. Vurderingar knytt til ressursbruk og presentasjonsform

Studentane gjennomfører et forprosjekt med undersøkingar gjennom design. Avhengig av det enkelte masterprosjekt, kan undersøkingane og eksperimenteringa vere relatert til materialar, prosesser, skalering eller andre forhold.

Læringsutbyte

Etter gjennomført emne skal studenten ha oppnådd følgande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Studenten skal kunne planlegge undersøkingsfasen i sitt eiget designprosjekt

Ferdigheiter

  • Studenten skal kunne kommunisere og dokumentere designfagleg arbeid på høgt nivå

Generell kompetanse

  • Studenten skal kunne ta initiativ og individuelt ansvar for sjølvstendig arbeid og framdrift

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Opptak til masterprogrammet i design
Arbeids- og undervisningsformer

Studentane gjennomfører et forprosjekt med praktisk og metodisk utprøving over fleire veker. Forprosjektet er individuelt basert, men med møtepunkt og diskusjon i gruppe.

Rettleiing skjer individuelt og i gruppe.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Minimum 10 rettleiingstimar
  • Delta på masterprosjekt presentasjonar
  • (Obligatorisk undervisningsaktivitet som skildra over må bli godkjent for at studenten skal kunne gå opp til eksamen)

    Vurderingsformer

    I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:

    • Skriftleg refleksjonsnotat med visuell dokumentasjon av prosess. inkludert prosjektskildringen, Maks. 5000 ord
    Karakterskala
    Bestått / Ikkje bestått
    Vurderingssemester
    Haust
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Emnet blir evaluert kvart tredje år, etter UiBs kvalitetssystem.
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna i programmet.
    Administrativt ansvarleg
    Fakultet for kunst, musikk og design v/ institutt for design har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.