Nordisk fagdidaktikk for PPU 1
Årsstudium
- Studiepoeng
- 7.5
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- DIDANOR1
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukt.
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gje ei innføring i nordisk fagdidaktikk for studentar som har norsk som undervisningsfag i den praktisk-pedagogiske utdanninga. I emnet legg ein særleg vekt på:
1. Norskfagleg og nordiskfagleg innhald, kunnskapsforståing og læring.
2. Språklæring og språkutvikling.
3. Tekstforståing og tekstskaping.
4. Lesing og litteraturdidaktikk
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
* har brei norskdidaktisk kunnskap med særleg vekt på den vidaregåande skulen
* har brei kunnskap om norskfaget si samfunnsmessige rolle og utvikling
* har brei kunnskap om norskfagleg læring og danning
* har inngåande kunnskap om skriveprosessar og skriveopplæring
Ferdigheiter:
* kan planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga norskfagleg undervisning
* kan leggje til rette for norskfaglege læringsprosessar og skape eit trygt læringsmiljø
* kan vurdere norskfaglege tekstar og gi læringsfremmande tilbakemeldingar
Generell kompetanse:
* kan formidle norskdidaktiske problemstillingar
* kan reflektere over faglege, profesjonsetiske og fagpolitiske spørsmål
* kan ut frå eit sjølvstendig fagsyn vidareutvikle eigen kompetanse
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsforma er primært førelesingar i emnet. Det vil òg bli arrangert fellesførelesingar i språkdidaktikk og minst tre timar undervisningsverkstad.
Emnet skal vere kopla til praksis i norskfaget i skulen.
Det er forventa at studentane er til stades på det meste av undervisninga og arbeider aktivt med lærestoffet. Organiseringa av undervisninga har det som utgangspunkt.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der det er aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Godkjent utkast til mappeoppgåve
- Leggje fram undervisningsopplegg på undervisningsverkstad
Studenten må vere til stades minst 80 % av undervisinga for å få emnet godkjent
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Semesteroppgåve på sirka 3000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Oppmelding til eksamen skjer samstundes med registreringa i byrjinga av semestret. Oppgåva skal leverast etter retningslinjer gjevne på Mitt UiB.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk. Eksamenssvaret skal skrivast på norsk, og studenten vel sjølv om ein vil skrive semesteroppgåva på nynorsk eller bokmål.
Som ved alle skriftlege eksamenar i nordiskfaget vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Pensum tilsvarer ca. 500 sider av normal vanskegrad. Av desse eit utval sider sams for alle språkfaga.