Webdesign I
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- DIKULT105
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk ved behov
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Oppmeldingsfristen for dette emnet er vanlegvis før den ordinære fristen 1. september. Detaljar for neste semester blir publisert i StudentWeb. Du kan melde deg opp til emnet på https://studentweb.uib.no.
Emnet er ei innleiing i praktisk og interaktiv koding i Digital kultur, noko som inneber webdesign og appdesign innanfor områda webdesign, moderne interaksjonsdesign og Human Computer Interaction (HCI). Det er også ei innleiing til teoriar i desse områda som handlar om skaping av digital kultur. Emnet inneber analytiske aspekt, estetiske aspekt og kodingsmessige aspekt av design for interaktive digitale plattformer.
Det analytiske aspektet inneber at studentane trener på kulturell og/eller teknologisk analyse av interaktiv web- og mobilteknologi. Det estetiske aspektet inneber at studentane trener på å forstå og nytte digitale konvensjonar og teknikkar. Det kodingsmessige aspektet inneber at studentane trener på praktiske metodar for interaksjonsdesign i web- og mobilteknologi.
Emnet leier over til Dikult205.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar...
- om koding av multimodalitet for nettstader
- om grunnleggjande informasjon om kodespråk for web og/eller app
- om teoriar og konvensjonar i webdesign, interaksjonsdesign og/eller Human Computer Interaction
- om ulike måtar til å formidle eitt gitt innhald tilpassa ulike brukargrupper
- om kreative teknikkar for koding
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- lage ei side med multimedie-innhald
- bruke teoriar og konvensjonar til praktisk og kreativt arbeid
- analysere design-grep og estetikk i digital interaksjon
- skrive ein kritisk rapport rundt praktisk arbeid
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- organisere gruppearbeid og forhandle om oppgåver og strategiar
- sjå kritisk på web-basert praktisk arbeid
- diskutere og forsvare eige arbeid
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- organisere gruppearbeid og forhandle om oppgåver og strategiar for å produsere eit best mogleg felles resultat
- sjå kritisk på eige og andre sitt arbeid
- presentere og forsvare eige arbeid for ei større gruppe under tidspress
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Emnet inneheld forelesningar, og kan også inkludere obligatoriske seminar og labøvingar.
Studentane kan bli inviterte til relevante gjesteforelesingar og arrangement i regi av Digital kultur.
Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Fråværet kan ikkje overstige 25%. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.
For å kunne gå opp til eksamen må studenten levere obligatoriske oppgåver om lag annakvar veke i semesteret. Nokre av desse kan gjerast i grupper om læraren godkjenner det. Oppgåvene inneber skriftleg arbeid, praktisk arbeid og/eller presentasjonar.
Vurderingsformer
Studenten skal byggje opp ei mappe som dannar grunnlaget for vurderinga.
Mappa skal innehalde praktisk arbeid og ein akademisk analyse på om lag 2000 ord av det praktiske arbeidet i samsvar med eit særskild tema.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan nytte og vise til kjelder på andre språk.
Litteraturlista (dersom ho er klar på førehand) er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart. Bøkene vil vere tilgjengelege på Akademika eller nedlastbare som ebøker før og gjennom semesteret.
Vi forventar at studentar sjølv gjer seg kjende med relevant akademisk stoff og moderne praktiske teknikkar gjennom å følgje bloggar, nettstader og samlingar.