Kritiske perspektiv på teknologi og samfunn
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- DIKULT106
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk ved behov
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet gir ei innføring til kritisk analyse av historiske, kulturelle og normative sider ved informasjonsteknologien. Emnet er delt i modular med kvar sine tema som vil variere frå år til år. Mogelege tema kan mellom anna vere digital overvaking, identitet på nett, kjønn og teknologi, nettbruk i globalt perspektiv, etikk i eit digitalt samfunn, sjølvrepresentasjon i digitale medium.
Dette emnet er eit fundament for vidare studium innan dei kulturelle og samfunnsmessige sidene ved teknologi.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten har kunnskapar...
- om ulike humanistiske tilnærmingar til analyse av teknologi i samfunnet
- om korleis den digitale kulturen påverkar vår forståing av oss sjølv og kvarandre
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
- gjere sjølvstendige vurderingar av kulturelle, normative og sosiale sider ved og konsekvensar av informasjons- og kommunikasjonsteknologien
- argumentere for eit standpunkt i etiske og normative spørsmål om teknologi med heimel i faktakunnskap og forsking
- analysere aspekt ved kulturelle fenomen, inkludert å kjenne att og reflektere rundt eigne meiningar og fordomar
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
- skrive analytiske tekstar med utgangspunkt i reglar og normer for akademisk skriving
- medverke til moderne fagleg diskusjon i fagområdet
- bruke kjelder i samspel med eigne refleksjonar til å utvikle argumentsasjonsrekker
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingane er studentaktive, og vil som oftast vere ein kombinasjon av korte foredrag frå forelesar, diskusjonar i smågrupper, presentasjonar av gruppearbeid frå studentane, plenumsdiskusjonar, skriveøvingar og praktiske oppgåver.
Studentane kan bli inviterte til relevante gjesteforelesingar og arrangement i regi av Digital kultur.
Om det melder seg færre enn fem studentar til emnet, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk oppmøte for alt undervisninga femner om. Kursdeltakinga blir godkjend av emneansvarleg. Fråværet kan ikkje overstige 25%. Studenten kan ikkje gå opp til eksamen utan å ha oppfylt dette kravet.
Det er vanleg med tre større obligatoriske oppgåver i DIKULT106. Desse kan vere innlevering av skriftlege tekstar, gruppearbeid, fagfellevurdering og/eller å lage digitalt innhald. All aktivitet må vere godkjend før studenten kan ta eksamen.
Alle oppgåvene må takast i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Studenten skal byggje opp ei mappe som dannar grunnlaget for vurderinga.
Mappa skal innehalde to akademiske essay, kvart av dei på om lag 2000 ord. Aktuelle tema speglar læringa og innhald frå emnet. Begge må vere greidde, og begge har same vekt i vurderinga. Det blir gitt berre éin karakter på heile mappa.
Studenten kan skrive på norsk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Vi nyttar bøker og artiklar som vil vere tilgjengeleg i bokhandel, i digitalt kompendium eller som er fritt tilgjengelege på nett. Videoopptak av foredrag på nettet eller dokumentarfilmar kan også vere på pensum, og då vil dei anten vere fritt tilgjengelege på nettet eller bli vist i undervisinga. Studentane må også rekne med å bruke tid på å gjere seg kjende med biblioteket for å gjere eigne litteratursøk.
Alt materiale er i utgangspunktet på engelsk. Studentane kan nytte og vise til kjelder på andre språk.
Lista over obligatorisk og tilrådd fagstoff, så langt dette er kjent på forehand, er tilgjengeleg på Mitt UiB før semesterstart og vil bli oppdatert ved behov.